Dette er fjerde og siste innlegg (så langt!) om Babytepper. De som har vore innom bloggen lenge veit at eg i fjor haust hadde litt "dilla" på volangar. Det resulterte i fleire variantar av sjal. (Sjå gjerne dette innlegget.) I alle fall tenkte eg at eit teppe med volangkant måtte vere nydeleg!?
Dette er det første teppet eg strikka med volang. Strikka på pinne nr 5 og i 2-tråds Merinoull og farge 10 Natur. Eg hekla på volangen nede og oppe samtidig med teppet og så strikka eg på kantane på sidene etterpå.
Eg måtte sy saman hjørnene på volangkantane og medan eg gjorde dette tenkte eg at det kanskje gjekk an å strikke det heilt i eit stykke. Måtte jo sjølvsagt prøve det..
Så eg strikka eit teppe i farge 72 Lys oliven der eg strikka volangen i kantane på den måten at eg strikka 2 ekstra pinnar på dei ytste 7 maskene kvar gong eg snudde. Det vart ikkje like flott spenst over volangen, men det kan ha noko med at eg strikka på pinne nr 6 og det andre teppet på pinne nr 5? Her strikka eg også volangen breidare.
Klarer ikkje bestemme meg for kva eg vil anbefale, derfor gir eg her oppskrifta på begge, så kan de velje sjølv..
Minnar om at 1 rille = 2 pinnar rett.
Teppe med volangkant versjon 1 (der ein strikkar sidekantane på etterpå)
200 gram 2-tråds Merinoull eller Silkeull
Pinne nr 5
Legg opp 288 m og strikk 7 riller. Strikk 2 m r sm pinnen ut (= 144m).
Strikk fram og tilbake til arbeidet måler ca 125 cm.
Strikk 2 m i kvar m på neste p (= 288m).
Strikk 7 riller. Fell av.
Strikk opp masker langs den eine sida av teppet (ikkje langs volangen). Doble masketalet på neste p ved å strikke 2m i kvar m. strikk 7 riller. Fell av.
Gjer det same langs den andre sida av teppet.
Sy saman hjørnene på volangkantane og fest trådane.
Teppe med volangkant versjon 2 (Strikka i eit stykke)
200 gram 2-tråds Merinoull eller Silkeull
Pinne nr 5
Legg opp 306 m og strikk 7 riller. Strikk 7m, 2 m r sm pinnen ut til det er 7 m att, strikk dei siste 7m
(= 160m).
Strikk vidare slik: *Strikk 7 m, snu, strikk tilbake, strikk 1 p*. Gjenta *-*.
Strikk til arbeidet målar ca 125 cm.
Auk ut for volang på neste p slik:
8m, 2 m rs til det er 7 m att, strikk dei siste 7m. (=306m)
Strikk 8 riller. Fell av.
Ein kan gjerne gjere volangane smalare. Til dømes 4-5 riller.
Lykke til!
Viser innlegg med etiketten Babyteppe. Vis alle innlegg

onsdag 31. august 2011
tirsdag 30. august 2011
Babyteppe -Striper
Så var det kalrt for innlegg 3 med tema Babytepper. Som sagt, kan me variere dei i det uendelege med dekor, fargar, striper, mønster og kantar. I dag er striper tema og eg kosar meg. Eg elskar striper; både fordi det er kjekt å komponere stripesamansetninga, kjekt å strikke og det er fint med striper. Og i dag altså striper på tepper:
Det er veldig greit å strikke 2 pinnar i kvar farge. Det fungerer fint med ton i ton-fargar, her har eg strikka i farge 31 Lys rosa og 32 Lyng. Det er også fint med breiare striper, men då er det kanskje ikkje så lett å få fine kantar fordi ein må dra med seg tråden lenger. Men ein heklar kanskje ein kant (sjå innlegget i går) uansett?
Ein annan måte å strikke striper på er denne:
Dei 3 neste pinnane skal strikkast på retta:
1.pinne: Farge 1
2.pinne: Farge 2
3.Pinne: Farge 3
Dei 3 neste pinnane skal strikkast på vranga:
1.pinne: Farge 1
2.pinne: Farge 2
3.Pinne: Farge 3
Ein strikkar altså maskene same vei 3 gonger før ein strikkar dei andre vei 3 gonger. På denne måten får ein 3-doble riller uten å strikke vrangt. Eg trur eg ville valgt fargar som hormonerer godt her. (Same "tone" altså ikkje kombinere veldig lyse og veldig mørke?) Eg har brukt farge 52 Dueblå, 51 Lys blå og 62 Breblå.
Kantane vert ikkje så fine, men det fiksar me med ei rad fastmasker rundt teppet.
Så hadde eg tenkt ut ein del andre stripekombinasjonar, men det var det med å få tida til å strekke til då..
Derfor har eg teikna opp nokre av ideane:
Det var litt om striper. Nokon som har andre idear eller erfaringar med striper og tepper?

