fredag 28. oktober 2011

Takk for meg!

Ja så var tida kome for å takke for meg her på Nøstebloggen.
Og eg må sei eit stort varmt takk til alle dykk lesarar. Det har vore eit kjekt år. De har inspirert med alle dykkar tips, idear og gode innspel!

Takk for at de har holdt ut med mine ikkje heilt gode datatekniske og fototekniske kunnskapar. Det aller viktigaste har jo vore innhaldet, men samtidig kjenner at eg har ein lang vei å gå for å blir ein "superbloggar" med fine bildekollasjar og lekkert oppsett. Derfor er det veldig kjekt at den eg skal gi over stafettpinnen til er veldig dyktig teknisk i tillegg til at ho er kreativ og god på ull. Velkommen, Karoline! Karoline vil presentere seg når ho er på plass.
Det blir ein litt mjuk overgong:  Eg har laga klar blogginnlegg for november. Her vert det mykje flott inspirasjon frå Sommarstrikkutfordringa vår. Men så er det altså Karoline som vil svare på kommentarane og så vert det nok nokre innlegg frå ho i løpet av november?

Eg håpar Nøstbloggen framleis vil vere ein stad der alle interesserte kan dele alt om gjenbruk, strikking, ullvøl, fargar, forbruk, ull, miljø, stort og smått. Eg takkar for meg og gler meg til fortsetjinga!

Alt godt!

Beste helsing Kathrine

torsdag 27. oktober 2011

Smått og stort frå året som har gått

I dag byrjar eg med eit bilete av Ingebjørg. Svigermor har strikka ny jakke til ho i 2-tråds Merino i fargen 92 Naturgrå. Ho har brukt Bestefartrøya (Oppskrift 1945 + Strikk til nøstebarn) som utgongspunkt, men strikka jakka fram og tilbake med opning framme. Ingebjørg likar best jakkar og vil dei skal vere tynne. Kantane framme har ho strikka til slutt. Det vert lettare å fordele knapphol då. Ingebjørg er veldig nøgd med jakka og eg er ganske misunneleg... (På hovudet har Ingebjørg ei langlue som de finn gratis oppskrift på her.

Så var det litt vidare mimring over året her på bloggen. Eg takkar for alle dei fine orda de skriv til meg. Det er vemodig å skulle forlate dykk!

Først litt statistikk:

Nøstebloggen starta opp 26. november i fjor og sidan den tid har det vore nesten 300 000 klikk fordelt på 156 innlegg. Rekorden er 680 kommentarar på eit innlegg (konkurransen med premie gåvekort på 2500,-) og det best besøkte innlegget er Tubeskjerf - ny gratis oppskrift.


Det har vore eit variert år. Eg takkar Nøstebarn for at eg har fått brukt så mykje tid på bloggen og har fått lagt inn emne som også er litt på sida. Eit døme på dette er pengekorta eg viste idear til i April. Så teng nokon idear til artige måtar å gi vekk pengar på; sjå her.


Innlegget med volangskjerfet har også vore godt besøkt. Det er jo også veldig aktuelt i disse "julegåve-strikketider". Oppskrifta finn de her.

Og ellers har det også vore litt eksprimentering (på høgt eller lågt nivå...) Som til dømes innlegget om det er mulig å reversere ein feilvask? Kva er den beste metoden for å farge ull? Korleis få til umogeleg vøling?

Nokon som har hatt eit favorittinnlegg/tema frå året som har gått?

Og berre så det ikkje er tvil: Nøstebloggen held fram! Ny bloggar er å finne her frå neste veke av. I morgon kjem meir info :-)

onsdag 26. oktober 2011

Ullvøl

I dag er det klart for innlegg 3 i mimreveka her på bloggen. I februar skulle tema vere korleis ein kunne reparere og bruke slitne ullkler på nytt. Eg kalla temaet ullvøl, fordi det handla om å vøle ull. Me hadde ein diskusjon i firmaet om dette var eit for sært ord, men det viste seg at de lesarar i alle fall skjøna tydinga. Det var ein aktiv månad. Eg hadde mange idear til kva eg skulle setje fokus på og fekk også mange innspel frå de lesarar. Eg sette meg til og sydde og laga modell på morgonen, fotograferte og så blogga eg om det. Det var kjekke og hektiske dagar.
Lapping var eit tema og eg viste korleis sy på for hand og maskin.

