onsdag 16. februar 2011

utan ein tråd -Nålefilting

Før jul fekk eg tips om å bruke teknikken nålefilting  til vøling av ullkler. Det er ein informativ video av framgongsmåte her.

Det ser jo heilt genialt ut? Dette måtte eg jo teste ut! Nålefilting er brukt av klesundustrien for å lage tjukkare ullstoff til kåper o.l. I dei seinare år er dette blitt populært også til hobbybasis. Eg har utstyret som skal til fordi ungane og eg har laga diverse figurar og pynt med teknikken. Det er overraskande enkelt å forme figurar og det er berre å leggje meir ull på og stikke videre dersom det er blir tynt somme stader.

Må innrøma at eg er litt skeptisk til å bruke teknikken på bruksplagg? Vil det ikkje berre hakke opp plagget? Vil det vere haldbart i bruk? Kanskje på plagg som er slitt, men vil det fungere å dekkje over hol?



Utstyr:
Ein treng ei spesialnål til nålefilting som har små haker som tar fibrane med seg gjennom stoffet og gjer at fibrane hektar seg i kvarandre og stoffet. Det finst og nåler som ein kan setje i symaskinen. Det må vere greit for det blir mange gonger ein må ta nåla opp og ned..
Karda ull. Det blå ulla på biletet er kamma og eg vil prøve om det fungerer også.
Underlag i skumgummi eller liknande.
(Alt er å få kjøpt i hobbybutikkar.)



Eg har funne fram ei sparkebukse i ullfrotte, ein tynn ullsokk med hol, ein ullfleecedress, ein longs i ull/silke med hol på kneet og kragejakke som er tynnsliten på albogane:









Sokk: Det fungerte overraskande bra. Litt utfordrande å få det jevnt tjukt, men likevel ikkje klumpete. Men det dekka holet og vart ikkje ubehageleg å trø på.









Longs med stort hol på kneet: Ulla dekka holet godt, vart mjukt og godt og nåla hakka ikkje opp stoffet (som eg hadde frykta..) Men eg måtte leggje ganske tjukt lag for at det skulle dekkje holet.














Sparkebukse i ullfrotte: Her fungerte det veldig godt.













 Laga eit hjarta på kneet..












 Ullfleecedress: Her brukte eg den kamma ulla og eg måtte børste den litt opp. (Skulle hatt karde!). Det var ikkje så lett å få det fint, men det gjekk. eg syntes også at det var greit at filtinga ikkje var så tett, sidan ullfleecen er ganske løn. Som de ser forma eg bil.







Så til kragejakken min: Den fekk ei stor oval filting på albogen. Måtte lage det ganske tjukt fordi det jakke skein gjennom ulla når eg fekk jakken på. Det kan vere at eg burde holdt på med stikkinga litt lenger, men no var eg litt lei.. Men fint vart det?









Konklusjon:
  • Det hakka ikkje opp kleda og var overaskande enkelt å få til.
  • Grei ting å gjere saman med ungane? (Ikkje for små ungar, lett å stikke seg.)
  • Eg ville ikkje gjort det på babyplagg dersom ein ikkje er sikker på at fargestoffa er trygge og eg tenkjer at det kan vere kjekt for små babhender å plukke det av?
  • Vil nokon oppleve at det klør når ein får det inn på huden? (Hansemann, som er veldig var på stikkete ting, reagerte ikkje.)
  • Det fungerer, men vil det tåle vask og bruk? Eg har vaska fleire av kleda eg har vøla. (Trudde kanskje eg ville finne att filtinga som små ballar i vaskemaskinen, og var glad for at eg hadde tatt bilete før eg heiv kleda i vaskemaskinen.) Hansemann tar i bruk longsen og eg jakken, så skal eg gi dykk tilbakemelding om korleis det går.
Nokon som har meir erfaring med nålefilting enn meg og som veit korleis det fungerer i bruk?

18 kommentarer:

Anonym sa...

så smart måte å fikse hull på. Wow.

Anette Skogshuldra sa...

Detta var smart og så fint det blir.
Har du prøvd å brodere med tykk ull trå på plagge for så å tove opp/inn det broderte ? (da for mindre detaljer)
Og så blir det liksom lit sydd sammen også, vist hulle er stort.

