Dette er det andre innlegget i mimreveka vår. I januar var "Restegarn" tema her på bloggen. Januar er månaden då lommeboka er skrapt og alle er full av gode forsett. Eit av dei kan vere at ein skal slanke restegarnlageret sitt. I januar hadde me derfor fokus på korleis me kan få brukt restegarn. Eg la ut fleire oppskrifter denne månaden:
|
Så introduserte me "Nøsteblogg live" der eg viste teknikken på ein filmsnutt. Innlegget om korleis ein strikkar supertrendy armband finn du her. |
Domino er ein god måte å få brukt opp mange smånøster. Ein strikkar rutene saman etter kvart og slepp den keisame jobben med å sy saman rutene. Les meir om dette og oppskrifta
her.
|
Eg fekk montert alle lappane eg hadde liggande i løpet av januar. Fekk tips om ein lur måte å hekle dei saman på. Les meir om dette her. |
|
Så kom laga eg oppskrift på volangsjal som vart ny gratisoppskrift. |
Restejanuar var ein kjekk månad. Me hadde konkurransar der ein kunne vinne litt av mitt restegarn (!) og diskuterte striper og tekniske løysingar. Og det kom inn mange gode tips til gode prosjekt å bruke restegarnet på. Så har du eit garnlager å slanke veit du kor du kan lese for å få inspirasjon.
Hvor finner jeg oppskriften på det flotte sjalet og lur måte å hekle sammen lappeteppe? Disse var kjempeflotte.
SvarSlettTrykk på "Her" under teksten, under bildet av lappeteppet :)
SvarSlettMitt garnlager består ikke av så mye RESTER som det består av nøster og hesper som bare ikke er påbegynt....
SvarSlett