Lapping treng ikkje gjere plagga kjipe. Litt om vøling av ribbukser/strikka kler her.

Føter og ermekantar vert slite. Då er det greit å sy på nye. Les meir om dette her.

Vøling treng ikkje vere barnsleg eller grovt, men også ganske delikat.

Stopping steg for steg gjorde at fleire børsta støvet av stoppesoppane sine.
Me hadde ein konkurranse som pågjekk denne månaden. Oppgåva var å vøle eit nøstebarnplagg og sende oss bilete. Det var veldig mange som deltok og me viste dei fleste på bloggen i mars. Her ser du ein av vinnarane:


Cornelia var ein av vinnarane. Innlegget med presentasjon av alle vinnarane ser du her.

I tillegg var me inne på nupping, krymping, vasking, flekkfjerning, nålefilting og vanskelege tilfelle. Så treng du inspirasjon til ullvøling eller treng hjelp, sjå på innlegga for februar.

tirsdag 25. oktober 2011

Tema restegarn

Dette er det andre innlegget i mimreveka vår. I januar var "Restegarn" tema her på bloggen. Januar er månaden då lommeboka er skrapt og alle er full av gode forsett. Eit av dei kan vere at ein skal slanke restegarnlageret sitt. I januar hadde me derfor fokus på korleis me kan få brukt restegarn. Eg la ut fleire oppskrifter denne månaden:

Så introduserte me "Nøsteblogg live" der eg viste teknikken på ein filmsnutt. Innlegget om korleis ein strikkar supertrendy armband finn du her.

Domino er ein god måte å få brukt opp mange smånøster. Ein strikkar rutene saman etter kvart og slepp den keisame jobben med å sy saman rutene. Les  meir om dette og oppskrifta her.


Ny gratisoppskrift som er fin med restegarn: Heilt enkel nøstebarngenser
Eg fekk montert alle lappane eg hadde liggande i løpet av januar. Fekk tips om ein lur måte å hekle dei saman på. Les meir om dette her.
Så kom laga eg oppskrift på volangsjal som vart ny gratisoppskrift.
Restejanuar var ein kjekk månad. Me hadde konkurransar der ein kunne vinne litt av mitt restegarn (!) og diskuterte striper og tekniske løysingar. Og det kom inn mange gode tips til gode prosjekt å bruke restegarnet på. Så har du eit garnlager å slanke veit du kor du kan lese for å få inspirasjon.

mandag 24. oktober 2011

Tid for mimring

Dette er mi siste veke som ansatt i Nøstebarn. 1.november startar eg i Ungt Entreprenørskap Agder. Eg ser fram til å få jobb her i Kristiansand, for eg treng å kome ut av heimekontoret. Men samstundes er det veldig vemodig å slutte i Nøstebarn. Det har vore åtte utfordrande og spennande år. Det siste året har eg drive bloggen og det har vore SÅ kjekt. Denne veka vil eg mimre litt og dra fram det beste (?) frå året på bloggen, men i dag vil eg mimre litt over mine 8 år i Nøstebarn


Eg starta i 2003. Fekk tak i lokaler på Bjølsen/Sagene til det som skulle bli Nøstebarn sin første butikk (foruten utsalget ved hovudkontoret i Bergen). Eg fekk god hjelp av vener, ektefelle, brør og Pappa og etter mange timar med hyllebeising, maling og rigging kunne me stolt opne butikken 1.september.


Her ser de "Nøstemor" (= Daglig leder Jannecke Riisøen),  meg og Berit dagen me opna. Berit var den einaste ansatte (foruten meg) og ho skulle arbeide torsdag kveld og enkelte laurdagar. Det viste seg ganske snart at eg trengte ho mykje meir og det vart også arbeid til fleire.

Søtaste butikken? Lokala var veldig små i forhold til besøket, så i 2005 fekk me tak i nye lokaler 20 meter lenger ned i gata. Her er Nøstebarnbutikken i Oslo å finne framleis i dag.

