Eg har strikka nytt stoltrekk til ein gamal stol far min skaffa seg då han flytta på hybel på 1960-talet ein gong. Setet var veldig slete og eg fekk lyst å prøve ny teknikk då eg skulle i gong med stoltrekk. Valet falt på Dominostrikk som viste seg å vere genialt på den måten at ein slepp å sy saman rutene.
Rutene måler ca 5x5 cm og sjølv om det var kjekt å strikke var eg veldig einig med meg sjølv i at om det skulle bli dominostrikk att måtte det bli større ruter.
Teppe i dominostrikk
Eg har derfor laga oppskrift til eit teppe der rutene er så store at maskene akkurat får plass på strømpepinnar. (Det er ingenting i veien på å strikke på lange pinnar eller rundpinne på dominostrikk, men det er jo hendig å bruke strømpepinnar.) Teppet er i 3-tråds merinoull, men det går heilt fint å strikke med dobbelt 2-tråds Merino og. Eg har brukt pinne nr 4 og det gjer teppet ganske fast. Dersom ein vil ha eit lettare teppe kan ein strikke på litt tjukkare pinnar. Kvar rute måler ca 11 x 11 cm.
Eg har berre strikka ein liten prøve som måler ca 55 x 55 cm, men i oppskrifta har eg laga 3 størrelsar: Baby, Junior og vaksen.
Her er bilete av baksida av teppet (tatt etter at trådane er festa.) Fantastisk deilig å sleppe å sy saman rutene. Fest trådane og teppet er fiks ferdig!
Eg kan tenkje meg at eit slikt teppe kunne vore flott i mange mange fargar på same teppe, men lilla-rosatonar eller naturfargar eller kanskje nokre av fargeforslaga eg har laga til under kan vere fint?
Oppskrifta på teppet finn du her. Og dersom du ikkje er heilt stø på strikka opplegg som er anbefalt i forhold til Dominostrikk kan du sjå på video her:
PS. I skrivande stund er det 190 deltakarar på konkurransen denne veka. Vert det 200 kan me trekkje to garnpakkar på 500 gram.HERfinn du innlegget med konkurransen :-)
Dominostrikk er supert for meg som ikke liker sy sammen lapper! Jeg synes baksiden er ganske så dekorativ også. Har strikket vogntepper i dette, http://meretesmonstermonster.blogspot.com/2010/05/oppsummeringspost-litt-om-teppet.html
Oi, så fine teppene ble. :-) Fikk lyst til å prøve meg på domino-strikk jeg også. takk for fint forslag, og kjempekjekt at du har med videoklipp. :-) Alltid lettere å forstå da. :-) takkehilsner fra vibeke. :-)
8 kommentarer:
Dominostrikk er supert for meg som ikke liker sy sammen lapper! Jeg synes baksiden er ganske så dekorativ også. Har strikket vogntepper i dette, http://meretesmonstermonster.blogspot.com/2010/05/oppsummeringspost-litt-om-teppet.html
kjempe fint teppe! :-)
Kjempefine tepper, dette var en god ide! :)
Oi, dette så kjekt ut - fin teknikk =) Flott teppe!!
Kjempefint teppe og stoltrekk. Har fundert på å lære meg dette, kanskje nå...? Flotte fagekomboer du hadde laget også.
Ditta såg kjekt ut!
Da ska eg heilt klart prøva ein dag :-)
Anette
Oi, så fine teppene ble. :-) Fikk lyst til å prøve meg på domino-strikk jeg også. takk for fint forslag, og kjempekjekt at du har med videoklipp. :-) Alltid lettere å forstå da. :-)
takkehilsner fra vibeke. :-)
Hei.Ser at denne siden er noen år gammel, men håper på svar.
Når jeg trykker på koblingen til oppskriften, så finnes ikke siden?
Legg inn en kommentar