fredag 29. april 2011

Farging 3 Herdins Textile Colour

Det kjem så mange gode innspel og kommentarar frå dykk! SUPERT er det! Som svar på spørsmål kan eg seie at det ikkje går å farge ull i maskin fordi ull tåler ikkje både høg temperatur OG rørsle. OG me må opp i ein viss temperatur for at fargestoffet skal sette seg (fikserast). Skal de farge bomull kan de anten koke opp fargebadet eller farge i maskin (med fargestoff som er meint til maskin).

Eg kjøpte Textile Colour Multifibre frå Herdins på Jernia til 69 kroner. Det var 16 fargar å velge mellom og eg kjøpte fargen Klar rød. Ein kan sjå oversikt over alle fargane her.

torsdag 28. april 2011

Farging 2 - Wilton

Så kjekt at dette med ullfarging engasjerer! Eg forstår at det å farge med rødbetar ikkje er lurt. Må derfor gå litt i tenkeboksen før eg skal teste ut det "naturlege" fargestoffet.  Eg har ikkje tenkt å gå i gong med "beis" eller kjøpe anna plantefargemateriale. Tanken var å finne ut om det gjekk å farge ullkler, med noko naturleg som er lett å fa tak i. I dag får du sjå korleis det gjekk når eg skulle farge med kondiotrfarge:

onsdag 27. april 2011

Farging 1 -Generelt

Ja så var det endeleg tid for tema farging av ull her på bloggen. Alt har lege klart i lengre tid og i påsken fekk eg tid til å gå i gong. Me i Nøstebarn får ofte spørsmål om farging av ull og me har henvist til Livos si tekstilfarge. Men eg har høyrt om andre metodar også,så eg skal teste ut desse fargestofa:
  • Weja Stoffarger - Livos
  • Textile Colour - Herdins
  • Konditorfarge - Wilton
  • Naturlig fargestoff - Rødbete eller løk
Naturleg fargestoff er ikkje med på biletet, rett og slett fordi det eg ikkje har klart å skaffa rødbetar endå. Trur kanskje eg må gå for sylta rødbetar. Nokon som veit om det fungerer?

tirsdag 26. april 2011

Pysjvinnar og ny konkurranse

Vel overstått påske! Mine blå hender vart gullande reine etter ein dag i badeland. Takk for alle tips om korleis eg skulle bli rein. Neste gong brukar eg hanskar..

Tid for trekning av konkurransen som starta veka før påske. Vinnaren vart:

Camilla sa...

    Ååå, disse klærne er helt supre altså, har noen få plagg men ønsker mange flere:) Denne pysjen ser fantastisk ut... :)
    15. april 2011 16:10

Gratulerer, Camilla! Send meg ein e-post på kathrine@nostebarn.no med di adresse. Og så må du sei om du vil ha pysj med eller uten fot, kva storleik og farge.

Gåvetips:


Tøflar i mjukt saueskinn. Dei er er IVN-godkjente. Dvs at det er teke omsyn til dyr, miljø og menneske under heile prosessen. (Ein kan lese meir om IVN her.) Fargestoffa inneheld ingen tungmetallar eller krom. Dei er allergitesta og trygge å ha innpå huden. Tøflane kjem i str 18/19 og opp til 26/27 og i alle dei 6 ulike modellane som er på biletet.

Mi erfaring er at dei er passeleg varme året rundt. Mine ungar har helde varmen med ullsokk inni, men det ein kan også leggje ein ullsole inni om ein ønsker det.

Legg ein kommentar igjen på dette innlegget så er du med i trekninga av eit par skinntøflar i valfri modell og storleik.

Eg har ikkje gløymt at farging av ull skal vere tema denne veka. Det kjem det kjem..