Så kom spennande år. Eg fekk vere med på planar for markedsføring og produktutvikling. I permisjonen eg hadde då eg fekk Hansemann (2006) arbeida eg med boka Strikk til nøstebarn. Det var mykje, men kjekt arbeid og eg var utruleg stolt og glad då boka kom ut i 2007. Og i  2008 kom Brukt på nytt.
Her eg eg på boklansering på Litteraturhuset i Oslo. Ein stolt dag :-)

I 2007 flytta familien sørover til Kristiansand, men eg fekk behalde jobben i Nøstebarn og fekk ansvaret for butikkane og oppstart av nye. I tillegg skulle eg arbeide med marknadsføring og vareutvikling. I 2007 opna Trondheim og i 2009 Sandvika. Eg har vore mykje på tur til butikkane både på møter, men også på på strikkearrangement og lapp-stoppekampanje etter Brukt på nytt.

Her er ein vegg i den første butikken. Fargane var natur, rødt, blått og rosa. I dag er det grønt, grått, brunt, lilla, lyng, muldvarp, petunia, skifer og breblå i tillegg. Å få vere med å ta ut fargar har vore det aller gjevaste.
I 2010 vart stillinga mi endra og eg skulle no ha fullt fokus på produktutvikling. Det har vore veldig kjekt å få lov å arbeide så kreativt og å få setje så mange idear ut i livet. Eg er "ulloman" på min hals og har sterke meiningar kva som er gode og fine barnekler. Er veldig glad i fargar og opptatt av at ting både skal vere godt og fint. Eg er så stolt over å ha fått vore ein del av Nøstebarn. Nøstebarn var lenge og er framleis annerledeslandet. Nøstebarn stod fast på sine prinsipp når det gjaldt miljø og etikk, når dette ikkje var like sjølvsagt og "i vinden" som det er i dag.

Håpar de følgjer meg denne siste veka på bloggen. Neste veke vert det nye bloggar her på Nøstebloggen. (Meir info kjem...)

torsdag 20. oktober 2011

Sjå min kjole!

I dag viser eg fram strikkemodellar som er sendt til butikkane. Temaet i dag er kjolar. Det er mi strikke-racer-svigermor som har strikka. 
Her er Volangkjolen (frå heftet Nøstestrikk) strikka i Silkeull farge 52 Dueblå. Ein kan velje om ein vil ha knappane bak eller framme (og her vart det bak sidan eg ikkje hadde sydd i knappar endå...)

onsdag 19. oktober 2011

JIPPI!!

I fjor vinter fekk Nøstebarn inn hettejakkar i ullfrotte til vaksne, også kalla joggejakke. Me ville endre litt på snittet og leverandøren laga ein prøve på endra snitt. Dei lagar ofte vareprøvane i stoff dei har liggande og joggejakka hadde dei laga i svart ullfrotte med grå overlock-saumar. SUPERFIN! (no høyrer det med til historia at det nokon som har gått og ønska seg svart ullfrotte.) Eg tilbaud meg å prøve jakka på og den sat som eit skudd. Dei andre på varemøtet såg nok stjernene i augene mine, for dei sa eg kunne behalde jakka.

Eg budde i jakka resten av hausten. Svart passar jo til alt og svart ullfrotte er berre smashing fint (for å bruke eit godt nynorsk uttrykk). Så kunne historia ha enda der, men neida. Frøken Effektiv skulle berre setje på ein maskin med ullvask i det ho var på veg ut dørane til foreldremøte. Dessverre gløymde ho å velje program og då vert det 60 graders kokvask.

Ein heil maskin med ullkler øydelagd. Små harde klumpar i staden for mjuke gode ullplagg, men det aller verste var jo hettejakka. Og ikkje var det nokon å kjefte på heller (ofte godt å få det ut, sant!?) 

Aldri meir svart hettejakka i ullfrotte.

Men gitt kva Nøstebarn har fått inn på lager: Hettejakke i svart ullfrotte med tilhøyrande bukse. I morgon tidleg reiser eg til Bergen og der ligg det eit sett og ventar på meg.

JIPPI seier eg berre


Hettejakke i ullfrotte


Joggebukse i ullfrotte
JIPPI

tirsdag 18. oktober 2011

Kven får sin ønskegenser strikka?

