onsdag 30. mars 2011

Vinnar av Silkeull og tips om hekla lue

Takk for alle kommentarane på innlegget Feirar 100 000 med Silkeullpremie. Gav meg mange gode idear og eg vart heilt rørt av den gode tilbakemeldinga. I alle fall:  vinnaren er trekt og det vart:


Beate sa:
Gratulerer med gode besøkstall. En flott blogg dette her. Månedstema er flott, men kjekt med noen andre blogginlegg innimellom. Inspirasjon og gode tips er alltid velkommen . 22. mars 2011 20:21 

Beate har forresten ein blogg som heiter Beates englestrikk.

Gratulerer, Beate! Send meg ein e-post på kathrine@nostebarn.no me kva fargar du vil ha på Silkeullgarnet, så er det snart på veg i posten til deg. Så ynskjer me lukke til med strikkinga! Kankje får me sjå resultata på bloggen din eller du sender meg ein e-post eller link?

Gullpost:
Eg får ein del e-postar i løpet av dagen og av og til kjem det "gullpost": Venninner, kollegaer eller andre som sender meg ein link eller eit bilete av noko dei har laga. Det er så kjekt og særs inspirerande.  For nokre veker fekk eg gullpost av Gry og eg måtte høyre om lov til å dele med dykk:


mandag 28. mars 2011

Travle dagar

Då eg arbeidde i butikken til Nøstebarn i Oslo var alltid hausten den travlaste tida. Ein gjekk og lada opp heile våren og sommaren til full butikk og store vareleveringar. Så hadde me det rolegare på våren og sommaren. No når eg ikkje er i butikken lenger ser eg at den travlaste tida for meg er på våren. No er det mykje som skal på plass for å få alt klart til katalogslepp 1.september og ein ny høgsesong.


torsdag 24. mars 2011

VINNARAR Ullvøl 2011

Det er ei glede for meg å presentere verdige vinnarar i Ullvølkonkurransen. Som eg skreiv litt om i går var dette inga lett oppgåve for det var så mykje bra! Me takkar for alle bidrag!
Kreativt!

onsdag 23. mars 2011

aller aller siste og eit lite innblikk i juryarbeidet

Eg ber om orsak: Det var fleire bidrag i konkurransen som eg ikkje hadde fåttvist på bloggen. Dei kjem her!


tirsdag 22. mars 2011

Bidrag i konkurransen, dei aller siste

Må bare sei takk for alle kommentarane på gårsdagens innlegg. Det var så mange fine ord og eg fekk mykje å tenkje på ut frå dei tilbakemeldingane de kom med. Eg gler meg til å blogge vidare :-) Og så må eg berre leggje til at det ikkje er ideane og innsatsen det kjem an på, men tida. Eg storkosar meg og har mange idear og bruker all ledig tid på bloggen.

Og SÅ er me kome til dei aller siste bidraga i konkurransen. No håper eg verkeleg at eg har fått alle har fått minimum eit bilete i bloggen. Det har vore mykje å halde tråden i, men no har eg gjennomgått alt fleire gonger. Dersom nokon saknar sitt må dei sende meg ein e-post på kathrine@nostebarn.no

mandag 21. mars 2011

Feirar 100 000 med Silkeullpremie

I helga passerte bloggen 100 000 sidehenvisningar sidan starten 26.nov 2010. Eg veit jo ikkje heilt kva som er bra, men eg er veldig nøgd. 

Det har vore 4 veldig kjekke månader og eg har lært veldig mykje. Eg har aldri vore så mykje inne på bloggar og lest, men har lenge hatt lyst til å blogge. Det har vore ei bratt læringkurve: eg er nok mest komfortabel med nål, heklekrok og strikkepinnar og ikkje så god med tastaturet eller kameraet. Har lært mykje og meir er det å lære :-)

fredag 18. mars 2011

Bidrag i konkurransen 11

Ja så er me nesten kome til dei siste bidraga. Eg trudde eg skulle få med alle i dag, men jammen var det fleire enn at eg fekk plass. Så dei aller siste kjem i neste innlegg.

Fyrst ein avsporing:
Eg fekk lyst til å vise denne jakken som Siri har strikka til modell i butikken i Trondheim. Det er jakke med rundfelling (Oppskrift 1943 + Strikk til Nøstebarn) som er strikka i 3-tråds Merinoull og farge 42 Klar Lilla. Jakken er veldig kjekk å strikke og ingen montering. Den er fin både med og uten krage.


