fredag 18. februar 2011

Nye kantar

Det er greit å setje på nye kantar når:
  • Me treng å forlenga plagga
  • Når kantane er blitt slitt
  • når me klypper av føter på til dømes pysj, strømpebukse eller body.
Det aller enklaste er å bruke kanten på ein sokk som er så slitt i foten eller er blitt for liten. Men det er også mogeleg å bruke beina på strømpebukser. Då kan enten kanten leggjast dobbelt eller ein kan kante på ulike vis:



Her har eg sydd med sikksakk medan eg har dratt litt i stoffet medan eg syr. gir ein fin volangeffekt.














Her har eg også sydd med sikksakk, men har lagt ved ein ulltråd (3-tråds merino eller 2-tråds merino lagt dobbelt.)Tre tråden gjennom holet i stingplata på symaskinen og sy med døra til undertråden open. Her må ein sy på vranga for tråden legg seg på undersida.












Her har eg bretta inn ca 1,5 sm og sydd med sikksakk.















All ull som ikkje er ved eller tova er elastisk og det er derfor ikkje lurt å sy med rettsaum. når plagget vert tøyd i bruk slit saumen og det vert hol. Sy derfor med elastisk saum dersom du har det på symaskinen eller lett sikksakk ( = sikksakksaum som nesten er over i rettsaum)


Her er det ein ståkragebody i ull/silke som skal få nye kantar på erma og nede. Har brukt beina frå ei strømpebukse på erma og magen på strømpebuksa til kanten nede.
Sett kantane på rette mot rette, slik at brettekanten på kantane peikar inn mot plagget. Kantane skal vere stramare enn plagget.
Sy rundt, strekk i kanten slik at den vert like vid som plagget medan du syr. Dersom plagget og kanten ikkje er tova er det greit å sikksakke over sårkanten.









Ferdig resultat. Ser profft ut?
















Her er ein body i ull som skal få ny hals og nye kantar på erma. Har brukt strømpebuksebein- og mage. Har falda kantane på erma og lagt kanten i halsen dobbel.















Klyppte av halsen på bodyen slik.










Og her er resultatet. Det var litt for viderekomne med den halsen, men gjekk greit når eg fyrst fekk sett kanten fast med nåler.
Til store kantar kan det vere greit å fyrst markere kvar side av kanten med ein nål. Set fyrst kanten fast i kvar side av plagget og fordel resten av kanten rundt resten av plagget.










Dersom du skal bruke eit ullstoff til kant, gjer du slik:

Klypp ut eit stykke stoff som er så brei du vil ha kanten (td. rundt handleddet) + 2 cm og så lang du vil ha kanten x 2 + 2 cm.
Brett stoffet og sy saman i sida.










Brett kanten dobbel slik at saumen kjem inni.
no er kanten klar til å sy på plagget.











Det er også mogeleg å strikke kantar som dy syr på. Sjå i ei oppskrift på genser eller dress kor mange masker su skal leggje opp og strikk enkel eller dobbel ribb. Her strikka i 2-tråds Merino i farge 42 Klar Lilla, pinne nr 2 og 48m =foten på ein leikdress i str 80.

18 kommentarer:

Bodil sa...

Wow! Det ser jo kjempeproft ut med sånne kanter. Må prøves - må bare vente til minsten sliter ut/vokser litt til :)

Ingrid sa...

Her var mange ideer som skal prøves ut. Det slites ofte i kantene.

Anonym sa...

så bra med gode tips og ikke minst detaljerte forklaringer og bilder som viser!
Har fikset noen hjemmestrikkede klær med slitte kanter med å hekle ny "pyntekant", men det er ikke like lett på ullundertøy etc. Skal teste ut dine tips:)
Helga

Anette Skogshuldra sa...

Detta så veldig bra ut, og så fint at du har sett på alle muligheter og legger det opp til sammenligning :o)

LahrA sa...

Mange gode ideer! Flott! Takk!

Ingvild sa...

Veldig lurt å bruke gamle stilongser/strømpebukser.

Anonym sa...

utmerket for å få strømpebuksene til å vare lengre, erfarer jo at "føttene" krymper i bruk.

Vibeke Solbue sa...

Jeg tenker at jeg skal strikke ny kant nede på pysjene. Eller man kan jo også sy på en sokk?

camilla-kvamme sa...

Flott resultat :) Skal prøves, merker at alle bodyene blir slitt på armene.

Anne Lise sa...

Denne bloggen er så super! Mange gode ideer. Kjempeflink er du :)
Selv har jeg forlenget armene på en ullpyjamas idag (armene hadde krympet litt i vask) ved å sy et felt fra en ulltrøye midt på erme. Hadde desverre ikke ullfrotte stoff, det hadde nok blitt bedre. Men får se ikveld om poden er fornøyd...

Erik sa...

Så det var om voksenvøling her om dagen. Hva med noe mer maskulint for oss voksne menn ;)

Signe sa...

Takk for superbra tips! Denne bloggen er utrolig inspirerende og nyttig! :)

Veronica A. sa...

Kjempelurt når ungene slutter med bleie og bodyene fortsatt passer: Bare å klippe vekk delen med knapper og lage ny nedkant. Supert, altså:-)

msofie87 sa...

Veldig kjekt å få nye idear til korleis ein kan få plagga til å vara lenger :)

SILKESAUEN sa...

Hjarteleg takk for daglege inspirasjonar! No har eg strikka, reparert og dekorert. Resultatet ser du på bloggen min:

silkesauen.blogspot.com/2011/02/omatt-og-omattatt-repairing-repairing.html

Anonym sa...

Takk for tips! Datteren min sliter ut føttene på strømpebuksene sine (bruker ikke tøflene sine i barnehagen:-() og nå er grensen nådd mtp hvor mange ganger jeg kan stoppe strømpebukse-føttene. Så nå skal jeg ta i bruk tipset ditt med å klippe av føttene og gjøre strømpebuksene om til stillongser.

Anonym sa...

Så kjekke råd! men kvifor la du inn den ulltråden når du siksa kanten? drog du i den for å stramme opp? helsing Torun

Kathrine G. sa...

Anonym 08:59: Eg la inn tråden for å få ein meir markert kant. Kanten blir som ein blondekant/volang, så eg ville ikkje strame ;-)