Ulltrøye i farge Lilla melert. |
I gårsdagens innlegg klyppte eg opp lappar til å sy på kler. I løpet av månaden skal eg gjennomgå mellom anna stopping og samansying, men eg meiner det er greit med lapping når:
- Holet er stort
- Plagget er tynnslite rundt eit mindre hol
- Til å dekke over flekkar som ikkje går vekk (sjå innlegg om dette her)
- Når du vil dekorere
Lappane kan me sy på med maskin eller for hand. Eg kjenner at det ofte er tyngre å setje meg til symaskinen og tre den i rett farge. Eg veit og at mange ikkje har symaskin. Eg kjem derfor i dette innlegget til å vise mest handsaum. Det er også lettare å ha kontroll på at stoffa ikkje glir når ein syr for hand. Mange ullklede er veldig elastiske og då er det lett for at det strekker seg og saumen blir bulkete. For å sjekke kva som tok mest tid av å sy på med maskin og for hand tok eg tida når eg skulle lappe ein stillongs.
Longs i Ull/Silke i fargen Lyng. Blåstripete lapp er sydd på med maskin og rosastripete er sydd på for hand. |
På maskin: 2 min 16 sek. Overraskande lang tid? Det er litt knøvlete å få tredd stillongsen inn under maskina, men trening gjer meister. Eg byrjar alltid nede på venstre side av beinet/lappen og syr opp og rundt. (Altså med klokka) Har funne ut det er greiast. Ein kan ha tett sikk sakk eller opnare, brei eller smal.
For hand: 3 min og 36 sek: Altså tar dette litt lenger tid, men det er jo greit at ein kan gjere det medan ein ser på fjernsyn eller mens potetene kokar? Her har eg sydd med enklaste og raskaste saum nemleg forsting. Då eg jobba som lærar kalla me disse stinga "opp-ned-sting" og vanskelegare enn det er det ikkje. Det fungerer fint. Lappen er jo tova, så den raknar ikkje og mi erfaring er at lappen blir slite ut før saumen.
No er det ikkje nøye kva stinga heiter eller korleis du syr på så lenge lappen heng fast. Det er viktig å ikkje ha for tjukk nål. Bruk gjerne nåltredar dersom det er vanskeleg å få tråden gjennom auga: Stikk nåltredaren i nålauga, tre tråden inn i løkka på nåltrederen, dra nåltredaren ut av nålauga. Då fylgjer tråden med og du har tredd i nåla. Genialt enkelt!
Eg har brukt stoppegarn, men tynt strikkegarn/broderigarn går og fint.Tenkte eg ville vise litt fleire saumtypar ein kan sy lappane på med. Eg bruker litt store sting og garn i kontrastfarge for at det skal vere lettare å sjå. Tenkte det fanst ein slags "Broderiskule" som viste stinga trinn for trinn på nettet, men det fant eg ikkje. Om nokon har tips til noko slikt er det kjekt om de vil dele, så skal eg legge ut link :-)
Sikk sakk: . Stikk opp nåla rett på utsida av lappen og stikk nåla nedi litt innpå lappen eit stykke lenger til høgre. Stikk nåla opp eit stykke til venstre på lappen. Stikk nåla opp eit stykke til høgre utanfor lappen og sy eit sting på vranga mot venstre. Gjenta. Denne saumen er elastisk og ikkje vanskeleg når ein har prøvd litt. Den kastar også over kanten på lappen.
Kastesting: Stikk nåla opp litt innpå lappen, og stikk ned utanfor lappen eit stykke til høgre. Stikk nåla opp at loddrett ned eit stykke innpå lappen. Gjenta. Superenkelt,elastisk og kastar over kanten.
Tungesting: Stikk opp nåla rett på utsida av lappen, stikk ned lodrett eit lite stykke inn på lappen og stikk opp att der nåla opp at der du begynte.(la tråden ligge under nåla). Stikk ned litt mot høgre på innpå lappen og stikk opp lodrett opp utanfor lappen.(tråden under nåla). Blir veldig dekorative!?
Stinga kan varierast i det uendelege i forhold til lengde og kor tett ein syr dei. Eg synes det ofte kan vere fint å sy på med tråd i kontrastfarge, men i rada underst har eg sydd dei same stinga i litt meir matchande farge og med mindre sting. Dersom ein ikkje er best på å brodere kan det vere greit, for då synes ikkje stinga så godt ;-) Forstinga som er vist øvst i innlegget er nok det enklaste. MEN det viktigaste er å få vøt plagget, så sy i vei!