Førre veke hadde me ein konkurranse her på bloggen med premie litt utanom det vanlege. Sprørsmålet var: Korleis ser din ønske-genser ut? Vinnaren får genseren ferdig strikka av oss. Det var kjekt å sjå at det var så stor deltaking! Eg fekk lyst å starte landsdekkande strikkekurs med ein gong! Mange av dykk skreiv de ikkje hadde tid til å strikke. Kanskje samfunnet burde innført litt "strikkfri" kvar dag? Eg er sikker på at det hadde gjort mykje positivt for både "stress-skuldre" og slitne hovud. Strikking er terapi :-D


Me har valt å trekkje to vinnarar denne gongen og dei er:

Los novios sa...
Jeg ønsker meg en bestefarstrøye i brune og beige striper som lillegutt kan bruke neste vinter når han blir to år.
Elsker Nøstebarn, men kan dessverre ikke strikke klær - ennå. Øver meg på teppe, men det går sakte framover."

Her er bilete av Bestefartrøya som "Los novios" ønska seg. Oppskrift 1945 Bestefartrøye + Strikk til nøstebarn. Oppskrifta er til str 1/2 til 10 år og vert strikka i 2-tråds Merinoull.


Lisa sa...

Åh, det hadde vært helt fantastisk! I en hektisk studenttilværelse sitter en igjen med lite tid og slunken lommebok, når det i tillegg råder total talentløshet når det kommer til håndarbeide i familien blir det desverre lite hjemmestrikk på jr :( Er så utrolig mye jeg gjerne skulle hatt til ham, gode klær er jo prioritert selv med trang økonomi og ingen å arve av :( En rullegenser i brunt, hvitt eller beige, og små gule striper og knapper på skulderen hadde vært supert til jr her som snart runder sitt første år <3 "


Her er bilete av rullgenseren som Lisa ønska seg. (Oppskrift 1931 + Strikk til nøstebarn). Her er gensaren strikka i farge 56 Blåbær og 76 Eplegrønn i 2-tråds Merinoull.

Gratulerer til dykk! Send oss ein e-post til blogg@nostebarn.no med adressa. Me set i gong med strikkinga med ein gong og skal få tatt bilete og legge ut her på bloggen når gensrane er ferdige.

Eg vart veldig inspirert av å lese alle kommentarane de skreiv. Eg tenkte :"Å, ja det hadde vore fint" og "Det kunne eg og tenkt meg" og fekk lyst til å setje i gong på nye prosjekt. Så om nokon av dykk manglar inspirasjon rår eg dykk til å lese gjennom!

lørdag 15. oktober 2011

Stripevariasjonar 1

Det er ingen hemmelegheit at eg er glad i striper. Breide, smale, jamne, ujamne, kontrastfargar, få fargar, mange fargar.. ein kan variere i det uendelege! I dag får du sjå striper brukt på ulike måtar på bidrag me fekk inn til sommarstrikkutfordringa vår. Det er berre å la seg inspirere til meir stripestrikking ;-)

Anne Stine skriv:
"Mønsteret er "enkel nøstebarngenser" og er en av gratisoppskriftene. Jeg har strikket mye fra nøstebarnboka, men har ikke strikket rullegenseren der siden jenta mi er så ivrig på å bite på knapper. Denne var derfor perfekt ! Fargene er valgt ut på forhånd, men rekkefølgen på fargene og tykkelsen på stripene er improvisert underveis. Jeg har strikket sparkebukse og tunica i samme fargene.

Genseren er veldig anvendelig i 2 trådsgarn og macher lett andre plagg ettersom den har mange farger. Den er litt stor nå, så den holder hvertfall frem til neste sommer. Den er ment for bruk i barnehagen og hjemme. En fargerik genser til ei blid jente :) "



Renate har strikka Rullegenser i  Marine og Natur:
"Bare en rullegenser i maritim stil for båt-turen i sommer. Fikk desverre ikke tatt noen bilder, var en heller hektisk tur, men genseren ble brukt iallefall! :) På kvelden sto mor og vasket en genser full av is, potetsalat og som luktet godt saltvann!

Eneste endringen jeg gjorde var å ha to knapper istede for fire, hekling er ikke min sterkeste side, mest derfor det ble slik, men funker supert det da! "

Mariannehar strikka ein rullegenser i spreke fargar:
"Her kommer mitt bidrag til sommerutfordingen! Jeg bestilte masse garn av de utgående fargene, passet ypperlig da mitt nyttårsforsett er å lære meg å strikke etter oppskrift! Jeg har aldri strikket en genser i hele mitt liv, men hev meg på en rullegenser, praktisk til barnehagestart i august tenkte jeg. Genseren skulle være i retrofarger, men hadde så mange fine farger at det ble litt fler enn først planlagt..:) Men det gjør den mer anvendelig synes jeg, passer godt til det meste, hvis man ønsker å tenke matching, og barn er jo glad i sterke farger:) Genseren er strikket i 3-trådsgarn, men måtte prøve meg litt frem da jeg strikker noe løst,så jeg endte opp med å følge str 1/2 år til min sønn som er 16mnd. Har allerede fått masse komplimanger og gleder meg til å starte på
neste genser!"


