mandag 28. februar 2011

Ullvølinga over?

Denne veka er boka Brukt på nytt premie!
Her er omslaget som eg kan røpe at forlaget og eg var veldig uenige om om (-eg tapte, er forsatt vonbroten, men har vent meg utforminga no..)

fredag 25. februar 2011

vanskeleg vøling

Fleire har spurt korleis ein vøler hol ved sida av trykknappar. Eg har tygd litt på den: Det er jo ikkje hol i trykknappars, slik at ein kan sy fast knappen igjen dersom stoffet er rakna inntil knappen. Trykknappar er ikkje lurt å ha på plagg som er laga av strikka stoff (som til dømes ullfrotte og ullunderkler). Trykknappane kan lage hol i stoffet og når ein drar i plagget for å opne knappane er det stor belastning på plagget. Likevel har Nøstebarn valgt å ha trykknappar. Rett og slett fordi det er så praktisk.

torsdag 24. februar 2011

Klippe, klippe!

Overskrifta i dag er henta frå eventyret "Kjerringa mot straumen". Mor mi bruker dette uttrykket kvar gong nokon held på sitt og vil gjere ting på sin måte 
-og absolutt ikkje vil gi seg. Men i dag er det meint som ei oppfordring til å finne fram saksa. Ofte er det nok å klippe litt i eit plagg for at det kan få fornya liv vidare:

onsdag 23. februar 2011

Flekkfjerning

På ull legg skiten seg utanpå fibrane og dersom ein fjernar sølet med ein gong er det ofte lett å få vekk. Bruk ein tørr eller lett fuktig klut og sug opp sølet.  Men det er ikkje alt som er lett å få vekk og spesielt ikkje visst plagget har lege litt. Verstingane er etter mi erfaring banan, tran, avføring, frukt/bær, tomatsaus o.l. 
Lyse ullplagg vert og ofte litt grå etter kvart og spesielt nedst på erma og i halsen. Eg tenkte eg ville dele med dykk mine erfaringar og det kundar av oss har delt:

tirsdag 22. februar 2011

Vanskeleg garnspørsmål

Tidlegare spurte eg kva nye garnfargar som stod på ønskelista og dek kom inn mange forslag. Har gjennomgått alt og jobbar med kva som skal bli dei nye fargane som kjem til hausten 2011. Mange etterlyste fleire fargar i Silkeull og det kjem. Det vanskelege er jo ikkje å finne kva fargar som skal kome inn, men KVA fargar skal gå ut? Eg har jo ikkje lyst å ta ut nokon? Derfor kom forslaget om å ta vekk alt 3-tråds garnet og dermed kunne me auke på med nye fargar både i 2-tråds og 3-tråds?
2-tråds Merinoull. (55, 71, 53 på veg ut)

mandag 21. februar 2011

Velkomen inn!

Eg har bursdag i dag (kongen og eg..)
Og kva bruker eg dagen til? Jo ryddar arbeidsrommet. Eg har sett andre lagt ut bilete av arbeidsrommet sitt på bloggar og i reportasjar: Alt står i stil, alt er sortert etter farge og det heile ser retteleg innbydande ut.
Mitt arbeidsromm ser ikkje slik ut..

fredag 18. februar 2011

Nye kantar

Det er greit å setje på nye kantar når:
  • Me treng å forlenga plagga
  • Når kantane er blitt slitt
  • når me klypper av føter på til dømes pysj, strømpebukse eller body.
Det aller enklaste er å bruke kanten på ein sokk som er så slitt i foten eller er blitt for liten. Men det er også mogeleg å bruke beina på strømpebukser. Då kan enten kanten leggjast dobbelt eller ein kan kante på ulike vis:

torsdag 17. februar 2011

Slitne pysjføter

Pysjane  i ullfrotte er mange sin favoritt. Det er eigenetleg lurast å kjøpe pysj utan fot frå ungane byrjar å gå, for foten blir fort slitt. Og spesielt om ungane går ein del rundt i den og ikkje berre bruker den i senga. Men eg synes pysj med fot er så godt, så eg har brukt det på mine fram til dei er ca 4 år. Så har eg heller tatt bryet med å fikse slitne føter..

onsdag 16. februar 2011

utan ein tråd -Nålefilting

Før jul fekk eg tips om å bruke teknikken nålefilting  til vøling av ullkler. Det er ein informativ video av framgongsmåte her.

Det ser jo heilt genialt ut? Dette måtte eg jo teste ut! Nålefilting er brukt av klesundustrien for å lage tjukkare ullstoff til kåper o.l. I dei seinare år er dette blitt populært også til hobbybasis. Eg har utstyret som skal til fordi ungane og eg har laga diverse figurar og pynt med teknikken. Det er overraskande enkelt å forme figurar og det er berre å leggje meir ull på og stikke videre dersom det er blir tynt somme stader.