Har fått in bidrag til konkurransen denne månaden, men husk dei treng ikkje vere inne før 28.februar og det hadde vore veldig kjekt om også de som ikkje har lappa før blir med. Dette er ikkje ei tevling i prydsaum, men å vise kreativitet i forhold til å vøle ull :-)
Takkar for all tilbakemelding! Eg les alle kommentarane, men nokre av dykk får svar på det som de lurer på i løpet av månaden ;-)
Ønsker alle ei fin helg!
15 kommentarer:
Fint innlegg! Men skal man stoppe/sy igjen hullet før man setter på lapp? eller er ikke det nødvendig?
Linda: det er ikkje nødvendig å sy saman holet før du syr på lappen :-)
Dersom det er eit stoff som lett raknar kan du "sikre2 holet ved å sy ein saum rundt holet fyrst eller sy mange sting over lappen etter at du har sydd den på. Lykke til!
Flott innlegg. Gleder meg til fortsettelsen :)
Forklaringa til tungesting gikk litt i ball, så den var vanskelig å forstå - men veldig dekorativ søm, ja :-) Skjønner det sikkert når jeg prøver selv. Lærer noe nytt her inne hver dag, så kjekt.
Et tips som får lappen til å sitte både bedre og lengre: Stryk på et tynt stykke vlieselin på lappen. Vlieselinen kan klippes til etter akkurat ønsket fasong og størrelse.
Takk for gode tips! Jeg sluttet å kjøpe longs og strømpebukser hos nøstebarn, da barna ble så store at de begynte å krabbe for det ble så fryktelig fort hull og slitasje på knærne spesielt. Men jeg opplever at alt som er laget av 100 % ull er lite slitesterkt, og har vel funnet ut at jeg skal begynne å kjøpe longs der igjen. Det går jo an å lappe;-))og det kan jo bli fint også:-) Nå ergrer jeg meg over at jeg har kastet de plaggene som gjennom årenes løp er blitt flekkete og hullete, skulle jo gjerne hatt noe å lage lapper av. I mellomtiden får jeg strikke lapper, eller hekle noen. Det er jo så kjekt siden garnet matcer fargene på klærne!
TO ullbodier har nå fått hull på mystiskt vis :-( samtidig!! Så jeg skal hekle opp maskene med en fin heklnål(1,25) og så sy de fast igjen med maskesting. Det synes nesten ikke. Har du noen tips om en tynn, tynn ulltråd? Nesten som sytråd. Stoppegarnet er litt for tykk. Eller er det kanske mulig å dele stoppegarnet? Bodyene er strippete, så jeg synes ikke det er så fint å ha lapper på det. Ellers ser det kjempe fint ut med lapper.
Flott lappeskole! Kjekt med tips om flere typer søm. Synes det er gøy med kontrasttråd og store sting på klær til barn, men kanskje litt mer diskré med mindre søm og matchende farge til voksenklærne.
Jeg har endelig sydd igjen to hull på et erme, det er komisk kor lenge det går an å utsette noe som tar så kort tid :-) Bloggen inspirerer til å få ting gjort!
Jeg har ikke noe å lappe på, sliter rett og slett ikke nok på det til å få hull, så da må jeg stå over denne mnd.
Er det foresten et krav i disse konkuransene at man må vise bilder?? Jeg er verken foto eller datakyndig, og må ha hjelp til slikt. Klarer å ta bilder, men ikke få de inn på dataen. ;-)
God helg.
Jeg har arvet en ullpysj som har et digert hull i ene foten, altså tærne stikker ut. Jeg lurer på hvordan jeg skal håndtere dette, klippe av foten og legge opp eller forsøke å lappe. Har noen et tips?
Dette med å bruke tova plagg som lapper var utrolig smart. Jeg har ofte klipt sund feks ullbodyer av superwash, og da må kanten legges inn dobbelt. Det blir ofte ikke så pent og i alle fall ikke med maskinsømm. Jeg har en kjole strikka i 2-tråds, som er altfor liten til Sigrid og med hull. Må lete etter denne så jeg kan bruke den til å lappe med etter en omgang i maskina.
Vibeke, se på denne
http://blog.strind.no/index.php/2011/02/03/mine-pysjer-fra-nostebarn?blog=5
Her er det sydd på nye føtter.
Storebror har fått hull på kneet i ribb-buksen sin. Hvordan ordner jeg det på enklest og finest måte? Har en baby omslagsjakke i ullfrottè som er godt slitt, kan jeg klippe opp denne og bruke til lapp?
Jeg klipper av foten på pysjen og syr på vrangbord av for eksempel en gammel strømpebukse.
Vibeke:
Jeg klipper alltid av "sokkehalsene" på utslitte ullsokker. Altså jeg klipper av den slitte foten på ullpysjen. vrangsyr på sokkehalsen fra utslitte sokker. Vips blir ullpysjen litt lengre og får på denne måten en vrangbord nederst som holder seg på plass. Håper du forstod...
Legg inn en kommentar