onsdag 15. juni 2011

Inspirasjon til restegarnstrikk

Eg har tidlegare skrive om "gullmail", altså e-post med kjekt innhald. For ikkje så lenge sidan fekk eg eg ein slik e-post frå Therese. Ho har strikka Rullegenser i restegarn av 2-tråds Merinoull og har sendt meg bilete av resultatet:

torsdag 9. juni 2011

Sommarglede - Tips til aktivitet for store og små

Ingebjørg vart 10 år i april og ho har venta lenge på feiringa, så på søndag hadde me piknik i hagen. Temaet var valde ho sjølv og det var 70-talet. Så me fekk hagen invadert av 25 skjønne "hippiar". Då me diskuterte program kom eg fram til at erteposar kunne vere fint å spinne det rundt noko som har med 70-talet å gjere. Erteposar fann eg ut var ganske 70-tals?

tirsdag 7. juni 2011

Tibake - vinnar av konkurransen

Hei hei!
Som de kanskje har merka har eg ikkje blogga på vekesvis. Eg har mista mi gode snille Mamma. Eg er så takknemleg for alt me har hatt saman og alt ho har lært meg. Mamma kunne nemleg både veve, male, strikke, brodere, hekle og sy og ho har lært meg teknikkane og latt meg halde på med alle mine prosjekt opp gjennom. Mamma har vore veldig engasjert i alt eg har halde på med både privat og på jobb (inkludert Nøsteblogg). Det er så ufatteleg at ho ikkje er meir, men livet må gå vidare.  No har eg jobba ei veke og er i full gong med alle oppgåvene som har lege på vent.

Det har ikkje blitt alvorleg mykje strikking, men eg har strikka eit stort teppe. Det skal sendast til Bergen til skjønne Jens på 7 år som så veldig ønska seg teppe. Eg la opp 160 m på pinne nr 6 og brukte 220 g garn. Teppet vart derfor ein god del større Fargen er Jeansblå og kantane har eg hekla i Skifer.


Tips: Når ein skal hekle kant i kontrastfarge kan det lett sjå ujamnt ut. Mitt tips er derfor å ta ein runde med fastmasker i same farge som teppet og deretter hekle med kontrastfargen.
 





1000 takk..
Og så må eg sei så 1000 takk til gjengen i Trondheim som heiv seg rundt og gjesteblogga i den tida eg var vekke. Inspirerande, kreative og gode innlegg! Me hadde planlagt at alle avdelingane til nøstebarn skulle gjesteblogge i sommar, så resten innlegg frå resten av butikkane kjem i løpet av sommaren. Eg har mange oppgåver som ligg og ventar, men skal blogge innimellom når eg har ledig tid.

Vinnarar:
Trondheim hadde mellom anna ein konkurranse og 3 heldig vinnarar får boka "Brukt på nytt". Dei heldige er:

KjerstiM sa...

    Oi så mye fint - jeg vil gjerne vinne boka "brukt på nytt". Har sydd flere store og små prosjekter av gamle klær (noen brukbare, andre mindre brukbare) - det siste var vel bunadsjakke til junior som ble sydd av et ullskjørt jeg fant til 10 kr på fretex (knapper og for kjøpte jeg ved siden av da).
    http://megtildeg.blogspot.com/2011/05/bunadsjakke.html

Misemor sa...

    Heisann. Holdt nesten på å gå glipp av denne konkurransen, og det hadde jo vært synd, så flott premie som dette er. =)
    Jeg har planer om å gjøre om en strikket VM-genser fra 80-tallet til et par lange strømper (armene) og bolen er jeg ikke helt sikker på hva det blir av enda, men mulig jeg tover den til sitteunderlag! =)

Misemor har blogg, sjå HER

Anonym sa...

    Av restegarn (veldig små nøster) har jeg blant annet laget: luer, strikket og heklet tøfler, sokker,smekker og små kosedyr. Katteleker og dokketøy er også noe å bruke smårester til.
    Jeg har også sydd baby og barnetøy av gammelt tøy etter voksne. Av gensere som har blitt tovet ved en feiltagelse har jeg bla. laget tøfler.

Då er det snart bok i posten til dykk!