mandag 3. oktober 2011

Tubeskjerf - ny gratisoppskrift

Sjølv om me har hatt "Indian summer" fleire stader i det siste er det snart på tide å kle på seg. Skjerf eller sjal er ein fin måte å friske opp ei ytterjakke ein er litt lei av. Og så er det jo VELDIG IN med sjal og skjerf no. (Sjå rundt deg! "Alle" går med det...) Og det er spesielt inn med tubeskjerf, altså eit skjerf/sjal som er sydd saman til ein ring. Det gjer at det er enklare å dandere rundt halsen uten klumpar eller endar som stikk ut.

Eg har strikka meg to tubeskjerf no i haust. Dei er strikka på ulik måte; det eine på langs og det andre på langs:

Tubeskjerf strikka på tvers

Dette er strikka rundt på rundpinne med ein tråd av Silkeull. Det er pinne nr 6, så det er gjort på nokre kveldar. På bilete er ein av dei nye fargane i Silkeull 15 Muldvarp. I oppskrifta er det to str: dobbelt og tredobbelt. På bilete har eg på meg tredobbelt. Sjalet er lett og veldig behageleg å ha på både inne og ute. Under har eg mitt favorittplagg: Tunika i ull/silke.

Tubesjal strikka på langs

Dette skjerfet er strikka rundt på liten rundpinne og så er oppleggskanten og avfellingskanten sydd saman til slutt. Eg har strikka mitt i 2-tråds Merinoull i 56 Blåbær der halve sjalet har striper i 92 Naturgrå og 93 Skifer. Også dette sjalet kan ein strikke i 2 str :dobbelt og tredobbelt. På biletet har eg på dobbelt.
Dette sjalet kan også strikkast einsfarga, eller kva med breide striper eller strikke sjalet i felt i tid 3 ulike fargar?

Oppskrifta på tubeskjef både på tvers og på langs finn du her.


Ha ein fin dag!

7 kommentarer:

Ingvild sa...

Stilig! Dette må prøvast ut:)Kjekt med litt gratisoppskrifter i ny og ne:)

Veronica A. sa...

Fine! Tusen takk:)

Silkesauen sa...

Ja det fine med hausten er alle dei varmande, gode plagga! No vart eg inspirert til å tenkje på julegåver. Likte spesielt godt blåbær-skjerfet. Slike gratis-oppkrifter er supert.

Linda sa...

Så herlig med skjerf i silkeull! Dte står herved på strikkelista!

Synnøve sa...

Haha - det eine på langs og det andre på langs! ;) Kjekt med gratisoppskrifter altså :) men er disse litt "tynne og slaskete"? i navnet tubehals ligger for meg at de er litt tykke og fyldige. Ser for meg dobbel tråd - jeg vet ikke, hva tror du?

K@ri sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Kathrine Gregersen sa...

Synnøve :
Tanken var at det tynne skulle vere til innebruk eller når det ikkje var så kaldt. Det går heilt sikkert an å strikke med dobbelt garn. Men då ville eg kanskje lagt opp litt færre masker? Eg skal sjå om eg kan få testa ut strikkefastheten.