onsdag 16. oktober 2013

HURRA HURRA HURRA!

I 2003 hadde vi postordrehandel, netthandel, og én butikk i Bergen. Mange pakker ble sendt til kunder i Oslo og omegn, og vi fikk stadig ønsker om butikk østpå. Vi ville veldig gjerne ha en butikk der, men hvor skulle den ligge og hvem skulle drive den? Svaret kom en vårdag i 2003 da Kathrine Gregersen var på bergensbesøk og inn i butikken vår der. Hun ville gjerne drive butikk i Oslo og hun visste veldig godt hvor den burde ligge. I løpet av en halvtime var jeg overbevist om hvor det ideelle butikkstedet var og overbevist om at jeg hadde funnet den rette til å drive den. Dette var starten på butikken på Sagene. Her er Kathrines historie.
- Jannecke Riisøen, daglig leder i Nøstebarn

Kjekt å blogge litt igjen. Eg skal altså fortelje historia til Oslobutikken som er 10 år i haust. Det de kanskje ikkje veit er at det slett ikkje var ein sjølvfølge at denne butikken skulle vere liv laga. Mange meinte derimot akkurat DET var mot alle odds...

Eg sa opp lærarjobben min og gjekk i gong med å pusse opp butikklokaler. Det var mykje som skulle på plass og det var mange som hjalp til av både familie og vener. Ikkje minst var beisinga av alle hyllene ein stor jobb, men til slutt var det klart for å få varene på plass. Nøstemor Jannecke kommer over fjellet fra Bergen med fullstappa varebil. Butikken var ikkje større en 23 kvm, så det var en koseleg og intim butikk. Me hadde berre eit lite bakrom til lager og resten i kjellaren. Dette burde vere rikeleg?

Ja me fekk mange kommentarar på at me hadde satsa for stort: det var gale-Mathias å opne ullbutikk på Sagene! Og at me i tillegg hadde ansatt ei som skulle arbeide deltid var høgt spel. Sjølv hadde me tru på dette, for Sagene er fin fin stad og er lett å kome til både om du køyrer kollektivt, bil eller kjem trillande. Me vart vel alle overraska...

Den første juleutstillinga i den koselege butikken.
Det var mange innom kvar dag og etter kvart såg me at det var fast jobb til fleire. Vel var butikken intim og koseleg, men det var vanskeleg å finne plass til varer og barnevogner. Som oftast var butikken ganske ribba på slutten av dagen og kveldane gjekk med til å fylle på. Me nytta kvar cm frå golv til tak både på butikk og lager og vart ganske så kreative etterkvart for å få plass. Me skjøna at me måtte gjere noko, men hadde lite lyst å flytte frå Sagene der me treivst så godt. Etter nesten to år var me heldige og fekk overta heile hjørnet i same gård.

Berit var me frå starten av og her står me bak disken den dagen me skulle flytte over i ny butikk.
Så då gjekk me i gong igjen med planlegging og oppussing. Den nye butikken skulle bli meir enn dobbelt så stor og lageret omlag 10 gonger større.

Opning i nye lokaler i mai 2005 (og den søte jenta som har lurt seg med lengst til høgre i biletet er Ingebjørg som i dag er 12.)
Her er det plass til barnevogner!

Lett å la seg inspirere av ein slik garnkrok.
No vart det betre for både oss ansatte og kundar. Lyst og fint og ikkje minst godt å sleppe å gå ned i kjellaren etter varer. Men sjølv om me no trudde at me hadde god nok plass for alltid, såg me etter kvart at det me trengte meir plass. Varesortimentet vårt auka mykje i desse åra og butikken var godt besøkt. Så i mai 2011 fekk me overta kiosklokala ved siden av og bygde om butikken.




Blide Nøstebarn-jenter som feirer at butikken er 10 år i år!
No vart det pauserom til dei ansatte, betre plass til barnevogner og plass til ei ekstra kasse på ein stor og god disk. I dag er det flere ansatte i Oslobutikken og mange kundar finn framleis fram til butikken på Sagene. Så ein ullbutikk på Sagene var absolutt liv laga.



Gratulera til Nøstebarn og takk til alle som har vore ansatt eller stilt på dugnad i desse 10 åra. Og ikkje minst ein stor takk til alle de som har vore innom i desse 10 åra! Hurra Hurra hurra!

- Kathrine Gregersen

7 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulerer! ☆

Systro sa...

Gratulerer med dagen, og takk for følget gjennom monge år som småbarnsmor! Mi eldste dotter er 13 år no, og ho og hennar tre syskjen har alle vore (og er) kledd i klede frå Nøstebarn. Beste ulla av alle! Mykje har gått i arv, med aukande antall lapper på knea for kvart nye søsken. Me ynskjer dykk monge gode år videre!!

Anonym sa...

Gratulerer fra en skikkelig nøstebarn-fan!
:-) KristinB

Emmi sa...

Gratulerer til Norges beste ullbutikk! Var innom dere senest i dag og sikret meg votter til minsten og ull til mitt neste strikkeprosjekt. Så bra at dere satset på butikk i Oslo!

Hanne sa...

Gratulerer med 10-årsjubileum! :-) Jeg har vært flere ganger i butikken i Sandvika, men kunne tenkt meg en tur innom på Sagene også. Supre ullklær i fine farger og lette å holde rene. :-)

Elisabeth sa...

Gratulerer så mye, og utrolig koselig å høre fra deg igjen, Kathrine!

ufostrikk sa...

Gratulerer med jubileet! Nøstebarnboka mi er fillete etter masse inspirasjonslesing og strikking. Nå flytter jeg snart nordover, og håper dere har planer om å utvide med butikker i Nord-Norge også? :)