Så til bidrag i konkurransen:

torsdag 17. mars 2011

Bidrag i konkurransen 10

Ja så byrjar me å nerme oss slutten av alle bidraga. I innlegget i dag er det gode døme på bra Ullvøl og nedst får du link til ein blogg der det ligg oppskrift på "kattelapp".

onsdag 16. mars 2011

Bidrag i konkurransen 9

Takk for fine bidrag til ullvølkonkurransen! Det er så kjekt det kom inn så mange og at de har vore så positive til konkurransen (det var eg nemleg ikkje sikker på innan konkurransen starta..)

Her kjem fleire av bidraga frå konkurransen til inspirasjon til oss alle. I neste veke kunngjer me kven som har vunne. 

mandag 14. mars 2011

Korleis ting blir til..

Ofte er det slik at ting først kjem til vaksne for dekke deira behov og så seinare kjem det i mindre utgåve: Til dømes skinnjakkar, lenestolar, jeans og diverse andre moteplagg. Det er ikkje alltid like heldig for ungar er ikkje ei miniatyrutgåve av vaksne. Det som fungerer supert i eit kontorlandskap er ikkje like glimrande i bruk i barnehagen.

fredag 11. mars 2011

Bidrag i konkurransen 8

Her kjem endå fleire bidrag som kom inn inn i konkurransen. Eg blir veldig imponert over kreativiteten til dykk alle!


 Maja skriv: "Her har treåringen fått bestemme korleis det skal sjå ut.
Vi vøler óg der det ikkje trengs vøling, men tek med jenta på dugnad slik at ullkleda "vinn" over dei litt mindre fornuftige plagga på vinteren."



Anette skriv: "Ble så inspirert av bloggen din denne måneden at jeg rett og slett hev meg på lapping jeg også. Så lurt å bruke lapper av krympet plagg..
Jeg har aldri lappet eller stoppet før..flaut å innrømme, men det er sannheten..dette er mitt aller,aller første forsøk-og det er ikke akkurat vakkert sydd, men det er ikke lenger hull i pysjen..så nå er den klar for at gutt nr tre kan slite den videre. Er ingen god tegner heller..men et motiv og litt bakepapir løste den oppgaven;) Måtte bli en dinosaur da Olav sine to eldre brødre har dinodilla.. "





Hanne skriv: "Ei av sparkebuksene etter storebror kar fått ny ribb (hvit,etter ei alt for lita ullbukse)
2 av barnehagelongsene måtte lappes på knærne
OG 5 av buksene etter storebror blei lappa med litt mere "jentete" lapper siden klærne e brune og skal brukes av lillesøster!
Den ene brune sparkebuksa er lappet litt mere diskret på tåa.
Disse klærne som er på bildet lappet jeg for hånd med synelige sting, 3 av longsene/buksene lappet jeg med
å bruke symaskin,og det var faktisk mere jobb og lappe på den måten,det ble også mye penere med håndsøm. Så konklusjonen er til neste gang jeg skal lappe ullklær! "





Pernille skriv: ". Denne pysjen er ganske tynnslitt og det første jeg gjorde var å klippe vekke føttene og sette på nye vrangbordet laget av en gammel strømbebukse. Videre stoppet jeg hull på knærne, men da det fort ble nye hull sydde jeg på lapper. Så har jeg stoppet små hull både ved knappene og ellers på pysjen. Som sagt er den ganske tynnslitt og da jeg kjøpte filtenål til symaskina mi testet jeg ut den teknikken på pysjen - det fungerer fint synes jeg.  Nye mansjetter på ermene og ny hals kom på nå i februar etter inspirasjon fra nøstebarnbloggen. Jeg har også piffet opp vølinga med filtenåla litt."








Ja vinnarane vert altså kåra i løpet av månaden. i Nøstebarn held me på med sal som starta på nettet i går kveld og i butikkane i dag. I går var nettet treigt som sirup og fleire ting fungerte ikkje som det skulle. Frustrerande for alle dei som var inne og prøvde å handle (og for oss..) Datafolka prøver å finne ut om det kom av enormt høg trafikk eller om det var noko anna. Alt er i alle fall oppe og går igjen. No er det visst nesten tomt for varene som er på sal i nettbutikken, men i butikkane er det nok ein del igjen.


