Sider

onsdag 31. august 2011

Babyteppe - med volang

Dette er fjerde og siste innlegg (så langt!) om Babytepper. De som har vore innom bloggen lenge veit at eg i fjor haust hadde litt "dilla" på volangar. Det resulterte i fleire variantar av sjal. (Sjå gjerne dette innlegget.) I alle fall tenkte eg at eit teppe med volangkant måtte vere nydeleg!?

Dette er det første teppet eg strikka med volang. Strikka på pinne nr 5 og i 2-tråds Merinoull og farge 10 Natur. Eg hekla på volangen nede og oppe samtidig med teppet og så strikka eg på kantane på sidene etterpå.

Eg måtte sy saman hjørnene på volangkantane og medan eg gjorde dette tenkte eg at det kanskje gjekk an å strikke det heilt i eit stykke. Måtte jo sjølvsagt prøve det..


Så eg strikka eit teppe i farge 72 Lys oliven der eg strikka volangen i kantane på den måten at eg strikka 2 ekstra pinnar på dei ytste 7 maskene kvar gong eg snudde. Det vart ikkje like flott spenst over volangen, men det kan ha noko med at eg strikka på pinne nr 6 og det andre teppet på pinne nr 5? Her strikka eg også volangen breidare.
Klarer ikkje bestemme meg for kva eg vil anbefale, derfor gir eg her oppskrifta på begge, så kan de velje sjølv..

Minnar om at 1 rille = 2 pinnar rett.

Teppe med volangkant versjon 1 (der ein strikkar sidekantane på etterpå)
200 gram 2-tråds Merinoull eller Silkeull
Pinne nr 5

Legg opp 288 m og strikk 7 riller. Strikk 2 m r sm pinnen ut (= 144m).
Strikk fram og tilbake til arbeidet måler ca 125 cm.
Strikk 2 m i kvar m på neste p (= 288m).
Strikk 7 riller. Fell av.
Strikk opp masker langs den eine sida av teppet (ikkje langs volangen). Doble masketalet på neste p ved å strikke 2m i kvar m. strikk 7 riller. Fell av.
Gjer det same langs den andre sida av teppet.
Sy saman hjørnene på volangkantane og fest trådane.

Teppe med volangkant versjon 2 (Strikka i eit stykke)
200 gram 2-tråds Merinoull eller Silkeull
Pinne nr 5

Legg opp 306 m og strikk 7 riller. Strikk 7m,  2 m r sm pinnen ut til det er 7 m att, strikk dei siste 7m
(= 160m).
Strikk vidare slik: *Strikk 7 m, snu, strikk tilbake, strikk 1 p*. Gjenta *-*.
Strikk til arbeidet målar ca 125 cm.
Auk ut for volang på neste p slik:
8m, 2 m rs til det er 7 m att, strikk dei siste 7m. (=306m)
Strikk 8 riller. Fell av.

Ein kan gjerne gjere volangane smalare. Til dømes 4-5 riller.

Lykke til!

tirsdag 30. august 2011

Babyteppe -Striper

Så var det kalrt for innlegg 3 med tema Babytepper. Som sagt, kan me variere dei i det uendelege med dekor, fargar, striper, mønster og kantar. I dag er striper tema og eg kosar meg. Eg elskar striper; både fordi det er kjekt å komponere stripesamansetninga, kjekt å strikke og det er fint med striper. Og i dag altså striper på tepper:

Det er veldig greit å strikke 2 pinnar i kvar farge. Det fungerer fint med ton i ton-fargar, her har eg strikka i farge 31 Lys rosa og 32 Lyng. Det er også fint med breiare striper, men då er det kanskje ikkje så lett å få fine kantar fordi ein må dra med seg tråden lenger. Men ein heklar kanskje ein kant (sjå innlegget i går) uansett?


Ein annan måte å strikke striper på er denne:
Dei 3 neste pinnane skal strikkast på retta:
1.pinne: Farge 1
2.pinne: Farge 2
3.Pinne: Farge 3
Dei 3 neste pinnane skal strikkast på vranga:

1.pinne: Farge 1

2.pinne: Farge 2
3.Pinne: Farge 3
Ein strikkar altså maskene same vei 3 gonger før ein strikkar dei andre vei 3 gonger. På denne måten får ein 3-doble riller uten å strikke vrangt. Eg trur eg ville valgt fargar som hormonerer godt her. (Same "tone" altså ikkje kombinere veldig lyse og veldig mørke?) Eg har brukt farge 52 Dueblå, 51 Lys blå og 62 Breblå.
Kantane vert ikkje så fine, men det fiksar me med ei rad fastmasker rundt teppet.