Vibeke har strikka Rullegenser i fargane tre fargar:
Vibeke har ein bloggen Handmade Vibeke og her har ho skrive meir om genseren.

Takk for fin stripeinspirasjon alle 4 :-) Om nokon skal planlegge striper kan de sjå fargeoversikten her . Sjå også gjerne dette innlegget om striper der du finn link til ein lur "stripekalkulator som er genial når du skal planlegge eit plagg.

torsdag 13. oktober 2011

Eksperiment: Reversere feilvask?

I dag har eg tatt på meg labfrakken og er klar for eit eksperiment:
Alle veit kor irrerande det er med ullkler som er kome inn i kokvasken eller at ein heil maskin med ullkler er vaska på feil program. Ut av maskinen kjem godt tova plagg som slett ikkje passar lenger. Men er det mulig å "reversere" ein feilvask? Det har eg lurt på og det skal eg finne ut i dag. Eg skal prøve å gå litt vitenskapeleg til verks:

Utgongspunkt:
Eg har tatt fleire plagg i ull/silke og i ull som eg har teke nøyaktige mål av. Disse har eg vaska i maskinen på 60 grader i maskin. Målingane etterpå viste seg at kleda i ull krympa omlag 30 % på lengda, medan breidda vart den same (eller litt større). Ull/Silke-plagga krympa litt mindre, i gjennomsnitt om lag 20%. (Altså tåler Silkeblanding feilvask litt betre.)
På bakgrunn av tips og ting eg har lese har eg har tenkt å prøve 4 metodar:

  1. Skylje opp kleda med hårbalsam og prøve å strekke dei i fasong att.
  2. Ta ullkur på kleda og prøve å strekke dei i fasong.
  3. Dampe plagget medan eg prøver å strekke det i fasong.
  4. Kombinere punkt 3 med punkt 1 og 2.

Resultat:

1. Balsamering:
Eg brukte ein vanleg hårbalsam og smurte den inn i vått plagg. Eg strakk i plagget og det var tydeleg at plagget vart større. Skylte plagget fleire gonger, men det var ikkje så lett å få heilt ut balsamen. Plagget kjendes "sleipt" og glatt. (Dette skal jo inn på huden etterpå, så bruk ein "snill" balsam!) Då eg målte plagga etterpå var dei blitt litt større, men ikkje tilbake til utgongspunktet før toving.

2. Kurbad:
Tok ullkur på plagga (høg dose, som til ullbukser.) Kleda vart mjuke og verka lettare å strekke i. Strakk i dei før eg skylte ut ullkuren. Måling viste at dei var blitt om lag like store som plagga under punkt 1.

3. Damp:
Stilte strykejernet inn på høgaste temperatur og dampa over dei våte kleda. Strakk i plagga medan eg strauk og medan dei var varme. Dei vart litt større enn under punkt 1 og 2 og mista litt av det tova, tette uttrykket.

4.  Kombi:
Plagga som var balsamerte vart ikkje særleg større, sjølv med iherdig damping og strekk. Medan kleda som "kurerte" vart nesten tilbake til normal storleik. Det vis sei at etter både ullkur og damp er plagga ca 5% mindre enn dei var før feilvask. Ein ser tydeleg forskjell på plagg som ikkje er feilvaska og disse, men dei er fullt brukande.

Konklusjon:
Det var ikkje signifikant (flott ord!) forskjell på kleda i 100% ull og ull/silke. Ull/silke tova mindre, men ull var lettare å strekke i, så storleiken på begge etter metode 4 var det same.

Då plagga var tørre kjendes dei med balsam stive og ikkje ei god "ullkjensle". Både fordi ullfettet som var i plagget vert vaska ut ved kokvask og fordi plagga vart mjukare og meir elastisk, vil eg rå til å setje feilvaska plagg inn med ullkur. Og deretter dampe og strekke. (Dersom plagget er mykje brukt kan det gå hol når ein strekk mykje i det.) Dei vert kanskje ikkje passelege til eigaren av plagget, men til nokon som er litt mindre? Plagget vert mjukare og meir elastisk av denne metoden og mistar litt av det tjukke og tova uttrykket. 

