fredag 29. april 2011

Farging 3 Herdins Textile Colour

Det kjem så mange gode innspel og kommentarar frå dykk! SUPERT er det! Som svar på spørsmål kan eg seie at det ikkje går å farge ull i maskin fordi ull tåler ikkje både høg temperatur OG rørsle. OG me må opp i ein viss temperatur for at fargestoffet skal sette seg (fikserast). Skal de farge bomull kan de anten koke opp fargebadet eller farge i maskin (med fargestoff som er meint til maskin).

Eg kjøpte Textile Colour Multifibre frå Herdins på Jernia til 69 kroner. Det var 16 fargar å velge mellom og eg kjøpte fargen Klar rød. Ein kan sjå oversikt over alle fargane her.

torsdag 28. april 2011

Farging 2 - Wilton

Så kjekt at dette med ullfarging engasjerer! Eg forstår at det å farge med rødbetar ikkje er lurt. Må derfor gå litt i tenkeboksen før eg skal teste ut det "naturlege" fargestoffet.  Eg har ikkje tenkt å gå i gong med "beis" eller kjøpe anna plantefargemateriale. Tanken var å finne ut om det gjekk å farge ullkler, med noko naturleg som er lett å fa tak i. I dag får du sjå korleis det gjekk når eg skulle farge med kondiotrfarge:

onsdag 27. april 2011

Farging 1 -Generelt

Ja så var det endeleg tid for tema farging av ull her på bloggen. Alt har lege klart i lengre tid og i påsken fekk eg tid til å gå i gong. Me i Nøstebarn får ofte spørsmål om farging av ull og me har henvist til Livos si tekstilfarge. Men eg har høyrt om andre metodar også,så eg skal teste ut desse fargestofa:
  • Weja Stoffarger - Livos
  • Textile Colour - Herdins
  • Konditorfarge - Wilton
  • Naturlig fargestoff - Rødbete eller løk
Naturleg fargestoff er ikkje med på biletet, rett og slett fordi det eg ikkje har klart å skaffa rødbetar endå. Trur kanskje eg må gå for sylta rødbetar. Nokon som veit om det fungerer?

tirsdag 26. april 2011

Pysjvinnar og ny konkurranse

Vel overstått påske! Mine blå hender vart gullande reine etter ein dag i badeland. Takk for alle tips om korleis eg skulle bli rein. Neste gong brukar eg hanskar..

Tid for trekning av konkurransen som starta veka før påske. Vinnaren vart:

Camilla sa...

    Ååå, disse klærne er helt supre altså, har noen få plagg men ønsker mange flere:) Denne pysjen ser fantastisk ut... :)
    15. april 2011 16:10

Gratulerer, Camilla! Send meg ein e-post på kathrine@nostebarn.no med di adresse. Og så må du sei om du vil ha pysj med eller uten fot, kva storleik og farge.

Gåvetips:


Tøflar i mjukt saueskinn. Dei er er IVN-godkjente. Dvs at det er teke omsyn til dyr, miljø og menneske under heile prosessen. (Ein kan lese meir om IVN her.) Fargestoffa inneheld ingen tungmetallar eller krom. Dei er allergitesta og trygge å ha innpå huden. Tøflane kjem i str 18/19 og opp til 26/27 og i alle dei 6 ulike modellane som er på biletet.

Mi erfaring er at dei er passeleg varme året rundt. Mine ungar har helde varmen med ullsokk inni, men det ein kan også leggje ein ullsole inni om ein ønsker det.

Legg ein kommentar igjen på dette innlegget så er du med i trekninga av eit par skinntøflar i valfri modell og storleik.

Eg har ikkje gløymt at farging av ull skal vere tema denne veka. Det kjem det kjem..

tirsdag 19. april 2011

Påske av det ein har

Is there anybody out there?
Eller er alle på påskeferie? Eg reiser snart, men fyrst litt påskeblogging. 
Det er så herleg når våren enedeleg er her. Det spirer og gror! Det er kjekt å pynte opp litt inne, så alle kjem i påskestemning. Eg synes det er kjekt å prøve å pynte med det eg har og kan finne ute. Ungane har laga kyllingar og eg har laga krans og dekorasjon.