mandag 29. august 2011
Babyteppe -Kantar
Dette er innlegg to om Mor Signes Babyteppe. Takk for alle fine kommentarar på førre innlegg. Kjekt å høyre at de er strikkar i veg og er nøgd med teppene. I dag er temaet kantar. Det kan vere greit å hekle ein kant på teppene, både for dekoren si skuld og for å få ein sterkare kant. Det er viktig å ikkje hekle kanten for stram, for teppet er jo laust strikka og veldig laust strikka. Bruk derfor heklekrok nr 3,5-4.
Dei teppene som er strikka på skrå får ei fin holrad langs kanten, så dei treng ikkje heklekant!?
Teppene som ein strikkar fram og tilbake er det fint med ein musetaggkant. Første rad heklar du fastmasker og på den neste ein picotkant: 3lm, 1 fm i 1. lm, hopp over 1m, 1 kjm i neste m.
Kanten kan heklast i same farge som resten av teppet eller ein kan hekle rad 2 i kontrastfarge.
Dersom ein vil ha rundare taggar kan ein hekle slik: 4 lm, 1 halvst i 1. lm, hopp over 1m, 1kjm i neste.
Ein kan også strikke kant på samstuned som ein feller av. Dette gjeld jo berre på ei side, så ein må då ta opp masker på dei 3 resterande. Du finn video på korleis du gjer dette her.
Teppe i farge 42 Klar Lilla: Dersom ein vil ha større blonde på teppet kan ein hekle kanten slik:
1.rad: 1fm i kvar omg/m.
2.rad: *(1st, 1lm) 4gonger + 1st i den 3. neste fm, 1kjm i 3.neste fm*. Gjenta *-*.
Dersom ein vil ha ein enklare kant kan ein berre hekle 1-2 rader fastmasker. Dersom ein vil hekle i kontrastfarge vert det best resultat dersom ein heklar ei rad i same farge som teppet først.
Teppet er strikka i farge 51 Lys blå og kantane er i 72 Lys Oliven og 54 Jeans. Du kan sjå oversikt over alle fargane i 2-tråds Merinoull her.

fredag 26. august 2011
Baby teppe -Intro
Mor Signes babyteppe (oppskrift 1904 + Strikk til Nøstebarn) er det mykje av garnet me sel, vert brukt til. Eit mjukt og lett teppe strikka i mjuk ull på tjukke pinnar vert garantert mykje brukt. Teppet ersattar helseteppene i bomull og det kjekke er at ein treng berre eitt.
Historia bak..
Det var i 1986 og Nøstebarn heitte den gong Nøstebaren og var ein rein garnbutikk. Signe som var ein av dei som dreiv det, ville strikke eit godt teppe til niesa sitt ventande barn.
Ho strikka eit teppe med tynn merinoull på pinne nr 6. Fleire rynka på nasen; det såg litt rart ut!? Men tilbakemeldinga som kom frå foreldra til babyen etter ei tid: Dette teppet er best: mjukt og godt, det blir brukt døgnet rundt og babyen elskar det.
Så vart det etter kvart fleire babytepper til nye familiemedlemmar og kundane la óg sin elsk på teppet. I dag er det mange babyar i Noreg som får eit deilig teppe.

tirsdag 9. august 2011
Teppestrikk
Så var ferien over for denne gong. Sjølv om vekene har gått veldig raskt er det godt å vere tilbake. Første halvdel av ferie var me på camping og då vart det mykje strikking. Eg strikka teppe i dobbelt 2-tråds/3-tråds Merinoull til mi niese som skal flytte i leilighet i Oslo til hausten. Kvar gong ho er på besøk hos meg kroar ho seg under strikketeppet mitt og eg hadde lyst å gi ho eit slikt.
Tepper er strikka i teknikken "Fristrikk" som eg har forklart i "Brukt på nytt". Ein kan nytte restar og sjølv om det består av mange fargar er det berre ein saum å sy.
Eg har strikka to store kvadrat som eg sydde saman før eg strikka kanten rundt. Det er kjekt arbeid: Det veks raskt med pinne nr 6 og det er kjekt å planlegge fargesamansetninga.
Eg har brukt mange fargar fordi Eline er ei fargeglad ung dame. Nokre av garnet er restar av utgått garn, men dei fleste er i sal fremdeles. Det er også fint å bruke færre fargar.
Det har vore skiftande ver her i sommar (som alle andre stader?). Verandaen i 2. etasje har vore mykje brukt. Her har eg ståande ei korg med tepper og jakkar som står klar når kvelden kjem. Ullfleecejakken min vart også mykje brukt på campingturen. Eg elskar å site ute til langt på natt, men det kan bli kaldt om ein ikkje er godt kledd og det er langt frå tropenatt. I korga har eg også babyteppene etter ungane og tepper eg har strikka og sydd.
Eg ser det er mange som har vore innom bloggen i sommar og det er kjekt. No har alle butikkane gjesteblogga 2 veker kvar. Det har vore inspirerande å lese. Eg kan anbefale å gå inn og sjå for dei som ikkje har fått det med seg. Det hadde vore kjekt å høyre om nokon har latt seg inspirere? Og kva har de hatt mellom fingane i sommar? Legg gjerne link til blogg om du har det!
Og så ser eg det er kome inn mange gode bidrag i Sommarutfordringa til Nøstebarn. Fristen er 20.august, så det er endå ikkje for seint å sende inn. Eg gler meg veldig til å vise alt det fine her på bloggen.
Er klar for ein kreativ og aktiv haust!

onsdag 29. juni 2011
Knute på tråden?
Den hyllen i butikken vår som kundene nok bruker mest tid foran, er garnhyllen. Alle de fargene! Hvordan skal man kunne velge bare én..?
Abonner på:
Innlegg (Atom)