Sider

onsdag 19. oktober 2011

JIPPI!!

I fjor vinter fekk Nøstebarn inn hettejakkar i ullfrotte til vaksne, også kalla joggejakke. Me ville endre litt på snittet og leverandøren laga ein prøve på endra snitt. Dei lagar ofte vareprøvane i stoff dei har liggande og joggejakka hadde dei laga i svart ullfrotte med grå overlock-saumar. SUPERFIN! (no høyrer det med til historia at det nokon som har gått og ønska seg svart ullfrotte.) Eg tilbaud meg å prøve jakka på og den sat som eit skudd. Dei andre på varemøtet såg nok stjernene i augene mine, for dei sa eg kunne behalde jakka.

Eg budde i jakka resten av hausten. Svart passar jo til alt og svart ullfrotte er berre smashing fint (for å bruke eit godt nynorsk uttrykk). Så kunne historia ha enda der, men neida. Frøken Effektiv skulle berre setje på ein maskin med ullvask i det ho var på veg ut dørane til foreldremøte. Dessverre gløymde ho å velje program og då vert det 60 graders kokvask.

Ein heil maskin med ullkler øydelagd. Små harde klumpar i staden for mjuke gode ullplagg, men det aller verste var jo hettejakka. Og ikkje var det nokon å kjefte på heller (ofte godt å få det ut, sant!?) 

Aldri meir svart hettejakka i ullfrotte.

Men gitt kva Nøstebarn har fått inn på lager: Hettejakke i svart ullfrotte med tilhøyrande bukse. I morgon tidleg reiser eg til Bergen og der ligg det eit sett og ventar på meg.

JIPPI seier eg berre


Hettejakke i ullfrotte


Joggebukse i ullfrotte
JIPPI

12 kommentarer:

  1. Dette ser ut som en julegave!

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Herlig! Jeg har jakka fra i fjor, og elsker den! Spørs om ikke det blir en i år og, og med bukse til!

    Har noen av damegenserene også, og på bildene ser det ut som de i år har mer fasong, stemmer det?

    SvarSlett
  4. I love it! I´ll have it on my Christmas wish list for sure! It is darn cold here in Norway! (",)

    SvarSlett
  5. Ydet er kome bukser til lilla og jeansblå bukse også altså.
    Når det gjeld dametrøyene er dei ikkje innsvinget, men går rett ned som før.

    SvarSlett
  6. Jeg kjøpte min sorte for fire dager siden....den sitter som et skudd ja, og jeg bor allerede i den. og det kommer fra en dame som har forsverget seg på å aldri gå i joggeklær! Nå må jeg finne kjoler og skjørt som passer til jakken :D
    Dessuten m å jeg nok ha buksen også.
    Fantastisk plagg!

    SvarSlett
  7. DIGGER at dere har fått inn kosebukse altså! Ivrig som jeg var tok jeg turen inn i prøverommet, satt som et skudd og føltes helt super, bortsett fra i livet der alt bare ble klumpete pga den smale strikken i forhold til det store hulrommet med stoff. litt skuffet ja :( lov å håpe på forbedringer?

    SvarSlett
  8. Jeg elsker min brune. Kommer det brune bukser??

    SvarSlett
  9. Den ser bare helt fantastisk ut! Må vel ha både jakke og bukse etterhvert.

    MEN, hvordan er de på str? Jeg bruker str L til vanlig...

    SvarSlett
  10. No har eg fått buksa og jakka på. Eg er også ein L og valde str 42/44. I jakke og 46/48 i bukse. Eg likte løysinga i livet, men eg er heller ikkje tilhengar av tjukk strikk. Eg skal høyre litt rundt kva andre meiner. Kom gjernemed tilbakemeldinger.
    Buksene kjem i dei same fargane jakkane er i denne sesongen : lilla og jeansblå.
    Helsing happy Kathrine på hotell i Bergen

    SvarSlett
  11. Dette må jo bare bli årets julegaveønske!!!!

    SvarSlett
  12. Fantastiske plagg! Så lette, mjuke og fine! Koser meg med ny jakke og bukse i lilla. Vil helst ikkje bytte til andre klede nå. Bruker til vanlig str small og buksa i str 34/36 passer perfekt. Eg synes strikken i livet fungerer fint, men strikken kunne sikkert vore breiare. Takk for herlige plagg, -dette kan anbefalast!

    SvarSlett