Fargekart som viser alle garnfargane. |
Som mange skreiv i kommentar til innlegget ”Fleire ting å slanke” kjem ein ikkje utenom at det å strikke striper er ein glimrande måte å få brukt opp små og store restar på. Eg er veldig glad i striper og helst i sterke fargar. Kosar meg med sitje å tenkje på kva farge som skal bli neste stripe og kor breid den skal bli. Ofte er det fint å ta med nokre ”stygge” eller sure fargar som livnar opp.
Ofte er det greitt å planlegg plagget litt. Lage ei skisse på kva fargar som skal vere kor og sjå etter kor mykje garn ein har i kvar farge. Det er jo ikkje ukjent at ein av og til må kjøpe meir garn for å få plagget ferdig og så sit ein att med meir restar. Fenomenet er kjent som ”Restegarnets forbannelse”
Foto: Tove Breistein Dette biletet av prøvelappar er frå Brukt på nytt der det står mykje om bruk av restegarn og oppskrifter på kva ein kan bruke det til. |
Ein fin måte å sjå kva som kan fungere er å prøve ut stripene på førehand. Strikke ein liten lapp eller lage ein ”vikleprøve” før oppstart. Vikleprøvar laga me hadde då me hadde vev på Husflidsskulen i hine harde dagar, men dei fungerer like godt til planlegging av strikkeplagg. Det går mykje raskare enn å strikke lapp. Eg har brukt vikleprøvane mykje både til planlegging av strikkeplagg og Nøstebarnplagg som skal setjast i produksjon.
Surr tråd rundt ei papp-bit. Eg synes det er går raskt om eg har ein bit med dobbeltsidig tape på baksida. Då festar alle trådendane seg der. Men det er ikkje avgjerande. Det går også an å klyppe små hakk langs kanten som du festar endane i. Tape, lim eller knyt dei fast etter kvart. Det som tel er at du prøver ut ulike fargar og stripebredder for å sjå kva som fungerer. Har du funne noko som fungerer kan du la dette vere rapporten som du gjentek plagget gjennom. Det er greit å finne ut kva som fungerer på ein prøve i staden for når plagget er ferdig.
Stripekalkulator: Om du treng litt innspel på stripekominasjonar finn du ein genial "stripekalkulator" her. Legg inn kva fargar, kor mange omgongar stripene skal vere på og kor mange omgongar totalt. Er du ikkje nøgd med fyrste forslag trykker du F5 og så kjem det opp eit nytt forslag.
Konkurransen held fram: Klikk her, så kjem du til måndagens innlegg der du kan lese om konkurransen og poste ein kommentar.
Stripekalkulator: Om du treng litt innspel på stripekominasjonar finn du ein genial "stripekalkulator" her. Legg inn kva fargar, kor mange omgongar stripene skal vere på og kor mange omgongar totalt. Er du ikkje nøgd med fyrste forslag trykker du F5 og så kjem det opp eit nytt forslag.
Konkurransen held fram: Klikk her, så kjem du til måndagens innlegg der du kan lese om konkurransen og poste ein kommentar.
7 kommentarer:
Restegarnets forbannelse kjenner jeg til! Vikleprøver var lurt - det har jeg nok hørt en gang for lenge siden, men glemt. :-)
Jeg lurer i grunnen på hva som er den mest effektiv måten å strikke restegenser (eller bukse) på - strikke bolen først og så parallellstrikke ermene for å sikre seg at en ikke går tom for en farge før en begynner på neste erme? Finnes det noen lur måte å dele garnet på hvis en har nøstet de opp (altså ikke kan parallellstrikke hver ende av garnet?)
Stine: Om du veier garnet har du jo en viss pekepinn på hvor mye det er igjen.
Stine: Tipset frå marie om å vege garnet var lurt ellers så er det jo muleg å rett og slett ikkje strikke erma like. Eg held på med 2 restegarnsgensrar no der eg ikkje har erma heilt like. (Det sit langt inne, men blir veldig fint.)
Jeg rammes stadig av restegarnets forbannelse, det er muligens derfor garnlageret øker :)
Vikleprøvene var jo superdekorative!
Smart med vikleprøver, det har jeg ikke tenkt på! Jeg holder på med en tunika i restegarn av diverse lilla-nyanser nå, der neste stripe blir til i tankene mens jeg strikker..neste gang skal jeg lage vikleprøve:-) Det er moro å strikke striper! Skulle ønske det var mulig å kjøpe restegarn jeg, har bestilt to nøster til en ensfarget genser, men vet det er dødskjedelig å strikke ensfarget glattstrikk - så jeg tror jeg må legge inn striper selv om det ikke sto på 6 åringens ønskeliste;-)
Hei. Jeg synes bloggen er veldig inspirerende og gir meg mange gode ideer :) Men jeg lurte på om det var mulig å gjøre en endring på utseendet. Jeg synes det er vanskelig å lese teksten siden bakgrunnen er gjennomsiktig. Det hadde vært bedre hvis bakgrunnen var hvit, da blir kontrastene større. Takk :)
Hei, Anja!
Kjekt å høyre at bloggen kan inspirere!
Me har også oppdaga at bloggen er litt reig å laste inn og vanskeleg å lese pga transparent bakgrunn. Det skal me få fiksa snarast råd!
Legg inn en kommentar