mandag 29. november 2010

Skjerf, snurr deg!

Såg eit hekla skjerf på ei som var på strikketreff hos meg i haust. Sette i gong med ein gong. Fant ut at  Silkeull hadde den fine glansen som passa godt til lekre sjal. Silkeull er også  utruleg godt  å ha på  både innomhus og ute. Silkeull kjem i fargane Natur, Blå, Lyng, Vårgrønn og Tinn. Du kan finne garnet her .


Janna i Lyngfarga skjerf: Brukte heklekrok 3 og 4 og Silkeull.
Hekle luftmasker på heklekrok nr 4 til ønsket lengde.
Skift til heklekrok 3.
1.rad: 3st i kvar lm. (= 300 st)
2.rad: Hekle 2st i kvar st  (= 600 st)
Ein kan halde fram med rad 2 til det er så bredt som du vil ha det.



Åshild i Tinn-farga skjerf: Det lyng-farga vart litt smalt, så det neste hekla eg med dobbelt garn og heklekrok 4.

For å få eit luftigare skjerf kan ein hekle slik:
Silkeull og heklekrok 3,5.
Hekle lm til passe lengde til dømes 100
1.rad: (1 dobbelst, 1lm, 1dobbelst) i kvar lm, 1 lm  (= 200 dobbel-st)
2.rad: Som rad 1, men nedtak om luftmaska frå førre rad. (= 400 dobbelst.)


Det vårgrøne sjalet har eg hekla med stavar i staden for dobbelstavar.
Neste innlegg: strikka variant av snurreskjerf. Dette vert julegåve til fleire av venninnene mine.

fredag 26. november 2010

Messetid!

Så er eg i gong med bloggen for Nøstebarn. Eg håper at bloggen kan inspirere og at det kan verte ein fin møteplass for alle som er interessert i nøstestrikk og bruk av Nøstebarn-klede. Er det nokon som har tips eller idear dei vil dele med oss andre kan de legge att ein kommentar, link til eigen blogg eller sende meg ein e-post på kathrine@nostebarn.no . Det vert litt konkurransar etter kvart.

Det første innlegget må nesten handle om det eg held på med akkurat no og det er rigging til julemesse.
Eg elskar julemesser. Prøver å besøke så mange eg kan kvart år. Det er noko med stemninga og så er det så flott å sjå og kunne kjøpe handlaga ting. Blir så lei av alt det masseproduserte som er rundt alle veiar. Inspirerande å sjå alt det fine andre lagar. Har sjølv deltatt på Bygdøy og Blå i Oslo, Designernes julemarked i Kristiansand og Randesund Lysstøperi sin julemarknad. Denne hausten har eg hatt 4 verkstad-kveldar i Hånes kyrkje, der me har laga tøflar, nissar, englar og brosjer. Det har vore kjekke og inspirerande kveldar. No er det spennande å sjå om tinga sel også. Messe på laurdag kl 11.30-18. Legg ved nokre bilete til inspirasjon!

Nissane er frå Brukt på nytt og sydde av mellom anna
avlagte Nøstebarn-klede.

 
 Tøflane er mønster Brukt på nytt og sydde av godt tova ullklede.
Sydd for hand.

  
Dei hekla blomebrosjene er oppskrift etter  Strikk til nøstebarn. Limte på perlene med limpistol på grunn av dårleg tid. Vanskeleg å få til å halde,
så neste gong skal eg sy dei fast.
   

Disse brosjene er klyppt ut av veldig tjukt tova ullstoff etter mal
frå "Brukt på nytt". Har sydd på strass frå Stoff & Stil og litt fløyelsband.


  Englane er også eigen ide. Har laga dei med streng, perler
og tyll til vengjer.


Må ta med desse søte til slutt. Bamsane er ikkje meir enn ca 3 cm. Vart seld som anheng mobil, men dei berre måtte bli med meg heim. Og no trur eg dei eer retteleg nøgde der dei ligg i kvar si fyrstikkeske og utstyrt med dyne og pute.