Ungane har laga supersøte kyllingar av det me hadde liggande. Dei har limt silkepapir, fjør, auger og nebb på ei vattkule som står på eit trepinne (grillspyd). Men kyllingar kan ein laga av det ein har liggande: garn, krølla papir,

fredag 15. april 2011

Vinnar av ullfleecejakke og ny premie

Fredag tid for trekning og nytt gåvetips.
Denne veka var det jo ein premie med høg verdi, nemleg ullfleecejakke til vaksne (eller barn) i den tjukke ullfleecekvaliteten. Det har vore stor aktivitet denne veka, men likevel er vinnarsjangsane VELDIG gode tatt om ein samanliknar med Norsk Tipping eller Flax ;-)
Og vinnaren vart:

Bodil sa:

Likte spesielt godt de bokstavkortene og sjørøverkartet, kjempesmart :) Takk for flotte ideer, er jo også litt gjenbruk i dette - jeg synes ofte at små rester av gavepapir er altfor fine til å kastes, men så er det liksom for lite til å pakke inn en hel presang i - nå kan de få nytt liv i flotte kort.

14. april 2011 10:21


Gratulerer, Bodil! Send meg ein e-post på kathrine@nostebarn.no med kva modell, storleik og farge du ynskjer, så er det snart pakke på veg i posten til deg!

Gåvetips:
Denne veka er ein av bestseljarane til Nøstebarn gåvetipset: Heil pysj. Babyar bruker dei ofte året rundt og det er veldig greit å få litt større storleik enn det som er passeleg akkurat no:
 Her er den "originale" pysjen: Pysj med fot i 100% ullfrotte. Eg har rota fram eit bilete som me ikkje har brukt før. Denne pysjen kjem i fargane natur, dueblå, raud og brun og i str frå prematur til 6 år. Eg har brukt heil pysj til mine så lenge dei har passa. Veldig godt å sleppe "glippa" på ryggen, men det er jo litt tungvint når dei kjem i den alderen at dei går på do sjølv.


Så er det jo slik at det kjem nye ynskjer, så me fekk ein pysj utan fot etterkvart. Den kjem i fargane natur, grasgrøn og lyng. Greit at ein kan kjøpe den større utan at dei snublar i pysjføtene og ein slepp problemet med at føtene vert slitt. Og god på dagtid. Pysj utan fot kjem  i str 1/2 år til 6 år.
Seinare er det kome pysj/dress i ull/silke, nattkjole til jenter og damer og todelt pysj.

Neste fredag trekker eg ein av kommentarane som er kome inn her på bloggen i løpet av veka og premien er altså ein heil pysj, med eller uten fot i valfri storleik og farge.

Så ynskjer eg dykk alle ei fin vårleg helg!

onsdag 13. april 2011

Endå fleire idear til pengekort

I det siste har eg vist pengekort eg har laga. Om du ikkje har fått dei med deg finn du i innlegget Alltid beredt! og Fleire idear til pengekort.
Eg hadde planar om eit strikkerelatert innlegg i dag, men eg sit djupt inne i mine Excel-skjema. Begge ungane skal i selskap denne veka, så kort måtte me jo lage likevel. Det vert derfor pengekort som er temaet i dag og. Til slutt i innlegget kjem eg med fleire måtar å gi vekk pengar på. Kjekt om nokon har fleire idear har lyst å dele.



Eit songkor. laga i gåvepapir og har papir, silkepapir og fjør til hår.