Så hadde eg tenkt ut ein del andre stripekombinasjonar, men det var det med å få tida til å strekke til då..
Derfor har eg teikna opp nokre av ideane:


Det var litt om striper. Nokon som har andre idear eller erfaringar med striper og tepper?

mandag 29. august 2011

Babyteppe -Kantar

Dette er innlegg to om Mor Signes Babyteppe. Takk for alle fine kommentarar på førre innlegg. Kjekt å høyre at de er strikkar i veg og er nøgd med teppene. I dag er temaet kantar. Det kan vere greit å hekle ein kant på teppene, både for dekoren si skuld og for å få ein sterkare kant. Det er viktig å ikkje hekle kanten for stram, for teppet er jo laust strikka og veldig laust strikka. Bruk derfor heklekrok nr 3,5-4.

Dei teppene som er strikka på skrå får ei fin holrad langs kanten, så dei treng ikkje heklekant!?

Teppene som ein strikkar fram og tilbake er det fint med ein musetaggkant. Første rad heklar du fastmasker og på den neste ein picotkant: 3lm, 1 fm i 1. lm, hopp over 1m, 1 kjm i neste m.
Kanten kan heklast i same farge som resten av teppet eller ein kan hekle rad 2 i kontrastfarge.
Dersom ein vil ha rundare taggar kan ein hekle slik: 4 lm, 1 halvst i 1. lm, hopp over 1m, 1kjm i neste.

Ein kan også strikke kant på samstuned som ein feller av. Dette gjeld jo berre på ei side, så ein må då ta opp masker på dei 3 resterande. Du finn video på korleis du gjer dette her.
Teppe i farge 42 Klar Lilla: Dersom ein vil ha større blonde på teppet kan ein hekle kanten slik:
1.rad: 1fm i kvar omg/m.
2.rad: *(1st, 1lm) 4gonger + 1st i den 3. neste fm, 1kjm i 3.neste fm*. Gjenta *-*.


Dersom ein vil ha ein enklare kant kan ein berre hekle 1-2 rader fastmasker. Dersom ein vil hekle i kontrastfarge vert det best resultat dersom ein heklar ei rad i same farge som teppet først.

Teppet er strikka i farge 51 Lys blå og kantane er i 72 Lys Oliven og 54 Jeans. Du kan sjå oversikt over alle fargane i 2-tråds Merinoull her.

fredag 26. august 2011

Baby teppe -Intro

Mor Signes babyteppe (oppskrift 1904 + Strikk til Nøstebarn) er det mykje av garnet me sel, vert brukt til. Eit mjukt og lett teppe strikka i mjuk ull på tjukke pinnar vert garantert mykje brukt. Teppet ersattar helseteppene i bomull og det kjekke er at ein treng berre eitt.


Historia bak..
Det var i 1986 og Nøstebarn heitte den gong Nøstebaren og var ein rein garnbutikk. Signe som var ein av dei som dreiv det, ville strikke eit godt teppe til niesa sitt ventande barn.
Ho strikka eit teppe med tynn merinoull på pinne nr 6. Fleire rynka på nasen; det såg litt rart ut!? Men tilbakemeldinga som kom frå foreldra til babyen etter ei tid: Dette teppet er best: mjukt og godt, det blir brukt døgnet rundt og babyen elskar det.


Så vart det etter kvart fleire babytepper til nye familiemedlemmar og kundane la óg sin elsk på teppet. I dag er det mange babyar i Noreg som får eit deilig teppe.







mandag 22. august 2011

Travle dagar -Vinnar av Inspirasjonkonkurransen

No er det berre 9 dagar til 1. september. Då kjem det ny katalog og butikkane og nettbutikken får nye varer. Nye strikkeoppskrifter er i trykken og garn i nye fargar på veg frå spinneriet. Me har altså mykje å gle oss til ;-) I Nøstebarn er det full aktivitet med oppakking av varer og ellers mykje anna som skal gjerast klart til høgsesong.


