Såg eit hekla skjerf på ei som var på strikketreff hos meg i haust. Sette i gong med ein gong. Fant ut at Silkeull hadde den fine glansen som passa godt til lekre sjal. Silkeull er også utruleg godt å ha på både innomhus og ute. Silkeull kjem i fargane Natur, Blå, Lyng, Vårgrønn og Tinn. Du kan finne garnet her .
Janna i Lyngfarga skjerf: Brukte heklekrok 3 og 4 og Silkeull.
Hekle luftmasker på heklekrok nr 4 til ønsket lengde.
Skift til heklekrok 3.
1.rad: 3st i kvar lm. (= 300 st)
Hekle luftmasker på heklekrok nr 4 til ønsket lengde.
Skift til heklekrok 3.
1.rad: 3st i kvar lm. (= 300 st)
2.rad: Hekle 2st i kvar st (= 600 st)
Ein kan halde fram med rad 2 til det er så bredt som du vil ha det.
Åshild i Tinn-farga skjerf: Det lyng-farga vart litt smalt, så det neste hekla eg med dobbelt garn og heklekrok 4.
For å få eit luftigare skjerf kan ein hekle slik:
Silkeull og heklekrok 3,5.
Hekle lm til passe lengde til dømes 100
1.rad: (1 dobbelst, 1lm, 1dobbelst) i kvar lm, 1 lm (= 200 dobbel-st)
2.rad: Som rad 1, men nedtak om luftmaska frå førre rad. (= 400 dobbelst.)
Neste innlegg: strikka variant av snurreskjerf. Dette vert julegåve til fleire av venninnene mine.