fredag 29. april 2011

Farging 3 Herdins Textile Colour

Det kjem så mange gode innspel og kommentarar frå dykk! SUPERT er det! Som svar på spørsmål kan eg seie at det ikkje går å farge ull i maskin fordi ull tåler ikkje både høg temperatur OG rørsle. OG me må opp i ein viss temperatur for at fargestoffet skal sette seg (fikserast). Skal de farge bomull kan de anten koke opp fargebadet eller farge i maskin (med fargestoff som er meint til maskin).

Eg kjøpte Textile Colour Multifibre frå Herdins på Jernia til 69 kroner. Det var 16 fargar å velge mellom og eg kjøpte fargen Klar rød. Ein kan sjå oversikt over alle fargane her.



Framgongsmåte:
Det var ein god bruksanvisning i pakken. Det var to posar med fargestoff som ein skulle blande saman med litt vatn, varme det opp og når alt fargestoffet var oppløyst skulle ein ha i resten av vatnet. Eg gjorde som det stod til punkt og prikke bortsett frå at eg ikkje hadde plass til 10 liter vatn i gryta, men eg hadde i 8 liter. Ein dæsj med edikk og ullsåpe før eg la dei våte ullplagga nedi. Det verka først som om plagga ikkje tok farge, men dei vart raudare etterkvart som temperaturen steig.

Det stod i bruksanvisningen at eg måtte sjå til at heile plagget var dekka av fargebadet. Ja, det er jo lett; plagga flyt jo opp til overflata med ein gong ein slepp dei. Eg bevega i vatnet og satsa på at det var godt nok.
Då det starta å ryke godt frå vatnet, la eg på loket, sette plata på 1, og lot det stå i tre kvarter. Rørte litt av og til.  Etterpå helte eg alt ned i utslagsvasken og så låg det der til det var kaldt. Skylte med lunka vatn til vatnet var heilt klart. Sentrifugerte plagga og hengde dei opp til tørk.

Resultat:
Det vart ein flott farge: skarp, varm raud. (Ikkje ein farge for pyser..)  Fargen la seg ikkje heilt jamnt. Tippar det er på grunn av at delar av plagget stakk opp over fargebadet? Litt jamnare og mørkare farge på plagget i 100% ull enn det i ull/silke. Eg vil ikkje sei at resultatet vart perfekt, men til bodyar og andre bruksklede heilt ok. Dei plagga eg hadde i vog 110 gram. Begge posane med fargestoff skulle rekke til 250-500 gram tekstil, så eg hadde nok rikeleg med fargestoff i. (Praktisk er det jo at fargestoffet er delt opp i to posar, så kan ein farge i fleire omgongar.) Nesten all fargen forsvann frå gryta etter eg hadde vaska ho.


Miljø:
Eg har prøvd å finne ut meir om kva for fargestoff det er i denne pakken. Eg har besøkt nettsida deira, ringt hovedkontoret i Noreg og skrive ein e-post. Har ikkje fått svar endå. Reknar med at dei følgjer EU sitt direktiv for tekstilfargar, men det er ikkje nok for å oppfylle krava til miljømerke som GOTS og IVN.  Eg kan altså ikkje gå god for at fargestoffa er heilt sikre i forhold til hudkontakt og miljø. Så snart eg får svar frå Herdins skal eg videreformidle det til dykk.



Andre som har erfaring med Wedins?

Trekning!

Og så må me jo trekke vinnaren av konkurransen denne veka! Den som får tøflar er:

LivA sa...

    Har SÅ lyst på sånne tøfler. Skulle arve slike av min søster, men så gikk det slik at vi fikk barn nesten likt, så da skjønner jeg jo at vi ikke får arve noe som er i bruk... Veldig synd for meg og mi tulle, så da kan jeg jo bare håpe på å vinne et par.... *krysse fingrene*
    26. april 2011 10:38



Gratulerer, LivA! Send meg ein e-post på kathrine@nostebarn.no med kva modell og storleik du vil ha. Du kan sjå oversikt over tøflane her.)
Over helga testar eg Livos sin farge og eit eller anna naturleg fargestoff. Trekningen av kven som får garnet gjer eg på tysdag. (Så om de vil vere med i trekninga kommenter på innlegget 'Farging 2' )
Så ønsker eg dykk alle ei glimrande helg!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Bruker du gryter som er til bruk i vanlig husholdning? Har alltid lurt på om det er ok å bruke kjeler en bruker til å lage mat..

ohelene sa...

Superwashbehandla ull kan fargast i maskin - det har eg gjort mange ganger med gode resultat :) Eg har leita etter Herdins farge og må jammen innom vår Jernia og sjå om dei har det i utvalget her hos oss. Då kan eg kanskje tørre å farge noko av dei ullplagga som er ubehandla òg.

Kathrine Gregersen sa...

Eg bruker pinnekjøtgryta, men det er kanskje ikkje så lurt. Eg skrubbar gryta godt med stålull etter bruk og koker ut gryta etterpå. Det stod i pakningsvedlegget frå Herdins at ein ikkje skulle bruke gryta til mat etterpå, så kanskje lurt å få tak i ei gamal brukt gryte til dette formålet?

Hilde sa...

Jeg har farget ulltøy i maskinen. Men da har det vært tøy som tåler vask på ullprogram 40 grader. Det har gått helt supert. Gjevn og fin farge over det hele.

Så supert å farge ulltøyet. Det blir jo gjerne endel flekker på de lyse klærne til ungene.

Lene sa...

Jeg var så gal at jeg farget arvet ulltøy som var fullt av flekker på 90 grader i vaskemaskinen, og det gikk bra! Men det var nok superwash ullprodukter tror jeg, i alle fall ikke nøstebarn-ull. Jeg koblet ut sentrifugen, og brukte Herdins farge for ull og silke som jeg kjøpte på jernia. Er litt lat nemlig, hadde ikke lyst til å grise på kjøkkenet med farger og gryter og koking, og tenkte at enten går det eller ikke :) Det ble veldig vellykket, jevnt og fint, og fargen har holdt godt i vask hele vinteren. Ble nytt liv til klær datteren ellers ikke hadde brukt!