Sommarutfordringa:

Som de sikkkert har fått med dykk har Nøstebarn i år hatt ei utfordring gåande om å strikke ein god overdel til baby, born eller vaknse. Det er over 70 som har sendt inn bidrag og nokon har sendt inn fleire bidrag. Eg held på å gå gjennom alt no og eg kan berre sei at det er SÅ mykje fint. Eg skal vise alt her på bloggen, så det er berre å gle seg til inspirasjon i massevis utover hausten!
Me har svart alle bidrag som er kome inn, så har du sendt ditt bidrag, men ikkje høyrt noko frå oss: Ta kontakt på blogg@nostebarn.no eller tlf 55 11 32 49 (Eg har svart mange i løpet av dagen, så sjekk innboks først ;-) )

Trekning konkurranse:Og så til konkurransen denne veka. Eg spurde forrige onsdag kva de blir inpirert av og det kom mange gode svar. Så no veit me kor me skal søke inspirasjon når det trengs! (Sjå forrige blogginnlegg!)
Eg trekte ut eit av svara (via http://www.random.org/) og vinnaren vart:

Ann Iren R. Aasen:

"Jeg blir veldig inspirert av blogger, særlig av Nøstebloggen! Superfin blogg, med mange kreative innlegg.
En annen ting jeg finner inspirerende gode gammeldagse oppskriftsbøker, kan bla i dem i timesvis, om igjen og om igjen.
Hvis jeg kan anbefale en slik bok så er det May B. Langhelles Myk start. Går forøvrig utålmodig og venter på at
Strikk til nøstebarn skal dumpe ned i postkassa når som helst. Det gleder jeg meg til!
Så kan det altids være ganske nærende for kreativiteten å kjede seg litt. Unne seg den luksus det er å ikke ha noe å gjøre:-) "

Send meg ein e-post Ann Iren til  blogg@nostebarn.no med di adresse og kva for fargar du vil ha garnet ditt i.

onsdag 17. august 2011

Inspirasjon

"Inspirasjon kommer fra latin inspirare, og betyr blåse, pust, ånde inn i eller åndedrag. Begrepet brukes også i overført betydning for stimulans eller tilskyndelse til kunstnerisk eller annen åndelig virksomhet."


mandag 15. august 2011

Kort sjelevarmer

Renate som arbeidar på ordrekontoret i Bergen hadde eit fint innlegg på internbloggen vår. Eg fekk lov å dele det her på bloggen:

Jeg venter og venter...på sol, varme og deilige sommerkvelder på terassen. Ventetiden her på vestkysten har blitt lang i år, men jeg har løst "problemet" med heftig strikkeproduksjon. Det har blitt både baby-knestrømper, teppe, hekling og genser til meg selv- og ikke minst tre korte sjelevarmere. Som dere skjønner, det har vært myyye regn her i det siste....


Jeg tenkte at jeg skulle være klar til disse deilige sommerkveldene som skal komme, og hva passer vel bedre enn en liten ull-bolero?


Denne er laget i str S, og i stedet for å lage lange ermer la jeg opp 66 masker over de 8 avfelte ermehullsmaskene. Dette var en veldig kjapp liten sak å lage, og den er sånn akkurat passe lun når sommersolen ikke varmer så veldig. Nederst heklet jeg en rad krabbemasker (fastmasker heklet motsatt vei).

Første gang jeg brukte den kom min datter Signe (på 8 år) bort til meg og sa : "En sånn vil jeg også ha!" Dette var jo et krav jeg overhodet ikke hadde tenkt å stå i mot, så jeg ba henne plukke ut en farge borte i garnlageret mitt. Hun kom tilbake med et nøste av denne turkise fargen. Den er et resultat av farging med blå Wilton kakefarge, derfor litt sjateringer i plagget. Passer forøvrig perfekt til våre turkise perlemorknapper.

Jeg la opp 8 masker mindre enn str XXS og strikket på p nr 4, og det ble greit. Jeg er ikke så veldig stødig når det gjelder å regne om oppskrifter og strikkefasthet, men magefølelsen har tatt meg vel i havn stort sett hver gang. Jenta ble i alle fall fornøyd med resultatet, og når kusina kom på besøk så ville hun også ha en. Så var det på`n igjen, denne gang i str 10 år (XXS).

Takk, Renate! Eg er sikker på at sjelevarmarne er gode også i vinter. Oppskriftene våre er enkle basisoppskrifter og kan varierast i det uendelege. Renate har tatt utgongspunkt i oppskrift 1970 knappetrøye som de kan sjå bilete av her.

tirsdag 9. august 2011

Teppestrikk

Så var ferien over for denne gong. Sjølv om vekene har gått veldig raskt er det godt å vere tilbake. Første halvdel av ferie var me på camping og då vart det mykje strikking. Eg strikka teppe i dobbelt 2-tråds/3-tråds Merinoull til mi niese som skal flytte i leilighet i Oslo til hausten. Kvar gong ho er på besøk hos meg kroar ho seg under strikketeppet mitt og eg hadde lyst å gi ho eit slikt.
Tepper er strikka i teknikken "Fristrikk" som eg har forklart i "Brukt på nytt". Ein kan nytte restar og sjølv om det består av mange fargar er det berre ein saum å sy.


