tirsdag 3. mai 2011

Farging 5 - Naturleg fargestoff

Ja så er me kome til den store eksperimenteringa. Utgongspunktet var at eg tenkte at det måtte vere muleg å farge ull med fargestoff frå noko som alle har i sin nærbutikk og utan bruk av beis eller anna for å få fargen til å feste seg.  Eg har fått mange gode tips på kva eg bør velje og ikkje velje. (Kanskje spesielt det siste..) Når eg har sett meg ein tanke i  hovudet er det vanskeleg å snakke meg frå det. Så eg gjekk på med friskt mot og starta med..



Raudbetar
Sjølvsagt burde eg fått fatt på ferske, men det vart sylta rett og slett fordi det var det eg fekk tak i her på bygda. Eg heldte laken opp i ei gryte. Det er jo eddik i laken, men eg hadde i litt ullsåpe og nokre dl ekstra vatn. La det væta ullstoffet i gryta. Veldig spent no, for dette skal jo liksom ikkje bli vellukka..
 Fargen ser flott ut i gryta. Følgde same prosedyre som dei andre gongane eg har farga: Varma opp til det var godt varmt og så slo eg av plata og plagget stod der til det var avkjølt. Då skylte eg plagget.
 Fargen endra seg og gjekk over i ein fesken-nyanse. Men mislykka?  Det vart jo ikkje den fargen eg hadde trudd og litt ujamnt vart det. Men det vart jo farge.

Te
Eg kunne jo ikkje gi meg der. Rydda i telageret mitt og det gjekk med diverse boksar med julete og anna te som ikkje har vore soleklar favoritt. Det var nok mest svart te og det var ganske mykje. Helte over kokande vatn og lot det stå til det var fingervarmt. Då silte eg det over i ei ny gryte og heiv teen. Hadde i nokre ss med eddik og ullsåpe. La den våte ulltrøya og garnet i. Varma det opp til det rauk godt og skrudde av plata.

Så langt heilt greit. Hadde det ikkje vore for at det brått var tid for å leggje ungar og så fekk eg ein telefon frå ei venninne eg vart sittande leeenge i telefonen..
Ulltrøya fekk altså ligge heilt i ro og resultatet vart skjoldete. (Kanskje eg skulle brodere ein giraff rundt flekken? ) Men farge vart det! Garnet var lys rosa frå før og fekk ein varmare farge. (Det ser skjoldete ut, men eg trur dette blir jamnt når det tørkar.  Ein oker-farge. Huset lukta intenst jul og eg hadde fått betre plass i tehylla  :-)
Gul løk
 Løk var jo noko som skulle vere ganske sikkert til farging av tekstilar. Eg brukte eit kilo løk som eg tok det tørre skalet av. 

La det i ei gryte saman med litt eddik og eit par liter vatn. La det våte ullplagget i og varma det opp. Igjen vart eg opptatt med andre ting og brått stod det å fosskokte. Eg lot det stå til det var fingervarmt og så skylde eg det. 
 Dette trur eg at eg kan sei vart 100% mislukka? Svak og skjoldete farge. Kanksje eg først burde kokt opp litt vatn og løkskal og SÅ hatt ullplagget i?

Raud løk
(Heklekorga er det oppskrift på i Brukt på nytt) Her har eg blingsa litt: Meinte at nokon av dykk hadde skrive noko om raud løk og sidan eksperimentet med gul løk var mislukka skrelte eg alle dei raude løkane eg hadde i hus (=9 stk). (No viste det seg jo at det vart åtvara mot å farge med raud lauk. Jaja så har eg prøvd det og.) Hadde dei i ei gryte med 2 liter vatn. kokte dette opp. Avkjølte og hadde i det våte ullplagget. Denne gongen ei sparkebukse.
 Fint? å neida. vart ein merkeleg farge og skjoldete. Så altså ingen vits å prøve med raud løk..

Så har eg trekt ut 4 som får 4 buntar kvar med skjoldete garn. (Garnet er bleika pga at det har lege i eit utstilllingsvindu så ein må nesten farge det.)
 Vinnarane er:

Elisabeth sa...

    Jeg synes at alt ble fint, både trøyene og garnet. Jeg elsker at garnet blir litt sjattert, og fargene du fikk tryllet fram ble fantastiske! Hadde vært veldig morsomt å vinne garn til utprøving av farger. Kunne tenkt meg til å prøve Storm konditorfarge f.eks.
    28. april 2011 14:51


SiljeST sa...

