Sider

onsdag 30. mars 2011

Vinnar av Silkeull og tips om hekla lue

Takk for alle kommentarane på innlegget Feirar 100 000 med Silkeullpremie. Gav meg mange gode idear og eg vart heilt rørt av den gode tilbakemeldinga. I alle fall:  vinnaren er trekt og det vart:


Beate sa:
Gratulerer med gode besøkstall. En flott blogg dette her. Månedstema er flott, men kjekt med noen andre blogginlegg innimellom. Inspirasjon og gode tips er alltid velkommen . 22. mars 2011 20:21 

Beate har forresten ein blogg som heiter Beates englestrikk.

Gratulerer, Beate! Send meg ein e-post på kathrine@nostebarn.no me kva fargar du vil ha på Silkeullgarnet, så er det snart på veg i posten til deg. Så ynskjer me lukke til med strikkinga! Kankje får me sjå resultata på bloggen din eller du sender meg ein e-post eller link?

Gullpost:
Eg får ein del e-postar i løpet av dagen og av og til kjem det "gullpost": Venninner, kollegaer eller andre som sender meg ein link eller eit bilete av noko dei har laga. Det er så kjekt og særs inspirerande.  For nokre veker fekk eg gullpost av Gry og eg måtte høyre om lov til å dele med dykk:




Gry har hekla lua på biletet og sydd på køyrety av gamle ullklede. Både sonen og ho er nøgd med resultatet. Ho har brukt dobbelt 3-tråds Merinoull og heklekrok 6. Begynte i toppen og hekla nedover og hadde ca 50 fastmasker på runden når ho slutta og auke og hekla nedover. Lua er hekla i farge 74 Gressgrønn.


Eg måtte jo sjølvsagt prøve å hekle denne fine lua. Eg veit ikkje om det er eg som heklar litt stramt, men eg fant ut at heklekrok nr 7 var betre til meg. Starta med 5 luftmasker og laga ein ring av det. Hekla 7 fastmasker i ringen. Hekla rundt og rundt og auka etter behov. Slutta å auke då det var 60 fastmasker på runden og då vart den akkurat passe til Ingebjørg på 10.

Eg har hekla i fargane 21 Bringebærød, 42 Klar Lilla, 31 Rosa og 35 Petunia. Eg har ikkje laga oppskrift på denne lua, men det var ikkje vanskeleg å få til på "augemål". Gry er nybegynnar på "luefronten" så det er vel muleg å få til for fleire nybyrjarar?


 Og så til slutt kan eg leggje til at i dag har eg nytta Mamma sitt triks:

    Mamma er svært glad i blomar og ho hadde store blomebed mange stader i hagen. Når til dømes tulipanbedet stod i full blomst kjende ho for å ta bilete av herligheita. Men dette var andre tider der film var begrensa vare og ein kunne liksom ikkje skusle vekk bilete "berre" av eit blome bed. Me ungane vart derfor kommandert til å stå i enden av bedet og Pappa knipsa. Så mange bilete eg har i min album frå barndomen er slik: eg i enden av eit stort blømande bed :-)

    Sjå der! Eg fekk vist fram mitt vårbed som består av krokus, tulipanar og snøklokker. Eg kan ikkje skryte på me å ha planta ein einaste av laukane, for det har dei tidlegare eigarane av huset gjort. Eg berre NYT det, eg!

    Håpar våren er kome der de er og om ikkje er han vel rett om hjørna? 

12 kommentarer:

  1. Gratulerer til den heldige vinneren! De gode tilbakemeldingene er vel fortjent, finner mye nyttig her inne!
    Fin lue :-)

    SvarSlett
  2. Ååå så langt våren har kommet hos deg! Her er det fortsatt ski og akeføre selv om det nå har tint inntill husveggene...
    Gratulere til den kjempeheldige vinneren! OG enig med personen over at skrytet over bloggen er vel fortjent.
    Luene var kjempefine :)

    SvarSlett
  3. Å vilka fina mössor och så fint namn på bloggen.

    Kram Linda Nösterud

    SvarSlett
  4. Grattis til Beate! =)
    Dette var fine luer ja.
    =) Misemor

    SvarSlett
  5. Så fine luer! Fins det oppskrift? ;)

    SvarSlett
  6. Vil veldig gjerne ha oppskrift på de flotte luene! :D Selvom det nå er vår, så fikk jeg lyst til å lage en med en gang :)

    SvarSlett
  7. Likte veldig godt dekoren på den grønne lua, har tenkt litt på hva som passer som guttedekor :)

    SvarSlett
  8. Fine luer - har dere oppskrift til den her?

    SvarSlett
  9. Kjempefine luer! Tror sønnen min på 2 ville blitt glad om han fikk en sånn. Kanskje den bør inn på lista over fremtidige prosjekt??? :-) sku ønske eg var litt kjappere t å strikke og hekle og at døgnet hadde flere timer...holder på å strikke et buksebein for tiden. Går litt tregt. Synes det å strikke m 4 (eller 5 da) pinner e litt vanskelig. Blir fort litt løst mellom pinnene. Noen tips?

    SvarSlett
  10. Heisann! For denne lua holder det m døgnets nåværende timer:-) Sett av en kveld til lua og en kveld til dekor etter ønske, så er du i mål !! Og tusen takk for koselige kommentarer på siden, ordentlig koselig for en "lueheklenybegynner" :-)

    SvarSlett
  11. Flotte luer! Takk for idèen...
    Endel år siden jeg hekla sist, men dette skal jeg prøve...

    Henta ei pakke fra Nøstebarn i går- alltid like kjekt! Alltid fornøyd med innholdet! Tenk hvis postkassa inneholdt en pakke fra Nøstebarn hver dag!!!

    Kjøpte 2-tråds garn i skifer, petunia og breblå (...det heter turkis på garninfoen... men det ER jo breblå... )
    Disse nydelige fargene gleder jeg meg til å lage noe fint av! Hovedprosjektet blir en tunika med hette og magelomme, matchende ullribb-buksa med samma farger. Det blir nok garn til en lue også ;)

    SvarSlett
  12. Fantastisk! Nå ble jeg glad! Mail kommer, og ressultatet blir helt sikkert blogget :)

    SvarSlett