Ønsker dykk alle ei god helg!

torsdag 10. mars 2011

Bidrag i konkurransen 7

Eg presenterer med glede fleire flott bidrag i ullvølkonkurransen:

Aina skriv: "Stillongs med øyne i rumpa, 5 åringen er overbegeistret!"




Aina har sendt fleire bidrag: "Så var det sparkebukse uten fot som ble reddet fra loftet med ekstra vrangbord nede på beina og et heklet stykke for å skjøte på hengslene på skuldrene. Fant en gammel body hvor trykknappene passet til sparkebuksa, klippet de ut og sydde de på hengsleskjøtene. Dermed kan sparkebuksa brukes ferdig denne sesongen."


Sunniva Bue har sendt inn bilete av mange plagg som ho har vølt.Eg har plukka ut bilete av ei trøye som har fått hekla blomar over hol og nattkjole:  Sunniva skriv:"..og ikke minst ull/silkenattkjolen som jeg har brukt veldig mye siden jeg fikk den i barselpresang for tre år siden. Den var sundslitt på begge albuer, i splittene og ved den ene trykknappen. Nå er den klar for en ny barselperiode!"
Kristin skriv: "I siste liten legger eg ved bilder av 2 klær som eg har sydd på heimelaga applikasjoner på, ettersom det var komt hull i plaggene. Applikasjonene er strikka og tova for hånd."

Cornelia Egge har bloggen Design to live og følgjer du linken her kan du sjå hennar bidrag til ullvølkonkurransen.

onsdag 9. mars 2011

Bidrag i konkurransen 6

Her kjem fleire bidrag til konkurransen. Det er kome inn så mange fine og gode bidrag:


May Lisa skriv: "Her har en pyjamas (hvor føttene var blitt så mye lappet at det ikke gikk an å lappe mer) blitt genser. Tredje barnet som bruker den :)"
 
Else Marie skriv:"det blir kanskje ikke helt perfekt, men jeg syns det er herlig å kunne bruke
yndlingsplaggene litt lengre.
Jeg har stoppa to strømpebukser med ulltråd(nøstebarn sitt) , brukte stoppesopp, er fornøyd med resultatet, selv
om jeg kanskje kunne ha brukt lapp på kneet på den ene.
Da jeg for første gang så en stoppesopp i bruk (hos en venninne) måtte jeg bare ha en,
det er rekreasjon i stopping :-)"

 Så til ein tidlegare ansatt hos Nøstebarn, Gry: "Jeg har stoppet de i flere runder og de er jammen like gode. (Jeg kjøpte de FØR jeg jobbet på Nøstebarn, i 2005/2006 så de er virkelig sterke).Legger også ved en tidligere pysj som jeg etter å ha lest på bloggen her om dagen, laget om til jakke.


Ohelene har ein fin blogg: ohelene syr+ Ho skriv: "Denne bodyen har vore i bruk heilt frå vetlesysta var nyfødd og har no fått lange ribbekantar på ermene og eit lite skjørt nederst i staden for bodylukningen. Begge deler i mjuk ullribb frå Naturesfabrics. Perfekt plagg når ho tuslar rundt her heime uten anna enn bleie under eller med bar bak.

tirsdag 8. mars 2011

Bidrag i konkurransen 5

Her kjem fleire bidrag i ullvølkonkurransen til inspirasjon for oss alle. I dag er det mykej godt redesign: 

mandag 7. mars 2011

Restegarnutstilling og 2 tips til strikkeprosjekt

Det kjem fleire innlegg med bidrag i ullvølkonkurransen, men i dag vert det eit anna tema. Eg var i Oslo i helga og var innom i Nøstebarn-butikken på Sagene/Bjølsen. Der holdt dei på med ny utstilling i vindauga. Dei har fått dei modellane eg strikka i januar då temaet var Restegarnstrikking her på bloggen. Utstillinga vart så fin og eg hadde lyst å ta eit bilete av ei trøye Hilde hadde strikka i restegarn:
Trøya er strikka etter oppskrift 1905 (s. 65 i Strikk til nøstebarn) i rester av 2-tråds Merinoull. God å bruke som vest/tunika utanpå ulltrøyene og fin no i på våren?
Det er vanskeleg å ta bilete inn gjennom glaset, men eg tek med bileta likevel. Så de som bur i nærleiken av Oslobutikken kan ta turen om de treng inspirasjon til restegarnstrikking. De andre kan jo sjå på blogginnlegga for januar.