Eg har strikka to store kvadrat som eg sydde saman før eg strikka kanten rundt. Det er kjekt arbeid: Det veks raskt med pinne nr 6 og det er kjekt å planlegge fargesamansetninga.


Eg har brukt mange fargar fordi Eline er ei fargeglad ung dame. Nokre av garnet er restar av utgått garn, men dei fleste er i sal fremdeles. Det er også fint å bruke færre fargar.

Det har vore skiftande ver her i sommar (som alle andre stader?). Verandaen i 2. etasje har vore mykje brukt. Her har eg ståande ei korg med tepper og jakkar som står klar når kvelden kjem. Ullfleecejakken min vart også mykje brukt på campingturen. Eg elskar å site ute til langt på natt, men det kan bli kaldt om ein ikkje er godt kledd og det er langt frå tropenatt. I korga har eg også babyteppene etter ungane og tepper eg har strikka og sydd.

Eg ser det er mange som har vore innom bloggen i sommar og det er kjekt. No har alle butikkane gjesteblogga 2 veker kvar. Det har vore inspirerande å lese. Eg kan anbefale å gå inn og sjå for dei som ikkje har fått det med seg. Det hadde vore kjekt å høyre om nokon har latt seg inspirere? Og kva har de hatt mellom fingane i sommar? Legg gjerne link til blogg om du har det!

Og så ser eg det er kome inn mange gode bidrag i Sommarutfordringa til Nøstebarn. Fristen er 20.august, så det er endå ikkje for seint å sende inn. Eg gler meg veldig til å vise alt det fine her på bloggen.

Er klar for ein kreativ og aktiv haust!

fredag 5. august 2011

Flere tips til teknikker og metoder


Strikket trekk
Her varierer pinnestørrelse og antall masker etter garntykkelse og omkretsen på hengeren. Jeg brukte pinne nr. 4,5 – la opp 10 masker med dobbelt 2-tråds garn (fra Nøstebarn) og strikket rille-strikk til remsen var lang nok til hengeren. Sy sammen undersiden og den ene enden – tre på hengeren, sy sammen den siste enden og skru på plass kroken.

torsdag 4. august 2011

Uendelige muligheter -dekorering av kleshengere

Da ideen til dette innlegget kom, gikk tankene mine raskt til Kariannes samling, til bestemors klesskap og ikke minst til mitt rikholdige lager av rester fra små og store prosjekter, som bare venter på en mulighet til å få bli noe.

onsdag 3. august 2011

Oppskrift på heklet trekk til kleshenger


Kleshengerens påkledningen kan strikkes, hekles eller sys – den kan surres, limes, stiftes, spikres, broderes, applikeres eller skrus på. Hvis du vil ha noen tips og se et eksempel på en fremgangsmåte se nedenfor. I dag får du oppskrift og framgangsmåte på en heklet variant.







tirsdag 2. august 2011

Et dypdykk i en kleshengersamling..

Min gode venninne Karianne har samlet på denne typen hengere over lengre tid og har stilt sin anselige samling til min disposisjon. I denne brokete samlingen er det både kjente og ukjente varianter, i forhold til både materialvalg og uttrykk. Felles for dem alle er at de har personlighet i tillegg til å være praktiske og funksjonelle. Noen beskytter kun mot treets flisete og røffe overflate, men de aller fleste har en påkledning som både beskytter og gir godt feste. De påfølgende bildene viser et utvalg fra hennes samling – for å gi ideer til materialvalg og vise noen muligheter...

mandag 1. august 2011

Gammelt nytt...


Alle har vi sikkert sett dem en eller annen gang uten å reflektere så mye over dem. Jeg har gjennom oppveksten kommet over en og annen, bakerst i et klesskap og ikke minst hos min bestemor – hun hadde mange. Jeg har ikke tenkt så mye på hvorfor husmødre opp gjennom tidene har gjort seg slik flid med å kle på kleshengere – dvs. ikke før i de senere årene. Da jeg var yngre syntes jeg de kunne være både stygge og rare, men også litt fine. Med tiden betraktet jeg dem som etterlevninger fra en svunnen tid da husmødre pyntet opp i hjemmet ved hjelp av enkle midler – kleshengere med trekk, dorull-dukker og vokspapir eller tapetrester i kjøkkenskapene. I dag vet jeg bedre og har forstått at det ligger en både praktisk og fornuftig tanke bak. (ja bortsett fra dorull-dukken, den finner jeg ingen bedre grunn for enn.. enn... ja si det...)