Men heilt reversert vert feilvasken ikkje, så hold tunga rett i munnen når du skal vaske ;-)

Andre som har erfaringar dei vil dele med oss andre?

tirsdag 11. oktober 2011

Det enklaste det beste? Ny konkurranse

I dag er det på nytt tid for å vise nokre av dei fine tinga som kom inn til Sommarstikkutfordringa vår. Utfordringa var jo å strikke ein god bruksgenser. I dag får du sjå enkle gode gensrar, som eg er sikker på blir brukt mykje. -og så er det tid for ny konkurranse..

Marthe har strikka denne fine gensaren: Jeg har strikket 2 gensere i sommer,og bestemoren min har strikket 2.Jeg har strikket bestefartrøye i str 6 år til eldstegutten min,og så har jeg testet den nye oppskriften deres "enkel nøstebarngenser" på minstemann sin genser.På minsten sin genser har jeg brukt bare restegarn.Har ikke hatt noen spesielle "regler" når jeg har strikket,annet enn at det skulle være en svart stripe mellom hver av de andre fargene.Begge genserne er strikket i nøstebarn sitt totrådsgarn."


Marthe skriv vidare: "Bestemoren min har strikket to 2 "genser i 3-trådsgarn" til de to minste barna mine.Siden hun er snart 90 år og ikke har e-post selv,så tar jeg med genserne her;) Hun ble så ivrig på å strikke når jeg fortalte at det var en konkurranse,at hun strikket begge genserne på en uke:) Disse er strikket i 3-trådsgarn som er kjøpt på salg hos dere tidligere i sommer."
Marthe har ein fin blogg som de finn her. Innlegg om Bestemor sine gensrar her. Innlegg om Marte sine gensrar her.


Her kjem ein god bruksgensar: Raglangensar i dobbelt 2-tråds Merinoull:

Hilde Næss har skriv: "Eieren slo seg veldig vrang når det skulle fotograferes, så modellen er en tøyhund med litt rar kroppsfasong...

Raglangenseren er strikket med dobbelt 2-trådsgarn på pinne 3,5. Fargene er 41 syrin og 12 naturbrun sammen, og 72 lys oliven og en mørkere grønn (har mistet "beltet"/lappen) sammen."

Takk for fine bidrag alle saman! Så var det tid for konkurranse:

Din ønskegenser..
Nøstebarn sine oppskrifter er basisoppskrifter ein kan variere med stripe, fargar og dekor. Kva farge eller stripekombinasjon ville du valgt på ein barnegensar? Skriv ein kommentar på det og du er med i konkurransen.
Premie?
Eg trekkjer ein vinnar som får sin ønske-bruksgensar ferdig strikka tilsendt. Me skal gjere vårt beste for å strikke genseren akkurat slik du ser den for deg. Så her har også dei som ikkje kan strikke, ikkje har tid eller anledning til å designe sin eigen genser og få den fiks ferdig i posten.
De kan sjå oversikt over alle oppskriftene og fargane her. Dersom du veit kva oppskrift og fargar du ønsker kan du skrive det, viss ikkje kan du skrive td: "Tynn genser i striper i blåfargar". Så finn me ut av modell og storleik dersom du vinn.

Trekning: tysdag 18. oktober.

Lykke til!

torsdag 6. oktober 2011

mandag 3. oktober 2011

Tubeskjerf - ny gratisoppskrift

Sjølv om me har hatt "Indian summer" fleire stader i det siste er det snart på tide å kle på seg. Skjerf eller sjal er ein fin måte å friske opp ei ytterjakke ein er litt lei av. Og så er det jo VELDIG IN med sjal og skjerf no. (Sjå rundt deg! "Alle" går med det...) Og det er spesielt inn med tubeskjerf, altså eit skjerf/sjal som er sydd saman til ein ring. Det gjer at det er enklare å dandere rundt halsen uten klumpar eller endar som stikk ut.

Eg har strikka meg to tubeskjerf no i haust. Dei er strikka på ulik måte; det eine på langs og det andre på langs: