Dette er innlegg to om Mor Signes Babyteppe. Takk for alle fine kommentarar på førre innlegg. Kjekt å høyre at de er strikkar i veg og er nøgd med teppene. I dag er temaet kantar. Det kan vere greit å hekle ein kant på teppene, både for dekoren si skuld og for å få ein sterkare kant. Det er viktig å ikkje hekle kanten for stram, for teppet er jo laust strikka og veldig laust strikka. Bruk derfor heklekrok nr 3,5-4.
Dei teppene som er strikka på skrå får ei fin holrad langs kanten, så dei treng ikkje heklekant!?
Teppene som ein strikkar fram og tilbake er det fint med ein musetaggkant. Første rad heklar du fastmasker og på den neste ein picotkant: 3lm, 1 fm i 1. lm, hopp over 1m, 1 kjm i neste m.
Kanten kan heklast i same farge som resten av teppet eller ein kan hekle rad 2 i kontrastfarge.
Dersom ein vil ha rundare taggar kan ein hekle slik: 4 lm, 1 halvst i 1. lm, hopp over 1m, 1kjm i neste.
Ein kan også strikke kant på samstuned som ein feller av. Dette gjeld jo berre på ei side, så ein må då ta opp masker på dei 3 resterande. Du finn video på korleis du gjer dette her.
Teppe i farge 42 Klar Lilla: Dersom ein vil ha større blonde på teppet kan ein hekle kanten slik:
1.rad: 1fm i kvar omg/m.
2.rad: *(1st, 1lm) 4gonger + 1st i den 3. neste fm, 1kjm i 3.neste fm*. Gjenta *-*.
Dersom ein vil ha ein enklare kant kan ein berre hekle 1-2 rader fastmasker. Dersom ein vil hekle i kontrastfarge vert det best resultat dersom ein heklar ei rad i same farge som teppet først.
Teppet er strikka i farge 51 Lys blå og kantane er i 72 Lys Oliven og 54 Jeans. Du kan sjå oversikt over alle fargane i 2-tråds Merinoull her.
Spesielt det siste synes jeg var veldig fint! Jeg holder på med et skråstrikket teppe i fargen jeans. Synes absolutt det gjør seg med en kant selv om teppet er skråstrikket.
SvarSlettÅ så fine :-) herlige farger!!!
SvarSlettSå fine :) Takk for tips :)
SvarSlettTusen takk for gode tips! De var fine! Jeg har pleid å lage musetaggkant på teppene, men på forrige teppe heklet jeg "blondekant":
SvarSlett1.omg: fastmasker
2.omg: 1lm, 1kjm i 1.fm fra forrige omg., *6lm, hopp ca 1 cm frem, kjm i fm fra forre omg*. Fortsett fra *-*. Det er både enkelt og fint:)
Hei, så fint med tips! Jeg holder på med et "junior-teppe" (rett-strikka mor-Signe med 3-trådsgarnet deres). Hvilken heklenålstørrelse anbefales til å hekle kant med da?
SvarSlettHilsen Susanne
Hei!
SvarSlettJeg holder også på med et teppe. TO bunter ser ut til å bli ca 1X1m. Jeg tenkte å lage musetaggkant. Hvor mange gram går med til det?
Mvh
Siri
Susanne: Til teppene i 3-tråds kan du bruke heklenål 4,5-5.
SvarSlettSiri: Eg pleier halde av ca 10 gram til musetaggkant. Kjipt å få for lite og det er greit å ha litt ekstra dersom teppet på bøtast seinare.
Det siste lyseblå teppet var nydelig! Herlige kantfarger!
SvarSlettHei!
SvarSlettHar nett lagt ut bilder av baby-teppet eg strikka i sommar, på bloggen min! Det er strikka i herleg nøstebarn-garn og som ekstra pynt i eine hjørna,hekla eg bilar som eg fann oppskrift på i Brukt på nytt-boka! Takk for inspirasjonen Kathrine!
hvor mye garn til "blonde" hekling rundt teppet ? :)
SvarSlettHei Anonym. Det kommer helt an på hvor stor blonde du vil hekle. Til en vanlig picot-/musetaggkant trenger du ca 10-15 gram garn. Karoline i Nøstebarn.
SvarSlett