torsdag 20. oktober 2011

Sjå min kjole!

I dag viser eg fram strikkemodellar som er sendt til butikkane. Temaet i dag er kjolar. Det er mi strikke-racer-svigermor som har strikka. 
Her er Volangkjolen (frå heftet Nøstestrikk) strikka i Silkeull farge 52 Dueblå. Ein kan velje om ein vil ha knappane bak eller framme (og her vart det bak sidan eg ikkje hadde sydd i knappar endå...)

Her er Kvardagskjolen strikka i Silkeull i farge 13 Mokka. (Oppskrift 1937 + Strikk til nøstebarn) På biletet ser kjolen meir ut som ei trøye, men det er fordi eg har pressa kjolen i str 2 år på ei byste str 6 år. Kvardagskjolen kan ein jo bruke lenge: Startar som kjole, held fram som tunika og endar som trøye? 

Her er forklekjolen strikka i 2-tråds Merinoull i farge 75 Vårgrønn og med lommar i 21 Bringebær og 42 Klar Lilla. Eg har sydd på ein perlemorknapp i kvar farge. Synes det passar godt til denne kjolen. Kjolen kjem ikkje heilt til sin rett heller sidan bysta er 5 "år" for stor. Oppskrifta er i det nye heftet "Nøstestrikk".

Her er same kjolen, men strikka i farge 41 Syrin og med bue-lomme på magen. I oppskrifta er det oppskrift på både firkanta og bue-lomme.
Og så tilbake Tubeskjerfet som kom som gratisoppskrift på førre veke:
I den eine modellen (Tubeskjerd på tvers) er det strikka med enkel tråd og pinne nr 6. Tanken var at dette skulle vere eit litt tynt delikat skjerf til innbruk/mildt ver (men det går jo mot vinter). Fekk spørsmål frå ein av dykk lesarar om det ikkje hadde vore finare i dobbelt garn i staden? Slik at det vart litt tjukkare og meir "hald i"?
Dette måtte eg jo teste ut, så eg strikka meg eit i farge 85 Rust og dobbelt garn. (Har ikkje fått tatt bilete endå, så på biletet er det farge 15 Muldvarp.) Det vart same strikkefasthet når eg strikka med dobbelt garn, men eg måtte leggje på fleire masker for det vart ikkje like elastisk. Derfor er mi tilråding: Legg opp 16 masker meir til minste str og 24 masker meir til største str. De finn oppskrifta her.

Nokon som har strikka ein av modellane forresten?

5 kommentarer:

Frøken M sa...

Jeg har akkurat fått heftet med de nye oppskriftene i posten og har allerede store planer om en forklekjole i orange :)TAKK for flotte, enkle og utfordrende strikkeoppskrifter!!

Anonym sa...

Jeg har strikket tubeskjerfet på langs, i enkel tråd, ull/silke, både dobbel og tredobbel. Synes de ble lette, luftige og deilige :) - Holder nå på med volangkjolen :)
Linda.

StrikkePia - Kristine sa...

Nei ingen av disse er strikket enda, men knappekjolen står høyt på listen. Likeså volangkjolen. :-)

Ellen Marie sa...

Herlig herlig :-) den dueblå volangkjolen e bare nydelig! Har fått en hverdagskjole til frøkna mi som min kusine har strikket. Ser ut til at vi kan ha den lenge (mhp bildet ditt ;-).

murmel. Oslo sa...

Hverdagskjole og forklekjole er neste prosjekt til vesla mi. Gleeeder meg :)