Må innrøma at eg er litt skeptisk til å bruke teknikken på bruksplagg? Vil det ikkje berre hakke opp plagget? Vil det vere haldbart i bruk? Kanskje på plagg som er slitt, men vil det fungere å dekkje over hol?

tirsdag 15. februar 2011

Stillongseksperiment og litt meir ribb

Eg lagar stort sett innlegga dag for dag. Det vert litt hektisk og eg prøver no å gjere klar ein del slik at eg kan liggje litt i forkant. (Det er jo alltid ei god kjensle ;-) Dagens innlegg er kome til på impuls i dag tidleg då Hansemann sat der i yndlingslongsen sin. I går spurde "tayport" om nokon hadde tips om lapping av større hol. Eg kom då på at eg ville fortelje litt om stillongsesperimentet mitt:

mandag 14. februar 2011

Voksenvøl og vinnar

Fleire har kommentert at det slett ikkje gjer noko at vølinga er synleg. Det gjer berre plagget endå finare?
Men kanskje er det ikkje like stas for vaksne å gå med klede med lappar sydd på med store sting? Eg har ein Tunika frå Nøstebarn i 100% ull. Det blei eit hol oppe ved skuldera. Eg sydde att holet med syttråd, men ein kunne sjå det. Hadde lyst å fortsetje å bruke plagget, så tenkte å pynte litt:

fredag 11. februar 2011

4 metodar for å fikse ribbukser/strikka plagg

Fleire ansatte i nøstebarn har bedd meg om å vide korleis ein kan vøle ribbukser. Dei vert mykje brukt, både under dress/regnkler og mange bruker dei inne og. Det som vert mykje brukt blir det jo hol i og det er kanskje ikkje det lettaste å vøle? I dag tek eg derfor for meg 4 metodar du kan bruke. Kva av dei du skal velje kjem litt an på kor fingernem du er, tolmodighet, korleis holet er og om du vil ha synleg eller usynleg vøling. 


torsdag 10. februar 2011

Stopping steg for steg med eit ekspresstips

Det er veldig greit å kunne stoppe. Me tenkjer gjerne på stopping når det gjeld sokkar og det er nok kanskje fordi stopping er greit her fordi: Det vert nesten usynleg, ikkje klumpete å gå på og fint å gjere på grovare/strikka plagg. Men me kan med hell stoppe andre plagg også. Kort sagt er stopping fint å bruke der ein del av plagget er slite vekk/store hol.
Er det vanskeleg? Det er ikkje så vanskeleg. Eg har lært bror min, Egil, å stoppe sokkar og han får det til. No meiner eg ikkje å kjønnsdiskrimenere, for eg har også onklar som stoppar sokkar. Poenget er at han ikkje har sydd så mange sting i sitt liv og i alle fall ikkje på 40 år..

Her kjem i alle fall stopping trinn for trinn:

onsdag 9. februar 2011

Strikka lappar

I forrige veke var tema lappar med stoff klyppt opp av tova ullstoff. Det er veldig fint å strikke lappar og. Dei kan jo varierast i det uendelege med mønster, striper, stoleikar, former og fargar. Det er også ein glimrande måte å få brukt opp små garnrestar på (Apropos temaet forrige månad her på bloggen..)

tirsdag 8. februar 2011

Ny hals

Pysjar, trøyer og bodyar vert av og til vide i halsen. Spesielt dersom dei er vaska for hardt eller dei har vore på ungar som siklar/gulpar mykje. Eg tenkte at ei løysing på dette problemet kunne vere å strikke ny hals.

Her har bestsellaren til Nøstebarn Heil pysj som har fått ny hals. Så blir det ingen nakne kalde halsar. Halsen på biletet er strikka i silkeull i farge 75 Vårgrønn. På bodyar er det kanskje praktisk å ha lukniga på sida?

mandag 7. februar 2011

Nuppings

"Ull loer og piller noe, men på grunn av at fiberen er svak, blir nuppene lett slitt av" 
(Testiler, Bergstøl 1993)

