tirsdag 9. august 2011

Teppestrikk

Så var ferien over for denne gong. Sjølv om vekene har gått veldig raskt er det godt å vere tilbake. Første halvdel av ferie var me på camping og då vart det mykje strikking. Eg strikka teppe i dobbelt 2-tråds/3-tråds Merinoull til mi niese som skal flytte i leilighet i Oslo til hausten. Kvar gong ho er på besøk hos meg kroar ho seg under strikketeppet mitt og eg hadde lyst å gi ho eit slikt.
Tepper er strikka i teknikken "Fristrikk" som eg har forklart i "Brukt på nytt". Ein kan nytte restar og sjølv om det består av mange fargar er det berre ein saum å sy.


Eg har strikka to store kvadrat som eg sydde saman før eg strikka kanten rundt. Det er kjekt arbeid: Det veks raskt med pinne nr 6 og det er kjekt å planlegge fargesamansetninga.


Eg har brukt mange fargar fordi Eline er ei fargeglad ung dame. Nokre av garnet er restar av utgått garn, men dei fleste er i sal fremdeles. Det er også fint å bruke færre fargar.

Det har vore skiftande ver her i sommar (som alle andre stader?). Verandaen i 2. etasje har vore mykje brukt. Her har eg ståande ei korg med tepper og jakkar som står klar når kvelden kjem. Ullfleecejakken min vart også mykje brukt på campingturen. Eg elskar å site ute til langt på natt, men det kan bli kaldt om ein ikkje er godt kledd og det er langt frå tropenatt. I korga har eg også babyteppene etter ungane og tepper eg har strikka og sydd.

Eg ser det er mange som har vore innom bloggen i sommar og det er kjekt. No har alle butikkane gjesteblogga 2 veker kvar. Det har vore inspirerande å lese. Eg kan anbefale å gå inn og sjå for dei som ikkje har fått det med seg. Det hadde vore kjekt å høyre om nokon har latt seg inspirere? Og kva har de hatt mellom fingane i sommar? Legg gjerne link til blogg om du har det!

Og så ser eg det er kome inn mange gode bidrag i Sommarutfordringa til Nøstebarn. Fristen er 20.august, så det er endå ikkje for seint å sende inn. Eg gler meg veldig til å vise alt det fine her på bloggen.

Er klar for ein kreativ og aktiv haust!

8 kommentarer:

Irene sa...

så flott teppe! Hvor stort laget du det ( enten i cm x cm eller evt i antall gram av garn)?

Kathrine Gregersen sa...

Godt spørsmål, Irene! Eg har allerede gitt det frå meg, men siden eg har ei så snill niese målte og vegde ho det no:
680 gram
110 x 180 cm

Anonym sa...

God inspirasjon til teppestrikk dette her! Skal i gang med ett til min eldste som flytter hjemmefra i disse dager... Er litt usikker på hva som er mest praktisk i forhold til størrelse, men dette ga jo en pekepinn :-)
Mvh KristinB

marialovviken sa...

Kjempefint teppe!

Anonym sa...

Stilig! Nå fikk jeg skikkelig lyst å strikke teppe :) Kan jeg blande 2 tråd og 3-tråd garn i samme teppe?
Hilsen nybegynneren :)

Kathrine G. sa...

Eg har blanda 2-tråds og 3-tråds. Eg legg 2-tråd garnet dobbelt når eg strikkar. Lykke til!

Anonym sa...

Tusen takk Kathrine!!
hilsen nybegynneren :)

Misemor sa...

Så flott teppe, lur måte å få brukt litt av garnlageret på. =) Gleder meg til boka kommer i posten, så har jeg oppskrifta også! =)