Har fått fleire strikkemodellar frå Vennesla: Her er er Kvadagskjole (Oppskrift 1938, s.48 i Strikk til nøstebarn). Kjolen er strikka i 2-tråds Merinoull i farge 21 Bringebærrød. Har sydd på raude knappar i perlemor. Denne kjolen kan ein gjerne strikke litt stor; så startar den som kjole og vert vidare tunika og så vest etter kvart som barnet veks. Ein kan med andre ord ha den lenge :-)


Her er Tunika i 2-tråds Merinoull (Oppskrift 1962) strikka i farge 10 Natur, 75 Vårgrønn og kantar i 32 Lyng. Fin som kjole eller som tunika over andre kler.
Knappen er i poselen og frå Snella og petronella som me sel i butikkane.

fredag 4. mars 2011

Bidrag i konkurransen 4

Her kjem fleire bidrag til ullvølkonkurransen:

Tonje skriv: 
"Jeg har ei jente som begynte å gå da hun var 16mnd, og det har resultert i hull i omtrent alle strømpebuksene og i sparkebuksa. Siden jeg ikke har noe erfaring med å sy/stoppe så sendte jeg for litt tid siden et spørsmål om tips til hvordan jeg kunne fikse hullene. 
Resultatet er blitt slik bildene viser:) Og jeg er veldig fornøyd."










torsdag 3. mars 2011

bidrag i konkurransen 3

Her kjem fleire bidrag i ullvøl-konkurransen:


Hege skriv:
"Dette er slik jeg har gjort det, det ble slitesterkt og ganske dekorativt. Det er flere som har kommentert buksene og syntes det var fint. Har lappet en strømpebukse uten føtter på samme måten. Jeg sender flere bilder seinere av andre ting jeg har lappet, men siden noen etterspurte nettopp lapping av ribbebukser, så tenkte jeg kanskje det kunne brukes.."

Mina som står for vølinga på dei 3 bileta over skriv skriv: "Det er jo bare gøy å hekle en lapp, f.eks en liten blomst, til å tette igjen disse små hullene som mystisk oppstår de rareste steder på tøyet."



Jeanette som har vøla strømpebuksa over har ein fin blogg som er verdt eit besøk:
Ho skriv:
"Bodyen som Andrea har på seg her er str 74/80 og hun er 2,5 år
Strømpebuksen er vanlig str. men den er brukt over lang lang tid og at det ble hull er ikke rart, for det har vært yndlingstrømpebuksen.
Den lappet jeg med en nøstebarngenser som storebroren og Andrea brukte da de var små, den hadde kommet med i en vask den ikke skulle vært med i , så den hadde krypet. Nå kan den brukes på nytt også:)"

 Ida Dørum skriv:
"Legger ved bilde av en jakke jeg har laget av en gammel pysj som kom i en pose arvetøy, beina var allerede klippet av, alle kanter var fillete og det var også hull i den. Har stoppet hull og strikket nye mansjetter og halskant i vrangbordstrikk og stolpe med flette.

Bildene er litt mørke, men håper de gir inntrykk av jakka. Det er et plagg som har gått i arv mellom mange barn før den havna hos meg, og nå er det i tilstand til å bli brukt av et par til :)"

onsdag 2. mars 2011

Bidrag i konkurransen 2

Her kjem fleire bidrag som er kome inn i ullvøl-konkurranen. Det er berre å la seg inspirere :-)


tirsdag 1. mars 2011

Bidrag i konkurransen 1

Først må eg berre sei 1000 takk for alle bidrag til ullvølkonkurransen! Det er så kjekt å sjå all den fine ullvølinga som blir gjort!
Dei som ikkje har skrive noko om at dei vil vere anonyme eller stå med fullt namn kjem med førenamnet. Håpar det er ok. De som har lagt ved link til blogg får den med. Det har vore litt av eit puslespel, så eg håpar alt blir rett og alle nøgde :-)
I løpet av månaden vil me kåre vinnaren som får 2000,- i gåvekort og ein som får ekstrapremie på 1000,- i gåvekort.