Ofte er det slik at ting først kjem til vaksne for dekke deira behov og så seinare kjem det i mindre utgåve: Til dømes skinnjakkar, lenestolar, jeans og diverse andre moteplagg. Det er ikkje alltid like heldig for ungar er ikkje ei miniatyrutgåve av vaksne. Det som fungerer supert i eit kontorlandskap er ikkje like glimrande i bruk i barnehagen.
For nokre veker sidan fekk me inn ribbukse til vaksne og eg kom då til å tenkje på dette: At i Nøstebarn er det omvendt. Me vaksne ser kor herleg det ser ut å ha eit slik eller sånn plagg og så spør me "Kvifor ikkje?"
Mange av våre varer til vaksne har kome til etter at kundar eller ansatte har instendig bedt om å også få ta del i dei gode tinga.
Ja så då vart det ribbukse til vaksne då; like god og varm for oss!
Her er bilete av den som kom fyrst, nemleg barneutgåva. Me har dei no i 10 ulike farge- og stripekombinasjonar. Mine ungar har helst gått i dei både inne og ute. Ser jo veldig godt ut (og gir lite klesvask..)
Til Ingebjørg strikka eg mykje ribbukser, men gjekk over til "kjøpebukser" sjølv om eg aldri hadde trudd eg skulle det.
Eigentleg kan ein ta alle varene me har til vaksne og finne opphavet i barnekolleksjonen:
Etter å ha vore misunnelege i mange år på ullpysj fekk me nattkjolar i Ull/Silke til vaksne -og pysjbukse
Etter å ha sett kor godt det er med gode huer både i kulda og i overgongen mellom sesongane, ville me og ha. Ja så tok me inn ei tjukk og ei tynn lue til vaksne.
Etter å ha strikka mange eksemplar av det gode "Mor Signe teppet" og observert kor godt det ser ut å ligge inntulla i eit teppe i bilen, på sofaen, ute, inne..
Oppskrift 1904 (+ Strikk til nøstebarn)
..fekk me laga oppskrift i same pinnenummer og garn som er like godt som babyteppet overalt det vert brukt. Her strikka i restegarn.
Oppskrift 1926 (+ Strikk til nøstebarn)
Og kvifor ikkje? Kler som fungerer til born er også heilt supre til vaksne: Det er mogeleg å vekse, ha høgt tempo, bevege seg og ha jevn temperatur :-)
Nå når jenta mi har slutta å bruke babyteppet sitt så mye, bruker jeg det som sjal. Det er varmt om skuldrene og gir koselige minner fra tida da lillemor var en liten baby :-)
SvarSlettHar hørt at det skulle komme ribbukser for voksne, de skal jeg sjekke ut.
Å hurra!Har ofte tenkt på å strikke meg en ribbukse,men det har liksom vært et litt for stort prosjekt.Kjempefint at det kommer for salg!Ungene mine bruker sine hele tida,og jeg har vært litt sjalu på dem:)
SvarSlettENDELIG!
SvarSlettJeg har nøstebarn-leggingsene til voksne, som jeg har dratt opp så langt det går.. Men er fortsatt kald på stumpen og har savnet en ullribbebukse til voksne. YES! Jeg gleder meg til å kunne flytte inn i et par ullribbebukser:)
gjett om, her har jeg også gleda meg til ullribb-bukse til voksne.. ungene har to par hver, og bor i dem fra høst til vår... og mora har vært skikkelig misunnelig... <3
SvarSlettUllribbebukse er innkjøpt : herlig!!:D Nå venter jeg på at flere av plaggene skal komme i voksenstørrelse, og ikke minst flere farger - jeg vil også ha en rosa ullfleecelue, og gjerne kjoler og bukser også ;-)
SvarSlettVigdis Alice
Hei, så artig å finne bloggen deres :-) Har skal jeg jaggu følge med! Hilsen Helga Sofie
SvarSlettSå herlig med ribb til voksne! Helt topp nå med alle kjoler og tunikar i motebilde. Jeg önsker meg brune : )
SvarSlett