mandag 2. mai 2011

Farging 4 -Livos

Allereie over i ny månad! Kor vart april av? Resten av ideane eg hadde på temaet gåver får kome etterkvart. Det er jo aktuelt året rundt. I dag er innlegget via til farging av ull med Weja Stoffarger frå Livos.



Det er kanskje ikkje det enklaste fargestoffet å få tak i. Me har seldt ein del av det i Oslobutikken og det kostar kr 98,-. (Men no har me bestemt oss for å slutte med det, så dei har berre restar att.) Fargen eg har heiter Antrasittgrå. De kan finne meir info sjå oversikt over fargane her og meir info på www.naturmaling.no. Ein pose rekk til 100-300 g ull eller silke. Det er litt avgrensa fargeutval, sidan det berre er naturlege fargar. Fragen Lakkrød og Resedgul har eg brukt før med fint resultat.

Framgongsmåte
Her bryt eg prinsippet mitt om å følgje bruksanvisninga til punkt og prikke. Det har eg nemleg gjort før og med ikkje heilt heldig resultat. Dei vil nemleg at ein skal legge plagga og fargestoffposen i samtidig. Mi erfaring er at då siv det ut litt og litt fargestoff og så vert plagget skjoldete. Eg følgde derfor min eigen framgongsmåte: Legg fargestoffposen i gryta og ha i ein liter vatn. Varm opp. Rør av og til og heis gjerne posen opp og ned med ein matpinsett eller anna, slik at alt fargestoffet blandar seg i vatnet. Ha i meir vatn (til dømes 4 liter) og legg i dei våte ullplagga. Varm opp til ca 80 grader og la det stå i gryta til det er avkjølt. Skyll plagga.

Resultat
Resultatet vart godt. Det er ein og anna mørkare flekk, men berre eit par stader. Med dette fargestoffet vart også saumane farga. Trøya i ull/silke vart mørkare enn den 100% ull. Det er sikkert noko med fargen eg har brukt, men plagga får eit litt falma preg?  Det var ikkje lett å få gryta rein etterpå, men med ein omgong med stålull vart ho betre. Berre ved å skylje plagga vart hendene mine grå, så bruk hanskar. Men det er ingen "skumle" stoff i dette produktet, så det er jo kun eit kosmetisk problem.


Miljø
Dette er nok det mest miljøvenlege fargestoffet i "testen". Som det står bak på posen  "Tosikologisk ubetenkelige plantepulver og salter". Etter bruk kan ein ha alt i komposten. Det er dermed trygt både for miljøet, for den som skal farge og for den som skal bruke plagga.

Vatnet var framleis grått, så eg etter at vatnet var avkjølt hadde eg i ein bunt med garn. Eg tenkte eg skulle prøve å lage "spetter" i det og knyta hyssing hardt rundt bunten somme stader:
 Varma opp til det det rauk av vatnet og slik vart resultatet:
  Det vart ikkje verande lys blå under hyssingen, men vart mørkare der.  Kan det vere det at eg ikkje tok hyssingen stramt nok? Fargen vart i alle fall fin og så vert det sikekrt nokre mørkare "lus" innimellom i strikkearbeidet?

I morgon står naturleg fargestoff i form av grønsaker for tur. Om "eksperimenta" til no har gått på skinner kan eg love litt meir skjær i sjøen i morgon :-S Og kva valde eg? Raudbetar har eg jo fått kraftige advarslar mot..

6 kommentarer:

Rina sa...

Dette her er skikkelig spennende, og jeg synes den antrasittgrå fargen ble fin jeg. Et spørsmål har dukket opp hos meg: Farger fargede plagg av i vask? Jeg pleier å tenke meg både en og to ganger om før jeg vasker ubehandlet ull i maskinen, men etter en uke med omganssyke for 4 barn, har det blitt vasking på ullprogram i vaskemaskinen..

Kathrine G. sa...

Rina: Eg skyller jo plagga til vatnet er heilt klart. Men litt overskuddsfarge er det nok att. Når eg har farga alt som fargast skal skal eg vaske alt i vaskemakinen saman med eit lyst plagg. Så får me sjå.

Linda sa...

Spennende lesning, dette her! Så kjekt at du er villig til å eskperimentere og dele resultatene!

trineda sa...

Dette er supert! Den gråfargen likte jeg!

Ta turen til Grimstad så skal du få en kjele til farging! Og så trenger vi en Nøstebarnbutikk her i Sør!

Anonym sa...

Så fint det ble! Gleder meg til farging med rødbeter-tips:)
Inger B.

kamelia sa...

Morsomme innlegg! Følger med!!!! :-)