onsdag 26. januar 2011

Varm puls / Fyrierma

Pulsvarmarar er ikkje berre til pynt. Om ein frys er det berre å ta på pulsvarmarar. Dei er er glimrande dersom ein har trøyer eller jakkar som er litt korte på erma. Eg bruker dei mest når eg sit ved pc'en og arbeidar. Godt å ta dei på når det er litt kaldt på kontoret og eg blir kald av å sitje i ro.
Eg er eigentleg ikkje noko vottemenneske for eg vert så varm på nevane. Derfor bruker eg pulsvarmarar når eg går tur. Drar dei godt over nevane om eg er kald og drar dei opp når eg er varm. Supert!

Men sjølvsagt pyntar dei opp også ved sia av nytteverdien OG dei er glimrande restegarnprosjekt.

Fyrste par ut er ein modell der Maria har laga oppskrifta og dette paret de ser på biletet. dei er strikka i 2-tråds Merinoull og i farge 13 Mokka. Mønsteret vert danna rett og slett ved at ein rekkjer opp m på siste omgong.

Fyrierma frå Maria
(Fyrierma er eit uttrykk frå Hallingdal og sidan Maria har meir enn aner derfrå kallar med me dei det)
Ca 15 gram 2-tråds Merinoull. 
Pinne nr 2/ 2,5 (Man bør strikke stramt og på tynne pinner, da blir de mest spenstig.)
Legg opp 44 m og strikk glattstrikk fram og tilbake til de rekker rundt håndleddet. De strekker seg litt i strikkeretningen når de brukes, så ikke strikk dem for lange.( Det paret jeg har er 70 pinner.)
På siste pinne slipper du ned hver 5.maske på samme måte som på Opprekksjalet
Rekk opp disse maskene helt ned til opplegget.Til slutt sys de sammen langsmed opprekkskanten, slik at man får en pølseeffekt. De er finest hvis vrangen er ut, (?) pass på dette når du fester trådene. Se også til at trådene ikke festes der man skal rekke opp.

Minirekas puls
Her har eg strikka etter tips frå "minireka" som posta kommentar på det fyrste innlegget dette året. Dette eksemplaret er i barnestorleik og eg har skrive inn tala du skal legge opp i parantes i oppskrifta, sjå under!
 Mine kommentarar i grønt..

minireka sa...
Kjempefine pulsvarmere til voksne m nøstebarns 20 (10) gram  2-tråds Merinoull:

Legg opp 48-50 (38) masker på p 2,5 i en "bunnfarge". (mine vart rikeleg store med 48 masker.)
Strikk 4 omg. rett.
Skift farge og strikk en omg.rett.
Strikk 3 omg vrang, bytt tilbake til grunnfargen.
Gjenta til ønsket lengde og fell av.  Til dømes til du har 10 (5) "pølser".

Blir litt trekkspill-mønster av dette. Veldig dekorativt til hverdagstøyet og ser nesten litt ut som et smykke. :)
Kjempefint bare som "korte armbånd" også.

TIPS:
Eg synes det er vanskeleg å få det fint når eg strikkar vrangt rundt på strømpepinnar, så eg snudde arbeidet kvar gong eg skulle strikke vrangt. Då gjekk det "radigt". For at det ikkje skal bli hol kvar gong eg snur gjer eg slik:  Snu, ta ett kast på pinnen. Strikk siste siste maske på omg rett saman med kastet. Dersom du strikkar i fleire fargar må du hugse at du har den tråden du ikkje strikkar med liggande på vranga.
Eg måtte jo prøve eå strikke oppskrifta i einsfarga og. Her i farge 10 natur. (Mønsteret kjem betre fram enn eg fekk det fram på bilete..)

Så prøvde eg eit par der eg fekk rillene på langs. Sit smekrare (?) og ein nyttar den elastiske trekkspeleffekten slik at det sit betre på handleddet. Botnfarge 92 Naturgrå, Striper i 93 Skifer. Eg la opp 32 m og strikka 2 pinnar før eg strikka fyrste rilla.  Strikka 11 riller før eg felte av etter 2 pinnar glattstrikk. Sy saman.



Så til den enklaste enkle: Ribbestrikka saker er jo alltid bra saker. Her strikka i 2-tråds merinoull og farge 74 Gressgrønn, men 3-tråds er og fint.
Ribbestrikka pulsvarmarar
2-tråds Merinoull (3-tråds merinoull)
Pinne nr 2,5 (3,5)
Legg opp 52 (36) m på strømpepinnar.
Strikk rundt 2r, 2vr til dei er så lange du vil ha dei ( 16-20 cm?)
Fell av.

9 kommentarer:

Mirdiz sa...

Her var det mange fine pulsvsrmere, tror Jeg må prøve meg på noen av dem. Takk for at du deler oppskriften:)

Anonym sa...

hei,her var mange flotte pulsvarmere,må vist strikk meg et par til meg og jenta mi.takk for oppskriftene du deler her.

Frøken Sharazi sa...

Nå hadde jeg funnet meg en oppskrift på noen andre pulsvarmere, men så fikk jeg se dette! Tror jeg går for en av disse i stedet jeg! :-)

Vilje sa...

Så moro og se flere varianter av pulsvarmerne! Ang størrelser; Jeg bruker å strikke dem i tynn alpakka og på p 2,5, og da passer det fint med ca. 48 masker til voksne. Her kan man sikkert gjøre det på 100 måter. :)

Linda sa...

Bare en liten forespørsel... Du la ut en video i et tidligere innlegg, og i den forbindelse lurer jeg på om det er mulig å lage en video hvor du demonstrerer hvordan Nøstebarnklær faktisk skal vaskes. Jeg følger vaskeanvisningenenøye, men likevel er jeg ikke 100% sikker på om jeg gjør det på den beste måten. (Hva betyr egentlig å kryste plagget???) Hadde vært nyttig med en sånn link på Nøstebarns egen nettside også...

Kathrine Gregersen sa...

Linda: Det er ein veldig god ide! Eg har mange planar om ting eg skal få på video. (Skulle ønskje døgnet hadde fleire timar..)
I februar er bruk og stell av ull, så bør få det med der.
Når det gejlder å "kryste" er nok det eit begrep som kanskje få kjenner. Det vil sei at du ikkje skal vr eller gni, men at du skal trykke lett som når du knar lett i ein deig? Nokon som har betre forklaring??
Her er forklareing frå nettet: kryste ( v1) ['kɾystə] klemme svært hardt, presse
MEN det er ikkje heilt det me tenker på. Poenget er at me ikkje må arbeide for hardt med ull i vatn for då kan dei tove.

Anonym sa...

De med to gråfarger var utrolig tøffe, slike skal jeg prøve en gang!

Anonym sa...

Vanskelig valg nå, med så mye fint. Kanskje bare begynne på toppen og teste alle??!

Anja sa...

Mange gode tips på flotte pulsvarmere. Det er så enkelt og ser så utrolig bra ut :)
Jeg synes at Nøstebloggen var en knallidé!