torsdag 20. januar 2011

Strikka armbånd

Korreksjon = kjedeleg sak
Eg byrjar med ei kjedeleg sak. Det er min store skrekk at det skal vere feil i oppskriftene. Årvakne Silkesauen oppdaga at det sto feil pinnestorleik oppgitt på Volangskjerf og sjal med volang. Det skal vere pinne 4 i staden for 5. No har eg strikka prøvelapp og det vert fint med pinne 5 og. men eg har altså retta opp både i Volangskjerf og på oppskrifta på Sjal med volang.

Strikk armband
Temaet på bloggen no i januar er restegarn og småprosjekt er glimrande til å få brukt opp dei bitte små restane. Mitt motto er at alt kan strikkast og sidan "reimarmband" er ganske poppis om dagen, tenkte eg at dei måtte vere flott i ull? Dei er jo ofte laga i skinn eller tekstil.
Det gjekk supert å strikke armband:
Dette er strikka i Silkeull i farge 90 Tinn og pinne nr 2,5. Lekkert?


Festa på noko dingeldangel frå eit par øyrepynt eg aldri brukar. Glasperla fungerer som "lås" og gårr akkurat i den hekla hempa.
Ein litt tøffare variant laga eg i 3-tråds Merino i farge 99 svart. (Framleis pinne nr 2,5)
Ordknapp frå Snella og Petronella fungerer som lås. Dette smykket vart betre og stivare enn det i Silkeull, men det går vel kanskje fint å legge inni eit band eller tjukk hattestrikk medan ein strikkar eller træ i etterpå?
Tenkjer at alle slags knappar eller perler kan vere lås eller pynt. Nokon har kanskje liggande utstyr til smykkelaging også? Kankskje kan det vere fint med ei stripe hist og her?

*klyppe*  *klyppe*
Eg har gleda av å opne "Nøsteblogg live". Frå no av kan eg lage video der eg demonstrerer teknikkar. (Takk til Kenneth, Herman og Ellen!) Fyrste video ut er korleis eg strikkar disse armbanda:



(Det skal nok bli betre kvalitet på filmane og eg bli meir stø på det etterkvart. Men det er då ein start!)

Strikka armband:
3-tråds Merinoull, 2-tråds Merinoull eller Silkeull frå Nøstebarn.
Pinne nr 2-2,5
Legg opp 4-5 masker (4m på 3-tråds og 5m på 2-tråds?)
*Skyv maskene til høgre på pinnen og strikk dei rett.
(Tråden skal liggje bak arbeidet)*
Gjenta frå *-* til armbåndet er så langt du ynskjer å ha det. Det strekkjer seg ein del i bruk, så pass på at det ikkje blir for langt. du kan lage det så langt at det går 1, 2, 3 eller fleire gonger rundt handleddet.
Dra tråden gjennom maskene og hekle ei hempe:
Hekle luftmasker til hempa er stor nok og fest med 1 kjedemaske i armbåndet.
Sy ein knapp/perle i andre enden av armbandet.
Vil du ha det jamnare, skyl du det opp før bruk.

Lykke til!

12 kommentarer:

Jorunn sa...

Det var jo kjempestilig:) Må testes!

Hilde sa...

De var fine! Må nok strikke noen sånne armbånd, ja :o)
Og så kjekt med videoklippet. Var litt usikker på det med tråden bak arbeidet hele tiden, men på videoen fikk jeg jo bekreftet hvordan det skulle være. Kjempelurt :o)

Randi Kristin sa...

god ide. men det må jo være så mye lettere med en strikkelise??

Aud Bjørhus sa...

Kjempefin idé - dette skal jeg også gjøre...;-)

Strikk og tøys sa...

Fin og informativ film - dette blir bra!

Anonym sa...

Takk for super ide, enkelt å forstå med video klippet. Takk!

Barbro sa...

Så kule de var!! En kjempe idè !! Ha ei fin uke :-)

Ingvild sa...

Med tynnere garn blir det kjempefint til snorer på jakker, luer og annet. Med en strikkelise blir snorene for tykke.

Oleiv Lene sa...

Genialt:o)

envriddverden sa...

Veldig lekkert og meget god idé :-)

Miriam ツ sa...

Tøft! Dette kan jeg og klare, så det skal jeg prøve på :)

✿ May-Liss ✿ sa...

Kvalitet, sier du? Dette var en glimrende introdusjonsvideo - lett å se og lett å høre deg, syns jeg.
Jeg har brukt strikkelise før, men nå skal jeg prøve denne metoden, og jeg tror at dette kommer til å bli min favorittmetode. Tusen takk!