Høsten har startet sitt inntog, og på kjølige, mørke høstkvelder finnes det ikke noe bedre enn å krype opp i godstolen med en kopp med noe varmt i og et nytt strikketøy på pinnene. Da passer det perfekt at Kathrine Gregersen denne høsten gir ut sin tredje bok, Strikk meir til nøstebarn. Vi spurte Kathrine om hun kunne tenke seg å gjesteblogge om boken her på Nøsteblogg, for å dele med dere litt om tanken bak boken og noen av oppskriftene den inneholder.
Som de kanskje har fått med dykk, er den nye boka mi ute i butikkane. Boka heiter Strikk meir til nøstebarn og er ein oppfølgjar til Strikk til nøstebarn. Denne boka kom i 2007 og er ei samling av oppskrifter som Nøstebarn hadde før eg starta i 2003 og oppskrifter eg laga for Nøstebarn. Boka har vore populær og kjem no i 6. opplag. Så er det den vanskelege oppfølgjaren då.
Eg har hatt fri frå jobb eit år for å skrive og strikke. (Eller rekne og strikke bør eg kanskje heller sei, for eg vil sei det er minst 90% matematikk å lage strikkeoppskrifter.) Det har vore eit stort prosjekt og det har vore spennande å ha tid til å jobbe så fritt ut frå eigne idear. Kva skulle den nye boka innehelde i forhold til den forrige?
Eg likar godt kler frå 50-, 60- og 70-talet, glad i tradisjonar, det praktiske og enkle og med fiffige detaljar. Er ikkje så glad i store mønster, store og tjukke plagg eller når utforminga ikkje er brukarvenleg. Resultatet etter eitt års jobbing er blitt 40 heilt nye oppskrifter til baby, barn og vaksne.
Her er nokre smaksprøvar:
Enkelt babysett
Dette er rett og slett oppskrift på eit heilt enkelt babysett med god passform og strikka i 2-tråds Merinoull. Jakka er strikka ovanfrå og ned, med aukingar for raglan. Buksa har brei ribbestrikka kant i livet og nedst på beina og lue og sokkar skal vere enkle å få til.
Settet kjem i oppskrift frå nyfødd til 2 år, så dette kan vere både hentesett og gode kvardagskler til større babyar. Vil du det skal gå raskt er det også oppskrift på raskt babysett strikka i dobbelt garn på p nr 4.
Dette er ein enkel og lett genser som er fin året rundt. Gensaren er strikka i Silkeull og du byrjar øvst i halsen og strikkar nedover med aukingar for raglan. På biletet øvst ser du også Snurreskjørt.
Skjerf med variasjonar
Eg elskar Mor Signes babyteppe som er den mest populære oppskrifta til Nøstebarn. Eg vil også ha babyteppe, men det så mykje som eg på farten vert det raskt dradd ut trådar. Nøtta vart derfor korleis eg kunne behalde den mjuke og lette kjensla til babyteppet, men men som tåler vaksen bruk. Etter mykje prøveing og feiling fann kom eg fram til ei løysing.
Eg likar dei enkle oppskriftene som gir rom for variasjon. Det vil seie at ein kan strikke inn striper, endre kantar eller sy på dekor etter eige ønske. Eg skulle ønske eg kunne vise mange variantar av kvar modell, men eg må begrense meg. Men det håpar eg de ikkje gjer. Alltid stor stas å sjå oppskriftene mine strikka i nye fargar eller på nye måtar.
PS! Alle de sørlendingar: På onsdag 10.september kl 19 er det lansering av boka på Hos naboen i Kristiansand. Samlaget kjem og det gjer også Nøstemor Jannecke Riisøen. Velkommen; her vert det inspirasjon i massevis, utlodning og gode tilbod! Les meir på Facebook.
Ønsker dykk alle ein god strikkehaust!
KATHRINE GREGERSEN Kathrine er utdannet faglærer i kunst og håndverk. Hun startet opp Nøstebarns butikk i Oslo, og jobbet i flere år med produktutvikling og markedsføring for Nøstebarn. Kathrine holder kurs og inspirasjonsforedrag for ungdom og voksne. Les Kathrines egen blogg på strikkmeir.davada.no |
6 kommentarer:
Denne gleder jeg meg til å få kikket i! Strikk til nøstebarn er den strikkeboken jeg har brukt desidert mest i løpet av strikkekarrieren min, så forventningene til oppfølgeren er store. :)
Denne boken er allerede i "bruk"! Jeg strikker silkeullgenseren til dame i totråds merinoull, det ser ut til å bli kjempefint! Liker veldig godt oppskriftene som starter i halsen med raglandsøking, sånn at man kan strikke armene rett på! Det føles mye enklere:)
Takk! Det er så kjekt å høyre at Strikk til nøstebarn har vore mykje brukt. Håpar også denne boka fell i smak då :-)
Og Jenny, så kjekt å høyre at du allerede er i gong og strikkar frå boka.
Jeg lærte meg faktisk å strikke bare fordi jeg ble "frelst" av Strikk til Nøstebarn og Brukt på nytt! Nå er strikkinga blitt en kjær hobby, så jeg skylder deg virkelig en stor takk for inspirasjonen - og det innbefatter dessuten inspirasjon til en mer bevisst livsstil med et lavt forbruk, reparasjon og gjenbruk av klær og bruk av tøybleier.
Jeg har kjøpt den nye boka di og er like begeistret som for de to forrige! Problemet er bare hva man skal starte med av alt det fine...
Gleder meg til å følge den nye bloggen din, og håper du vil endre innstillingene der sånn at det går an å kommentere under kategorien anonym :-)
Hilsen KristinB
Hei, og takk for veldig fine ord. Eg møtte seinast ei i dag som ikkje strikka og meinte det var for seint.Men det er det jo ikkje...
Veldig bra at du er opptatt av å ha ein meir bevisst livsstil i forhold til forbruk og miljø. Eg synes det er vanskeleg, for det dukkar opp så mange "må-ha" ting til heile familien. Me hadde kjøpestopp første halvdel av året og det var svært lærerikt. Få sjå om eg ikkje kan skrive om det på bloggen min ein dag.
Takk for at du gav meg beskjed om innstillinga som stod feil om kommentarane. Var ikkje klar over det, men no er det retta opp, så då håpar eg å høyre frå deg der etter kvart.
Boken er så fin! Den første boken er godt brukt, jeg er så glad i de enkle oppskriftene som er så lette å variere og har strikket mange plagg. Det var en glede å bla i den nye! Mange nydelige plagg, og den samme enkeltheten som jeg kjenner. Særlig gleder jeg meg til å strikke bolero til både voksen og barn, fiskerhalsen, de fine tøflene og serken. :)
Legg inn en kommentar