onsdag 31. august 2011

Babyteppe - med volang

Dette er fjerde og siste innlegg (så langt!) om Babytepper. De som har vore innom bloggen lenge veit at eg i fjor haust hadde litt "dilla" på volangar. Det resulterte i fleire variantar av sjal. (Sjå gjerne dette innlegget.) I alle fall tenkte eg at eit teppe med volangkant måtte vere nydeleg!?

Dette er det første teppet eg strikka med volang. Strikka på pinne nr 5 og i 2-tråds Merinoull og farge 10 Natur. Eg hekla på volangen nede og oppe samtidig med teppet og så strikka eg på kantane på sidene etterpå.

Eg måtte sy saman hjørnene på volangkantane og medan eg gjorde dette tenkte eg at det kanskje gjekk an å strikke det heilt i eit stykke. Måtte jo sjølvsagt prøve det..


Så eg strikka eit teppe i farge 72 Lys oliven der eg strikka volangen i kantane på den måten at eg strikka 2 ekstra pinnar på dei ytste 7 maskene kvar gong eg snudde. Det vart ikkje like flott spenst over volangen, men det kan ha noko med at eg strikka på pinne nr 6 og det andre teppet på pinne nr 5? Her strikka eg også volangen breidare.
Klarer ikkje bestemme meg for kva eg vil anbefale, derfor gir eg her oppskrifta på begge, så kan de velje sjølv..

Minnar om at 1 rille = 2 pinnar rett.

Teppe med volangkant versjon 1 (der ein strikkar sidekantane på etterpå)
200 gram 2-tråds Merinoull eller Silkeull
Pinne nr 5

Legg opp 288 m og strikk 7 riller. Strikk 2 m r sm pinnen ut (= 144m).
Strikk fram og tilbake til arbeidet måler ca 125 cm.
Strikk 2 m i kvar m på neste p (= 288m).
Strikk 7 riller. Fell av.
Strikk opp masker langs den eine sida av teppet (ikkje langs volangen). Doble masketalet på neste p ved å strikke 2m i kvar m. strikk 7 riller. Fell av.
Gjer det same langs den andre sida av teppet.
Sy saman hjørnene på volangkantane og fest trådane.

Teppe med volangkant versjon 2 (Strikka i eit stykke)
200 gram 2-tråds Merinoull eller Silkeull
Pinne nr 5

Legg opp 306 m og strikk 7 riller. Strikk 7m,  2 m r sm pinnen ut til det er 7 m att, strikk dei siste 7m
(= 160m).
Strikk vidare slik: *Strikk 7 m, snu, strikk tilbake, strikk 1 p*. Gjenta *-*.
Strikk til arbeidet målar ca 125 cm.
Auk ut for volang på neste p slik:
8m, 2 m rs til det er 7 m att, strikk dei siste 7m. (=306m)
Strikk 8 riller. Fell av.

Ein kan gjerne gjere volangane smalare. Til dømes 4-5 riller.

Lykke til!

4 kommentarer:

Anonym sa...

So nydelig! Når far eg lyst til å strikke babyteppe!

-Jessica H

Veronica A. sa...

Det var kjempefint med volang på teppe! Skikkelig feminint og søtt. Jentene mine får klare seg med picotkanten de har på sine tepper, så får jeg heller strikke volang neste gang :)

Anonym sa...

Nydelige volanger! Jeg likte det naturfarga best :-)
Gleder meg så til å titte innom netbutikken i morra!
Klem, KristinB

murmel. Oslo sa...

Så fine tepper. Jeg har et spørsmål:
Hva mener du med: Strikk 2 m i kvar m på neste p?