    Eg har fleire wiltonboksar liggande, og vil gjerne prøve å farge garn!
    Det er forresten mykje billigare å kjøpe fargen frå utlandet (men nå hugsar eg ikkje kva for ein nettbutikk eg brukte...)
    28. april 2011 18:27

Lillian Eikeland sa...

    Hei detta var spenande! Fargen på garnet vart flott,at den vart litt ugjamn er bare sjarmerane.Kanskje kan det ha med mengden garn i forhold til fargebadet, Eg veit ikkje, men veit du kor holbart farging med konditorfarge er i vask etter at det er tørka? Detta var virkelig spenande venter spent på forsettelsen:)Farging med løk gir fin gulfarge!
    28. april 2011 20:14

Ingvild sa...

    Kjekt å lære litt om ullfarging. Det har eg aldri prøvd før, men varrt litt inspirert til å teste det ut.... Har nokre ullbodyar med flekkar som ikkje går vekk. vil dei vise dersom eg fargar det på nytt trur du? Det er verdt eit forsøk:)
    2. mai 2011 13:48

Ps. Elisabeth og Ingvild har blogg som eg har lagt link til på namnet deira.


Alle 4 vinnarar, send meg ein e-post med adresse ( kathrine@nostebarn.no).

Så skal eg prøve å fatte ein konklusjon om farging i innlegget som kjem i morgon..

12 kommentarer:

lise sa...

Jeg synes du skal prøve å farge med løk en gang til jeg, men da på en måte som er testet ut før. Min måte, altså - som jeg har fått fra "Året rundt med gubben og katten".

La igjen lenken i en tidligere kommentar, her er den igjen: http://www.lises.net/hobby/farge/ Siden er åtte år gammel, så ikke så fancy.. ;-)

Vibekes lille grønne sa...

Veldig interessant å følge med på fargeeksperimentene på bloggen her! Vet at det finnes et ullfargemiddel som heter Ashford også. Du skal ikke vurdere å teste det også da? :)

http://www.fiberandart.no/shop/index.php?main_page=index&cPath=8

Elisabeth sa...

Så gøy å se hvordan det blir! Men jeg likte best resultatene fra de ordentlige fargene;)

LivA sa...

Vet det går an å farge med lyng, hadde farging av ull som 4H oppgave en gang. Også går det an å farge med cochenille lus, som gir en rød farge...(disse får man kjøpt på apoteket, fikk i alle fall det før)

Linda sa...

Hmm, ikke fantastiske resultater, syns faktisk det ble best med rødbeter! Er kaffe bedre å farge med enn te?

Anonym sa...

Cochenille lus er E120 hvis jeg ikke husker feil. Ellers så synes jeg det er rart at du fikk en så trist farge når du farget med løk. Jeg har fått til en fin sennepsgul farge.

trollmor sa...

vil tro at det kan lønne seg å koke opp løkskall og vann, men ta ut skallet før ulla legges i. skallet avgir mer farge enn vannet, og dermed blir det veldig skjoldete der ulla kommer i kontakt med løkskallet. Har ikke veldig god erfaring med løkfarging, men sånn funker det i alle fall når man farger egg til påske... forresten har jeg lagt merke til at gul løk gir rødbrun farge, mens rødløk gir gul -altså helt motsatt av hva man skulle tro!

Kathrine G. sa...

lise: Oi denne lenka burde eg jo fått med meg før. (Har tydeligvis ikkje lede kommentarane nøye nok..) Grunnen til at det vart ujamnt var nok at eg hadde skalet saman med plagga. Grunnen til at det vart svak farge var nok at eg ikkje hadde på langt nær nok løkskal.
Eg bør som du seier prøve ein gong til!

Komadyret sa...

Spennende med hjemmefarging. Jeg har kun prøvd meg med te, og det fønket ganske greit.....

http://komadyret.blogspot.com/2010/04/hjemmefarging-med-te.html

Elisabeth sa...

Heldige meg har jo vunnet! Jeg skal prøve meg på farging og deretter maile resultatene over til deg ;) Tusen takk!

Siv Iren sa...

Wilton farge får en kjøpt billig på E-bay. Bare et lite tips :)

Hilde sa...

Jeg farget garn med kaffe, og det ga en veldig fin og jevn brunfarge.