Det første innlegget må nesten handle om det eg held på med akkurat no og det er rigging til julemesse.
Eg elskar julemesser. Prøver å besøke så mange eg kan kvart år. Det er noko med stemninga og så er det så flott å sjå og kunne kjøpe handlaga ting. Blir så lei av alt det masseproduserte som er rundt alle veiar. Inspirerande å sjå alt det fine andre lagar. Har sjølv deltatt på Bygdøy og Blå i Oslo, Designernes julemarked i Kristiansand og Randesund Lysstøperi sin julemarknad. Denne hausten har eg hatt 4 verkstad-kveldar i Hånes kyrkje, der me har laga tøflar, nissar, englar og brosjer. Det har vore kjekke og inspirerande kveldar. No er det spennande å sjå om tinga sel også. Messe på laurdag kl 11.30-18. Legg ved nokre bilete til inspirasjon!
Nissane er frå Brukt på nytt og sydde av mellom anna
avlagte Nøstebarn-klede.
Tøflane er mønster Brukt på nytt og sydde av godt tova ullklede.
Sydd for hand.
Dei hekla blomebrosjene er oppskrift etter Strikk til nøstebarn. Limte på perlene med limpistol på grunn av dårleg tid. Vanskeleg å få til å halde,
så neste gong skal eg sy dei fast.
så neste gong skal eg sy dei fast.
Disse brosjene er klyppt ut av veldig tjukt tova ullstoff etter mal
frå "Brukt på nytt". Har sydd på strass frå Stoff & Stil og litt fløyelsband.
Englane er også eigen ide. Har laga dei med streng, perler
og tyll til vengjer.
Gratulerer med ny blogg! Jeg legger meg til som følger, og gleder meg til å se hva som kommer her fremover. Kjempebra med hjemmelagede/gjenbruk tips:)
SvarSlettSå flott med nøsteblogg, nøstebarnfan som jeg er. Kommer til å følge med her
SvarSlettVelkommen og gratulerer med koselig blogg, gleder meg til å følge med - Nøstebarn e storfavoritt av meg allerede!!!
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettBare surr med meg...men fant visst ut av det:)
SvarSlettVelkommen til bloggverdenen, det var på tide! :) har brukt boken Strikk til Nøstebarn mye, den er en kjær klassiker i strikkebokhylla hjemme.
SvarSletthilsen Ufostrikk
http://ufostrikk.blogspot.com
Så kjekt at det kommer nøstebarnblogg :)
SvarSlettJeg venter mitt første barn og har allerede handlet en del varer på nøstebarn. Har også skaffet meg boken "strikk til nøstebarn" og masse deilig garn. Så her strikkes det om dagene:) Gleder meg til å følge med videre på bloggen ! Hilsen Anne
Hei!
SvarSlettGratulerer så mye med nøstebarnblogg!
Jeg er stor fan av ullklærne, garnet og bøkene, dette blir spennende :-)
Gratulera med ny blogg!
SvarSlettEg er stooor Nøstebarn-tilhengjar, så gledar meg til å følge med her :) Velkomen til bloggverda! :)
Takk for tilbakemeldingane! Trur nok eg får litt dilla på dette.. Ville berre koma med ein liten rapport frå korleis messesalet gjekk: Veldig fornøyd. Selde alle 80 nissane, mange brosjer, nesten alle englane, ein del tøfler og bamasane vart vekke i løpet 2 min. Mykje folk og god stemning. Akkurat som det skal vere på ei julemesse. Sliten og glad skal eg sitte i sofaen og hekle på det som skal bli neste blogginnlegg.
SvarSlettJippi. dette var gøy.
SvarSlettlurer litt på hvordan tøfflene sitter på foten. har du et bilde av det? For bare en time siden satt jeg i badekaret og leste - brukt på nytt. hehe. ble da inspirert til å tove noe gammelt ull, og så kommer jeg over dette inlegget. Dette må jo være et tegn:)
Absolutt eit teikn, Kathrine!
SvarSlettTøflane sit veldig godt på foten. Det er bilete av det i boka. Eg ser at dersom ein syr saumen langt ute, så kan dei bli litt vide. Og så er dei kanskje litt store i størrelsen? Lykke til!