Kor mykje det nuppar er avhengig av:
  • Ulla: Kva type ull det er og om det er blanda i andre fibrar: Til dømes nuppar silkeull meir.
  • Strukturen: måten plagget er laga på og korleis fibrane er spunne. Jo lønare plagg og jo lausare det er vevd/strikka/spunne jo meir nuppar. Fordi det er meir ullfibrar som ligg på overflata av plagget og kan samle seg i nuppar. 
  • Brukarane av plagget: nokre nuppar meir enn andre. (Eg har ein unge av kvar..)
  • Nærmiljøet: Dersom ein har syntetisk jakke over ullplagg, sit i syntetisk sofa eller kryp/går på syntetiske golv (f.eks tepper/laminat) nuppar plagga meir. Meiner eg har lest at det er fordi det dannar seg statisk elektrisitet og då nuppar plagget meir.
Nuppar er ikkje så fint, men plagget er akkurat like godt sjølv om det nuppar. Men det kan jo vere greit å fjerne nuppane. Mi erfaring er at plagget nuppar mest i byrjinga; fjernar ein nuppane kjem dei ikkje i like stor grad tilbake. På nokre plagg går det an å nappe av nuppane. Det finst nuppekammar i handelen, men disse har eg ingen erfaring med. derimot har eg med stort hell brukt batteridreven nuppefjernar:

Her er Ingebjørg sin Ribbjakke. Den er mykje brukt og har nuppa ein del.

fredag 4. februar 2011

Lapp i vei

Ulltrøye i farge Lilla melert.

I gårsdagens innlegg klyppte eg opp lappar til å sy på kler. I løpet av månaden skal eg gjennomgå mellom anna stopping og samansying, men eg meiner det er greit med lapping når:
  • Holet er stort
  • Plagget er tynnslite rundt eit mindre hol
  • Til å dekke over flekkar som ikkje går vekk (sjå innlegg om dette her)
  • Når du vil dekorere

torsdag 3. februar 2011

Lappesaker

I innlegget i går var temaet vasking og eg lova dykk ein glimrande måte å bruka dei kleda som er feilvaska (=tova) på. Ikkje hiv dei, men klypp dei opp og bruk dei til lappar. Det er mykje betre å bruke en ull som ikkje er tova fordi lappane då ikkje raknar og så er dei tjukkare (=meir å slite vidare på). Og når uhellet fyrst er ute er det glimrande å få brukt det til noko.

Du kan også tove i maskinen med fullt overlegg dersom du ikkje har noko som er feilvaska. Finn fram dei kleda som er utslite eller ikkje kan brukast av andre årsakar. Vert dei skrukkete etter vask kan du dampe dei før du finnfram saksa.

onsdag 2. februar 2011

Vasking av ull - med eit supertips..

Denne månaden Ullvøl er tema byrjar eg med det viktigaste; korrekt vasking av ull. Mi erfaring er at den største kilda til øydelegging av ullklede er feil vask. Seinast førre veka var eg litt for effektiv og vaska ullkler på 60 grader. Frustrert fortalde eg om episoden på Facebooksida mi og bortsett frå medkjensle og litt skadefryd, fekk eg følgjande kommentar frå Annemor Sundbø (=ullguru og forfattar, sjå annemor.com) :
"Jeg har bare et godt råd: Vask ull for hånd ! Det tar bare noen få minutter lenger enn vaskemaskinen og resultatet er alltid perfekt!"
For det er jo slik at ull som ikkje er superwashbehandla skal vaskast for hand, men i dag er mange vaskemaskinar så gode at det fungerer fint å vaske på ullprogram kaldt eller 30 grader. Men ein kan jo trykke feil..

Fyrst litt tørr teori me må ha med oss vidare:
Ull er ein fiber som består av protein med eit lag med skjell ytst. Når ulla vert utsett for fuktighet opnar skjela seg og hektar seg i kvarande. På superwashbehandla ull er det lagt ein tynn film utanpå fibrane og ulla tovar derfor ikkje. Men det er også mellom skjella lufta ligg og som gjer at ull har så god isolasjonsevne. Derfor foretrekk me ubehandla ull som er utsett for minst muleg kjemisk bearbeiding og også har dei gode egenskapane ull er kjend for inntakt.
Men når me skal vaske ull må me derfor passe på i forhold til : temperatur (temperaturskifte) og ikkje gi ulla for mykje "juling". Ull tåler både høg temperatur (me kan td. koke ammeinnlegg, men dei må då få ligge i ro) og den tåler å bli vridd og "herja" med i tørr og kald tilstand. Men til dømes under erma (svette) og i halsen på barnekler (sikkel/gulp) gjer det at ull tøvar.

Så til oppgåva! (I slutten av innlegget kjem "supertipset")
Eg ba Hansemann vaske ull i går. Han var veldig glad for oppgåva og kva passar vel betre enn at han som poserer på vaskemiddelflaskene demonstrerar ull? Han vaska og eg fotograferte:

tirsdag 1. februar 2011

Ullvøl -Ny konkurranse og nytt tema

(www.synonymer.no)


Foto: Tove Breistein
Ingebjørg sit med lappa stillongs og hekleblomar på trøya. (Dette er mitt favorittbilete frå Brukt på nytt og det finaste bilete som er teke av Ingebjørg!)