Lucky Rock Designs sa...

En god ide.Jeg har en ulldress med et lite hull i.. tror jammen jeg skal prøve meg på dette siden jeg ikke har symaskin å få sydd på lapper... Syns ikke de holder like godt om man syr for hånd :P

Ingvild sa...

Fiffig:) har filtenål liggende, kanskje det fungerer på litt løst tvinna garn også. Har ikke ull i så mange farger liggende. Jeg er veldig spent på hvordan filtinga sitter etter litt bruk, du får følge opp med bilder.

Anne Lise sa...

Dette var spennende. Det ser jo fint ut også. Særlig var bilen og hjertet fint! Men jeg er veldig spent på brukskvaliteten. Hva var tidsbruken på dette? Sånn ca..

Ingrid sa...

Jeg har brukt filting som dekor på strikkeplagg, og det er ikke spesielt slitesterkt. Mulig jeg har blitt litt vel fort lei stikkinga? Men jeg skal prøve det på hull som ikke er på typiske slitesteder, men som har kommet der av annen grunn enn ren slitasje.

Husfruen sa...

Dette så artig ut

Unn sa...

dette er ein fantastisk blogg. eg håpar den endar opp som ei ny bok frå deg! - så slepp eg å skrive ut alt som står her for å ha det for handa når eg skal setje meg ned og vøle.

Monstermønster sa...

Har tidligere nålefiltet en stim med fisk på ullbuksa til sønnen, men de falt av etter noen måneders bruk. Så jeg ville kanskje nålefiltet til pynt på steder som ikke er så hardt belastet som rumpa på ei ullbukse? Vottepynt eller beinet på buksa?

Eva sa...

Dette så ikke så vanskelig ut, så det må prøves - femåringen har hull på alle knær...

Forresten - kan man vøle strømpebukser også? Og hvilken metode er da best?

Ulla-Bella sa...

Hei. Jeg har erfaring med at det lønner seg og ta på litt grønnsåpe etterpå, og gni over området. På denne måten blir det mer slitesterkt.

camilla-kvamme sa...

Dette ble kjempe fint, nå har jeg enda mer jeg vil prøve :) Jeg er veldig enig med det som Unn sa litt lenger oppe, jeg og håper at tipsene fra bloggen blir til en ny bok :)

hingva sa...

Nå fikkjeg lyst til å lære meg å filte! Det er jo en super måte å dekorere plagg på. Bilen og hjertet ble veldig fint:-)

Pernille sa...

Jeg har filtet litt på en pysj og det har fungert fint. Jeg har filtenål på symaskina mi.

Kathrine G. sa...

Takk for de som har delt erfaringar og tips!
Longsen og kragejakka har no vore i bruk i 2 døger og dei heng på fortsatt! Skal gi tilbakemelding om ei stund i forhold til slitestyrke.
Og når det gjeld ny bok?
Eg? Kanskje det?
Forlaget? Klar!
Gubben: Never!
Så me får sjå :-)
Eg ser jo at det kunne vore veldig nyttig med ein liten manual ein kunne hatt på fanget..

Anonym sa...

Med så mange nyttige tips kunne det absolutt vært kjekt med en bok eller hefte der alt er samlet:)
Inger B.

Henriette Johannesen henrism@hotmail.com sa...

Jeg har funnet ut at jeg etter noen runders vasking må "fylle på" med litt mer ull, spesielt på knærne på stillongsene. Men jeg har ikke lappet så store felt som det du har. Jeg forsterker slitte sokker før det går hull med denne teknikken, prøver så tynt lag jeg klarer først, for at det ikke skal bli klage fra brukerne ;)
Første gang jeg lappet, brukte jeg den tynneste nålen, da tok det veldig lang tid å få det tett, men det ble veldig pent. Grovere nål (enkel eller med 4-nålers) går fortere, men blir mer "nuppete", synes jeg.
Takk for flott blogg forresten! Kjekt med gjenbruk!

msofie87 sa...

Ei ullvøl-bok hadde vorte godt brukt her hjå oss. Kryssar fingrane!