Alle veit kor irrerande det er med ullkler som er kome inn i kokvasken eller at ein heil maskin med ullkler er vaska på feil program. Ut av maskinen kjem godt tova plagg som slett ikkje passar lenger. Men er det mulig å "reversere" ein feilvask? Det har eg lurt på og det skal eg finne ut i dag. Eg skal prøve å gå litt vitenskapeleg til verks:
Utgongspunkt:
Eg har tatt fleire plagg i ull/silke og i ull som eg har teke nøyaktige mål av. Disse har eg vaska i maskinen på 60 grader i maskin. Målingane etterpå viste seg at kleda i ull krympa omlag 30 % på lengda, medan breidda vart den same (eller litt større). Ull/Silke-plagga krympa litt mindre, i gjennomsnitt om lag 20%. (Altså tåler Silkeblanding feilvask litt betre.)
På bakgrunn av tips og ting eg har lese har eg har tenkt å prøve 4 metodar:
- Skylje opp kleda med hårbalsam og prøve å strekke dei i fasong att.
- Ta ullkur på kleda og prøve å strekke dei i fasong.
- Dampe plagget medan eg prøver å strekke det i fasong.
- Kombinere punkt 3 med punkt 1 og 2.
Resultat:
1. Balsamering:
Eg brukte ein vanleg hårbalsam og smurte den inn i vått plagg. Eg strakk i plagget og det var tydeleg at plagget vart større. Skylte plagget fleire gonger, men det var ikkje så lett å få heilt ut balsamen. Plagget kjendes "sleipt" og glatt. (Dette skal jo inn på huden etterpå, så bruk ein "snill" balsam!) Då eg målte plagga etterpå var dei blitt litt større, men ikkje tilbake til utgongspunktet før toving.
2. Kurbad:
Tok ullkur på plagga (høg dose, som til ullbukser.) Kleda vart mjuke og verka lettare å strekke i. Strakk i dei før eg skylte ut ullkuren. Måling viste at dei var blitt om lag like store som plagga under punkt 1.
3. Damp:
Stilte strykejernet inn på høgaste temperatur og dampa over dei våte kleda. Strakk i plagga medan eg strauk og medan dei var varme. Dei vart litt større enn under punkt 1 og 2 og mista litt av det tova, tette uttrykket.
4. Kombi:
Plagga som var balsamerte vart ikkje særleg større, sjølv med iherdig damping og strekk. Medan kleda som "kurerte" vart nesten tilbake til normal storleik. Det vis sei at etter både ullkur og damp er plagga ca 5% mindre enn dei var før feilvask. Ein ser tydeleg forskjell på plagg som ikkje er feilvaska og disse, men dei er fullt brukande.Konklusjon:
Det var ikkje signifikant (flott ord!) forskjell på kleda i 100% ull og ull/silke. Ull/silke tova mindre, men ull var lettare å strekke i, så storleiken på begge etter metode 4 var det same.
Då plagga var tørre kjendes dei med balsam stive og ikkje ei god "ullkjensle". Både fordi ullfettet som var i plagget vert vaska ut ved kokvask og fordi plagga vart mjukare og meir elastisk, vil eg rå til å setje feilvaska plagg inn med ullkur. Og deretter dampe og strekke. (Dersom plagget er mykje brukt kan det gå hol når ein strekk mykje i det.) Dei vert kanskje ikkje passelege til eigaren av plagget, men til nokon som er litt mindre? Plagget vert mjukare og meir elastisk av denne metoden og mistar litt av det tjukke og tova uttrykket.
Men heilt reversert vert feilvasken ikkje, så hold tunga rett i munnen når du skal vaske ;-)
Andre som har erfaringar dei vil dele med oss andre?




