onsdag 4. mai 2011

Farging 6 - Konklusjon

Så var det på tide med ein konklusjon etter all farginga den siste veka. Målet med dette "fargeprosjektet" var å finne ut meir om farging av ull. Eg trur eg kan sei at målet er oppnådd, men må få leggje til at det eg har kome fram til jo ikkje er absolutte sanningar. Resultata vert påverka av kor oppmerksam eg var under dei ulike forsøka og korleis eg utførte dei. 

Her er bunken med trøyer: Frå nedst til øvst: Te, raudbetar, Herdins, Wilton konditorfarge, Livos.
Ja kva skal eg anbefale å farge ull med? Å farge med naturleg fargestoff frå planter og grønsaker er det vel kanskje det som er mest uforutsigbart (i alle fall for oss som ikkje har svart belte i plantefarging), men samtidig billeg og spennande. Te fungerte godt og raudbetar heilt greit. Når det gjeld farging med løk viser det seg at eg verken gjorde det på rett måte eller hadde nok løkskal. Dei som kan tenke seg å farge med løk bør sjå på dette bloginnlegget. 

Men dersom ein ikkje er veldig glad i sennepsgul er det jo greit å ha bruke noko anna. Livos sitt fargestoff er eit godt fargestoff som er heilt trygt å bruke. Det er jo noko begrensa fargeutval, så for dei som vil ha sterkare fargar trur eg at eg vil anefale Wilton konditorfarge (eller anna konditorfarge?). Det var enkelt å dosere og bruke og fargen vart ganske jamn.

Det er to grunnar til at Herdins Textile Colour Multifibre ikkje er min favoritt: Eg har endå ikkje fått svar frå dei om kva fargestoffet inneheld og eg ville i alle fall  ikkje brukt det på plagg som skal på hud. Den andre grunnen oppdaga eg i dag, då eg skulle ta bilete. Fargen har ikkje trekt heilt inn i alle folder og kantar. Det er lyse render langs saumane. Det var ikkje så lett å ta bilete av det, men her er eit forsøk:

Plagga krympa ikkje eller vart ikkje stivare under nokon av metodane. Eg har vaska alle plagga i vaskemaskin og det ser ut som at fargen held.

Eg gler meg til å strikke av garnet eg har farga: Frå venstre: Te, Livos og Herdins. Det var veldig kjekt å farge garn.

Så er me ved veis ende. Det har vore eit kjekt prosjekt. Veldig spennande å sjå resultata. Så dersom de har ullkler eller garn som kan trenge ein oppfrisking er det berre å setje i gong. Om nokon av dykk fargar og gjer erfaring som kan vere til nytte for oss andre er det kjekt om de sender meg ein e-post eller legg igjen kommentar her på bloggen. Takk til alle som har vore med og til dykk som har kommentert.  Eg har fått tips om fleire fargestoff og det kan godt vere eg tar meg ei "tokse" att. Men akkurat no var det godt å få alle gryter og fargeremedier vekk frå kjøkenet (og det var det ikkje berre eg som synes ;-)

Dette vart det siste blogginnlegget denne veka. Eg skal til "ny" Oslo-butikk i morgon og til vestlandet etterpå. Minner om garnsalet til Nøstebarn: 70 kroner per bunt for alle utgåande fargar. Vårvarene er på plass i butikkane og på nettet.

Sjå gårsdagen innlegg for meir info!
GOD HELG!

2 kommentarer:

Monstermønster sa...

Jeg farget med Jaquardfarge (kjøpes i Norge feks hos Spinnvilt eller på Ebay)
http://meretesmonstermonster.blogspot.com/2010/12/fargebading.html og synes det var gøy! Godt fornøyd med resultatet, det sitter godt etter mye vask, og tøyet fikk et forlenget liv.

LivA sa...

Hei, er klar over at det er en stund siden farging var tema, men jeg kom over en artikkel om farging med sopp i et gammelt "Alt om håndarbeide" blad. Hvis det er interessant for deg og bloggleserne kan jeg ta bilde av artikkelen og sende til deg.