Her er kortet forma som eit skattekart. Eg har brent litt av kantane på det brune papiret. Teksten er skrive langs vegen til skatten. Teksten kan vere noko slikt som: "Kjære deg! Gratulerer med dagen. Me har høyrt at du er så god på å finne skattar? Håpar du finn denne og kjøper deg noko fint for gullpengane!" Skattekista er enkelt lukka med to binders.



Ikkje alltid lett å vite kva ein skal gi til ei vaksen niese som har "alt". Kva med pengar til litt "stæsj? Fjærboa, silkepapir til hår, perler til øyrepynt og kjole klyppt ut av gåvepapir.

Her har Hansemann og eg laga eit tog som er fylt med kler og kosedyr.

Her har me laga bokstaven til jubilanten. Det er jo også ein ide å lage tal (alder, årstal o.l)

Minner til slutt om dei andre fikse måtane å gi vekk pengegåver på: 
  • Blås opp ein ballong og legg pengane inni ballongen.
  • Skjer ei stor potet eller eit bød over på tvers. Hol ut og legg pengane (og helsing inni). Fest eit bredt silkeband rundt og fest med knappenåler.
  • Støyp myntane inn i ei såpe.
  • Brett eit eller anna i origami av ein seddel.
  • Lever pengane i småmynt (50-øringen går ut av omløp om eit år..)
  • Lag eit smykke av myntar med hol i: knyt fast ein og ein mynt i ei snor/silkeband.)
Andre som har andre forslag?

mandag 11. april 2011

Licence to knit

Eg ser veldig fram til påskeferie, sjølv om eg den ikkje kjem til å innehalde skigåing og andre påskeaktivitetar som eg hugsar frå barndomen. Kva er det som gjer at eg kjem i påskestemning og opplever påsken som god? Vekeblad? Kvikklunsj? Appelsinar? Påskekrim? Tur i ei eller anna form?

Kanskje det aller viktigaste er å ha tid i massevis? Tid til å kose seg? Og har eg tid, ja då er det jo klart eg skal strikke! Strikke medan eg ser krim, strikke i solveggen, strikke i besøk, strikke i bilen. Ikkje det at nokon nektar meg å strikke elles, men i påska er det heilt legetimt å bruke mykje tid på handarbeid?

fredag 8. april 2011

Vinnar av singlet og ny premie

Ja så var det fredag att og det er på tide med trekning av vinnaren av konkurransen denne veka. For dei som har sove i timen kan eg sei at eg denne månaden trekkjer ein vinnar kvar veke som får "Gåvetipset". Og gåvetipset i den veka som har vore og altså premien denne veka: Singlet i Ull/Silke.

Og vinnaren er :

torsdag 7. april 2011

Gi ei utfordring!

På måndag hadde eg eit innlegg som viste korleis ein kan lage papirposar eller "gåveesker" til å gi vekk gåver i. Dei kan fyllast med det du skal gi bort anten det er heimelaga eller kjøpt. Eg lova eg skulle kome med eit tips på kva de kunne fylle dei med og her kjem tipsa :-)

onsdag 6. april 2011

Fleire idear til pengekort

I gårsdagens innlegg hadde viste eg mi løysing på gåvepresset. Her kjem fleire idear:

Her er ei eng av blomar. Blomane er stansa ut i gåvepapir og blada er rive ut av grovt papir.

tirsdag 5. april 2011

Alltid beredt!

Dette innlegget har ingenting med strikking eller ull å gjere. Men eit forslag til løysing på korleis ein skal kome gjennom det store talet barneselskap alltid beredt, utan stress og der både vaksne og born er nøgde.

Ja det vert mange ein skal gi gåve og eg kjenner "trøkket" etter at begge ungane byrja å gå i barnebursdagar. Me bur eit stykke frå butikkar og ofte freistar det lite å rase rundt på jakt etter gåver før kvart selskap. Eg har derfor prøvd å ha liggande eit lite lager med diverse gåver til ulike aldrar og kjønn. Men det er ikkje så velukka for det vert alltid liggande att noko som liksom ikkje freistar å gi til den eller den.

