Medan me ventar på oppskriftsheftet (som er i trykken!) kan kanskje oppskrift på Ribbjakke vere noko? Denne jakka er den same som den i Hansemanns hentesett (Oppskrift 1961 + Brukt på nytt). Denne har vore veldig populær. Kanskje fordi ein kan ha jakka leeeenge: er ho litt stor er det enkelt å brette opp erma og så strekk ho seg etterkvart som barnet veks. Og som alt anna ribbestrikka er ho super under andre klede og like fin til jente som til gut. Til kvardag og fest?
fredag 9. september 2011
torsdag 8. september 2011
Garnet er kome!!
No er dei nye garnfargane på plass. I februar hadde me eit innlegg her på bloggen der me spurde dykk til råds om me skulle kutte ut 3-tråds garnet og om kva fargar som stod på ønskelista. Me fekk over 100 svar og på bakgrunn av dette la me kabalen. me turde ikkje kutte ut 3-tråds heilt for mange av oss likar godt dette garnet. Me gjekk ned til 9 fargar i 3-trådsgarn og på den måten kunne me få fleire fargar i Silkeull og 2-tråds Merinoull. I dag presenterer eg dei nye fargane:
mandag 5. september 2011
Ull eller Silkeblanding? Konkurranse
Kva skal ein velje; undertøy/kler i 100% ull eller i blandinga 70% ull og 30% Silke?
Begge deler har sine fordelar og ulemper. Nokon svergar til rein ull, mens andre kjøper ikkje noko anna enn ull/silke. Og mange brukar litt av det og litt av det. Mange av oss skal i gong og skaffe ullkler til ein ny sesong og eg tenkte det hadde vore nyttig med eit diskusjon på temaet ?
Kva plar de andre å velje når de skal kjøpe ullundertøy? Kommenter på dette innlegget og du er med i trekninga av ei trøye og longs i ull eller ull/silke (valfritt!) i valfri storleik.
Begge deler har sine fordelar og ulemper. Nokon svergar til rein ull, mens andre kjøper ikkje noko anna enn ull/silke. Og mange brukar litt av det og litt av det. Mange av oss skal i gong og skaffe ullkler til ein ny sesong og eg tenkte det hadde vore nyttig med eit diskusjon på temaet ?
ULL ..
...er varmare enn ull/silke (kan både vere ein fordel og ein ulempe)
...er billegare enn ull/silke.
...er varmare enn ull/silke.
...held seg finare i forhald til fasong og nupping?
ULL/SILKE... ..
...Glattare enn ull (OK om ein lett klør eller er plaga med eksem.)
...Svalare enn rein ull (derfor supert når det er varmare i veret.)
...Meir slitesterkt (veldig greit ift. plagg til større barn/vaksne eller plagg som er utsett for slitasje)
KONKLUSJON?
Me får ofte spørsmålet frå kundar om dei skal velje ull eller silkeblanding? Kanskje får du svar etter kven du spør? Det er heilt klart at det ein veljer ut frå kva eigenskapar som er viktig for ein. Ofte kan kanskje kva fargar eller stripekombinasjonar dei kjem i, spele inn? Det er vanskeleg å kome med ein konklusjon. Eg plar rå folk til å velje ull/silke dersom ein lett klør, skal bruke plagga på sommaren eller plagga vert utsette for sterk slitasje (som td. longsar).
Personleg er nok både eg og ungane ull/silke-fans, men eg kjenner at dersom eg frys skikkeleg er det ingenting som er så godt som å ta på ei trøye i 100% ull.
Kva plar de andre å velje når de skal kjøpe ullundertøy? Kommenter på dette innlegget og du er med i trekninga av ei trøye og longs i ull eller ull/silke (valfritt!) i valfri storleik.
(Trekning måndag 12. september)
torsdag 1. september 2011
NY SESONG!
Så er alt klart!
1.september er ein spesiell dag for oss i Nøstebarn. Det er då høgsesongen startar og er ein deadline på så mange måtar. No er den nye katalogen er på veg til alle kundar, varene på plass i butikkane og på nettbutikken.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


