mandag 24. oktober 2011

Tid for mimring

Dette er mi siste veke som ansatt i Nøstebarn. 1.november startar eg i Ungt Entreprenørskap Agder. Eg ser fram til å få jobb her i Kristiansand, for eg treng å kome ut av heimekontoret. Men samstundes er det veldig vemodig å slutte i Nøstebarn. Det har vore åtte utfordrande og spennande år. Det siste året har eg drive bloggen og det har vore SÅ kjekt. Denne veka vil eg mimre litt og dra fram det beste (?) frå året på bloggen, men i dag vil eg mimre litt over mine 8 år i Nøstebarn


Eg starta i 2003. Fekk tak i lokaler på Bjølsen/Sagene til det som skulle bli Nøstebarn sin første butikk (foruten utsalget ved hovudkontoret i Bergen). Eg fekk god hjelp av vener, ektefelle, brør og Pappa og etter mange timar med hyllebeising, maling og rigging kunne me stolt opne butikken 1.september.


Her ser de "Nøstemor" (= Daglig leder Jannecke Riisøen),  meg og Berit dagen me opna. Berit var den einaste ansatte (foruten meg) og ho skulle arbeide torsdag kveld og enkelte laurdagar. Det viste seg ganske snart at eg trengte ho mykje meir og det vart også arbeid til fleire.

Søtaste butikken? Lokala var veldig små i forhold til besøket, så i 2005 fekk me tak i nye lokaler 20 meter lenger ned i gata. Her er Nøstebarnbutikken i Oslo å finne framleis i dag.

Så kom spennande år. Eg fekk vere med på planar for markedsføring og produktutvikling. I permisjonen eg hadde då eg fekk Hansemann (2006) arbeida eg med boka Strikk til nøstebarn. Det var mykje, men kjekt arbeid og eg var utruleg stolt og glad då boka kom ut i 2007. Og i  2008 kom Brukt på nytt.
Her eg eg på boklansering på Litteraturhuset i Oslo. Ein stolt dag :-)

I 2007 flytta familien sørover til Kristiansand, men eg fekk behalde jobben i Nøstebarn og fekk ansvaret for butikkane og oppstart av nye. I tillegg skulle eg arbeide med marknadsføring og vareutvikling. I 2007 opna Trondheim og i 2009 Sandvika. Eg har vore mykje på tur til butikkane både på møter, men også på på strikkearrangement og lapp-stoppekampanje etter Brukt på nytt.

Her er ein vegg i den første butikken. Fargane var natur, rødt, blått og rosa. I dag er det grønt, grått, brunt, lilla, lyng, muldvarp, petunia, skifer og breblå i tillegg. Å få vere med å ta ut fargar har vore det aller gjevaste.
I 2010 vart stillinga mi endra og eg skulle no ha fullt fokus på produktutvikling. Det har vore veldig kjekt å få lov å arbeide så kreativt og å få setje så mange idear ut i livet. Eg er "ulloman" på min hals og har sterke meiningar kva som er gode og fine barnekler. Er veldig glad i fargar og opptatt av at ting både skal vere godt og fint. Eg er så stolt over å ha fått vore ein del av Nøstebarn. Nøstebarn var lenge og er framleis annerledeslandet. Nøstebarn stod fast på sine prinsipp når det gjaldt miljø og etikk, når dette ikkje var like sjølvsagt og "i vinden" som det er i dag.

Håpar de følgjer meg denne siste veka på bloggen. Neste veke vert det nye bloggar her på Nøstebloggen. (Meir info kjem...)

12 kommentarer:

Systro sa...

Så kjekt med ein liten revy! Eg har fulgt Nøstebarn, handla klede og garn, heilt sidan med fekk vår førstefødde i 2000. Ei fantastisk utvikling, og fantastiske klede, dei held seg både i design og kvalitet. Jf mitt siste innlegg på min blogg...

Marit sa...

Kjekt me mimring og du har gjort ein god jobb. Mitt eige forhold til Nøstebarn går heile 30 år tilbake i tid og eg har heilt sidan byrjinga komt tilbake til garnet frå Nøstebarn fyrst og fremst. Både barn og barnebarn har nytt godt av bleiebukser,bodyar og anna strikka i garn frå nøstebarn. Lukka til vidare i ny jobb.

Umulia sa...

Masse lykke til videre. For meg er du en stor del av Nøstebarn, og jeg har nesten blitt litt "starstruck" når du har vært hos oss i butikken i Sandvika;) Veldig inspirerende og lærerikt var det også. Som sagt: Lykke til videre:)og det er litt vemodig for oss andre også!!
Kari, Sandvika.

SILKESAUEN sa...

No fekk eg ein liten klump i halsen... For meg er DU Nøstebarn. Eg har begge bøkene dine, og har med glede og inspirasjon følgd Nøstebloggen. Den/dei som overtek får litt av ei utfordring! Eg veit at Nøstebarn har halde på endå lenger enn deg, men likevel: Med deg fekk firmaet (for meg) eit kreativt ansikt!

Lukke til med ny jobb på "heimebane"!

marialovviken sa...

Lykke til videre, Nøstebarn blir ikke det samme uten deg!

Tara sa...

Det blir kjekt å følge denne mimreuka.

Elisabeth sa...

Fikk litt tårer i øynene nå, for du har liksom blitt Nøstebarn for meg. Tenker på oppskrifter, bøkene og ikke minst bloggen. Det blir hardt for den/de som skal overta Nøstebloggen, for jeg går sterk ut fra at den skal fortsette så bra og godt likt den er ;) Du har gjort en utrolig bra jobb for bedriften, og jeg er helt sikker på at salget må ha økt etter at bøkene kom ut og bloggen ble startet.
Lykke til med ny jobb, men glem ikke alle oss som har hatt den glede av den produktutviklingen du har stått for. Vi hadde selvfølgelig håpet at du skulle gi oss enda flere oppskrifter, og kanskje du kan det allikevel, selv om du går over i annen jobb?
Du vil bli savnet, men i samme åndedrag ønsker jeg velkommen og lykke til til den/de som skal overta her og sørge for at "butikken" blir drevet like godt framover :)

Veronica A. sa...

Da jeg så at Nøstebarn søkte etter ny kreativ leder og blogg-ansvarlig, tenkte jeg at vedkommede får store sko å fylle! Tusen takk for all inspirasjon du har gitt gjennom bøkene dine og her på bloggen - og lykke til i ny jobb!!!

Laila staib sa...

Det blir rart at du ikke lengre er en del av Nøstebarn. Masse lykke til med nye utfordringer Kathrine;)

Ellen Marie sa...

Å eg kommer til å savne deg! Takk for all inspirasjon og lærdom! Har begge bøkene dine og har fulgt med bloggen siden oppstarten :-) Lykke til videre. Hilsen fra en stor fan :-)

Elisabeth H sa...

Fine, fine Kathrine! Og fine butikken "vår" (ja, den var litt "min" óg etterkvart...;)), med ein liten pult til å eta baggisar og cookies frå Bittes mellom turane ned i den mørke lagerkjellaren. Gode minner og gode tider med flotte folk!

Kathrine G. sa...

Hei, dåke alle saman!
Takk for SÅ fine ord!
Dei varmar! Eg er klar for ny jobb, men samtidig er det vemodig å slutte i Nøstebarn.