 Det er jo greit med pengar, så kan jubilanten kjøpe seg akkurat det som står på ønskelista. Men det er ikkje alltid så spennande å gi. Ein konvolutt med pengar liksom. Mi løysing er derfor å lage kort der pengane er ein del av dekoren.

Av og til lagar eg korta og andre gonger er ungane med. Materiala er alt muleg me har i hus. Så tilpassar eg motivet etter kor mykje me skal gi vekk. Pengane festar me med putetape eller fototape og sparar du på silkepapir og gåvepapir som kjem i hus har du godt materiale. Tenkte eg ville vise nokre av korta me har gitt vekk i det siste, så kanskje det kan inspirere andre?

mandag 4. april 2011

Gåveposar på 1, 2..5

Takk til alle som kommenterte fredagens innlegg! Her kom det mange gode tips til gåver og kva som er kjekt å få. Det verkar som om mange både set pris på å gi og få handlaga gåver.

Eg synes innpakninga er halve greia med det å gi gåve. Eg liker godt å utfordre meg sjølv til å få til noko lekkert av det eg har liggande. Og det er ikkje lite. Er ikkje best på å hive, så eg har ei mengd med katalogar, blad, brosjyrar, brukt innpakningspapir,tapet, magasin o.l. Og dei er supre til innpakning, kort og å lage gåveposar av. Eg har vist dette i Brukt på nytt og, men ein god ting kan ein ikkje sei for ofte. Alle gåver blir noko ekstra om dei kjem i ein slik gåvepose..

fredag 1. april 2011

April og NYTT TEMA

Først: Det var noko krøll med innlegget i forgårs. Så for dykk som sakna litt meir info om luene, så er det meir info i innlegget no. Det er jo ikkje hemmeleg korleis ein lagar disse luene..

Tilbakemeldinga eg fekk då eg spurde dykk korleis de ville ha de her på bloggen var at de gjerne ville ha tema, men at ein gjerne kunne ha andre ting utanom. (ikkje alle, men mange sa det..) Det synes eg var eit godt utgongspunkt, for det er veldig kjekt å fordjupe seg i eit tema. Gå litt inn i materien. Kjenne at ein kan gripe fatt i alle ideane som strøymer på og så kjenne at ein er ganske metta når månaden er over. Så kva vert temaet for april?

Visste de at det er flest ungar som blir født på våren?  Det er jo egentleg logisk for tell 9 månadar tilbake frå april og du kjem midt i fellesferien..(Eg er med på å halde statistikken ved like med eit barn født i april og eit i mai.) I alle fall dette betyr jo at akkurat på denne tida er det mange som har bursdag og med andre ord mange gåver me skal opp med.

Derfor har eg sett dette som tema for april: Kva og korleis gir me gåver?
Det vert eit ganske lausleg tema med innlegg om alt frå gåvetips til innpakning. Skal prøve å få med oppskrifter, tips og idear til alt som har med emnet å gjere. Og så kjem det nok andre innlegg innimellom om heilt andre ting. Eg har til dømes alt klart til farging av ullkler og skal berre få gjort det (og blogga om det.)

Og så vert det konkurransar sjølvsagt! Kvar veke trekkjer eg ei vare som er gåvetipset denne veka:

Gåvetips:

Eg synes Singlet i Ull/silke er ein super gåve. Ein kan bruke dei året rundt og dei er spesielt gode no på våren når det er så vekslande temperatur. Singlet bruker ein under andre plagg, så dei treng sjeldan vask. Det er alltid kjekt å gi ei gåve som vert mykje brukt og mi erfaring er at singletane er eit plagg mange blir glad i. Dei kjem i str 92 til 164 (2 til 14 år).

Neste fredag trekkjer eg ein av kommentarane som er posta på innlegga her på bloggen i løpet av veka. Og vinnaren får ein singlet i valfri farge og storleik.(Kan også velje vaksenstr.)