Hansemann på 4,5 er veldig interessert i romskip, lasersverd og andre tøffe saker. Mor er litt lei seg for at den store interessa for det maritime er lagt litt på hylla. Mykje meir koseleg å tøffe rundt med båtar på golvet enn å springe rundt med noko langt i nevane og brøle : ”Ta den! Og den! Du er død!” Nesten alt på ønskelista byrjar med Star Wars. Og medan me ventar finn me andre ting som kan fungere:
Papprøyr frå aluminiumssfolien og kalendrane er blitt til tøffe lasersverd. Prøvde hardt å sjå veldig skummel ut på bileta. Me har brukt sprittusj og hobbymaling. Disse er mykje brukt og er blitt litt frynsete og skada etter nærkamp. Dressen er pysj uten fot i ullfrotte og fungerer som Hansemann sin "onepiece". Vil helst ikkje av når det er tid for å gå i barnehagen.
Hansemann er glad i å stå tidleg opp og laurdag morgon, før fuglane tenkte på å gjere nokon ting som helst, laga me romskip av tome esker. Me måla med hobbymaling og lånte raust av storesyster sine glitterpennar. Resultatet er me veldig nøgde med og køyretøyet har hatt mange turar til fjerne galaksar allereie.
Her er link til ein fin blogg som syner kor mykje tøft det går an å lage av mellom anna frukostblanding-esker: MadebyJoel .Hansemann har lete seg inspirere her fleire gonger. Kven treng ferdiglaga hobbypakkar?
1 kommentar:
Barns fantasiverden er fantastisk. Mine lekte mye sjørøver, kombinasjon av sverd og båt. Fantastiske minner,
Legg inn en kommentar