torsdag 26. mai 2011

Våre favoritter - Maria og Tonje

Våre favoritter - Maria
Jeg tilhører dem som er veldig glad i vårt 3-trådsgarn. Det er ikke like drøyt som
2-trådsgarnet, men det passer perfekt å strikke pene, litt tykkere, bruksplagg av.
Aller penest, synes jeg og mine småjenter, er oppskrift 1943 – Jakke med rundfelling
og 1960 – Rillestrikket genser. Jeg har strikket begge, og de har blitt voldsomt
populære hjemme hos oss.
011005

tirsdag 24. mai 2011

Myke gaver av feilvasken / Konkurranse


001 Ikke fortvil hvis bestemor vasket i stykker ullfleece-dressen!

Det går nemlig an å resirkulere gamle eller feilvaskede ullklær til myke, kosete gaver


(Dressen til venstre er vasket på 40 grader, dressen til
høyre er samme str. i uvasket)


008

”Sy myke dyr i naturmaterialer, K. Neuschütz, 1996”
Vi fant en bok med mange artige oppskrifter til hvordan man syr egne myke dyr. Alle oppskriftene er superenkle. Du trenger minimalt med materiale og utstyr (det liker vi!), stort sett bare: stoff, garn, tråd, saks og nål.


012
Noen krabater ble litt rarere enn de andre. Men er det ikke utrolig hvor glad en blir i det en lager selv, pussig eller pen, sammenlignet med det masse-produserte vi får slengt etter oss?
Det er i hvert fall alle dyrene våre enige i.
014
Du kan også bruke restegarn til hjemmelagde og myke gaver. I boka ”Brukt på Nytt” finner du oppskrifter til både dukker og bamser. Strikket eller sydd er det samme: Det er så flott å gi og å få gaver det er lagt ned tid og omsorg i.
022
(Ballen er Lise sin design, laget av restegarn. Flott babyleke!)

- - - - KONKURRANSE - - - -
Har du laget noe koselig av restegarn eller annet gjenbruk? Kanskje du ønsker å lage noe?

Fortell oss om det! Vi trekker tre innlegg som vinner boka ”Brukt på nytt”. Den bugner av tips og ideer til gjenbruk av ting vi likevel har liggende hjemme.
Frist for innlegg er 7. juni.

041
Ha en flott dag alle sammen!

Hilsen fra NøsteZoo i Trondheim

onsdag 18. mai 2011

Tøffe stumper

TØFFE STUMPER!
Bleiebukser til tøybleier kommer i mange typer og varianter. De tøffeste strikker du selv av ubehandlet ull!
Vi brukte noen dager på å finne på egne designs til
en hel liten ”kolleksjon” av kule bleiebukser.
Det var utrolig artig. Vi hadde nok kunnet lage
flere hundre – bare fantasien setter grenser!
Alle bleiebuksene er strikket i dobbel 2-tråds merinoull etter vår oppskrift 1901.
emil i elgbukse_thumb[1]_0000
rosababybukse_thumb[1]_0001
De siste årene har tøybleier igjen blitt populært, folk har heldigvis sett alle de fantastiske fordelene med å bruke en plastikkfri bleieløsning.
Nøstebarn har siden oppstarten i 1983 hatt tøybleier i sortimentet, så vi hiver oss ikke på en trendbølge, miljøbevisste har vi alltid vært..

onsdag 4. mai 2011

Farging 6 - Konklusjon

Så var det på tide med ein konklusjon etter all farginga den siste veka. Målet med dette "fargeprosjektet" var å finne ut meir om farging av ull. Eg trur eg kan sei at målet er oppnådd, men må få leggje til at det eg har kome fram til jo ikkje er absolutte sanningar. Resultata vert påverka av kor oppmerksam eg var under dei ulike forsøka og korleis eg utførte dei. 

Her er bunken med trøyer: Frå nedst til øvst: Te, raudbetar, Herdins, Wilton konditorfarge, Livos.
Ja kva skal eg anbefale å farge ull med? Å farge med naturleg fargestoff frå planter og grønsaker er det vel kanskje det som er mest uforutsigbart (i alle fall for oss som ikkje har svart belte i plantefarging), men samtidig billeg og spennande. Te fungerte godt og raudbetar heilt greit. Når det gjeld farging med løk viser det seg at eg verken gjorde det på rett måte eller hadde nok løkskal. Dei som kan tenke seg å farge med løk bør sjå på dette bloginnlegget. 

Men dersom ein ikkje er veldig glad i sennepsgul er det jo greit å ha bruke noko anna. Livos sitt fargestoff er eit godt fargestoff som er heilt trygt å bruke. Det er jo noko begrensa fargeutval, så for dei som vil ha sterkare fargar trur eg at eg vil anefale Wilton konditorfarge (eller anna konditorfarge?). Det var enkelt å dosere og bruke og fargen vart ganske jamn.

Det er to grunnar til at Herdins Textile Colour Multifibre ikkje er min favoritt: Eg har endå ikkje fått svar frå dei om kva fargestoffet inneheld og eg ville i alle fall  ikkje brukt det på plagg som skal på hud. Den andre grunnen oppdaga eg i dag, då eg skulle ta bilete. Fargen har ikkje trekt heilt inn i alle folder og kantar. Det er lyse render langs saumane. Det var ikkje så lett å ta bilete av det, men her er eit forsøk:

Plagga krympa ikkje eller vart ikkje stivare under nokon av metodane. Eg har vaska alle plagga i vaskemaskin og det ser ut som at fargen held.

Eg gler meg til å strikke av garnet eg har farga: Frå venstre: Te, Livos og Herdins. Det var veldig kjekt å farge garn.

Så er me ved veis ende. Det har vore eit kjekt prosjekt. Veldig spennande å sjå resultata. Så dersom de har ullkler eller garn som kan trenge ein oppfrisking er det berre å setje i gong. Om nokon av dykk fargar og gjer erfaring som kan vere til nytte for oss andre er det kjekt om de sender meg ein e-post eller legg igjen kommentar her på bloggen. Takk til alle som har vore med og til dykk som har kommentert.  Eg har fått tips om fleire fargestoff og det kan godt vere eg tar meg ei "tokse" att. Men akkurat no var det godt å få alle gryter og fargeremedier vekk frå kjøkenet (og det var det ikkje berre eg som synes ;-)

Dette vart det siste blogginnlegget denne veka. Eg skal til "ny" Oslo-butikk i morgon og til vestlandet etterpå. Minner om garnsalet til Nøstebarn: 70 kroner per bunt for alle utgåande fargar. Vårvarene er på plass i butikkane og på nettet.

Sjå gårsdagen innlegg for meir info!
GOD HELG!

tirsdag 3. mai 2011

Garnsalg, vårvarer og større Oslobutikk

Dagens andre blogginnlegg.. Det er mykje som skjer om dagen:



Vårvarene er på plass i nettbutikken og i Nøstebarnbutikkane i Bergen, Oslo, Trondheim og Sandvika. Alle vårfargane ser du her på biletet og dei som er heilt nye er (i parantes mine heilt subjektive meiningar..)
Jeansblå (God tøff blåfarge)
Vårgrønn (Roleg, men frisk grønfarge. Som blada på tulipan)
Klar lilla (herleg fin lilla som eg har venta lenge på)

Alle plagga er i 70% ull og 30% silke. Dei er mjuke og utruleg gode å ha på. Ull/Silke er glimrande no om dagen når det er så vekslande temperatur. Ull/Silke isolerer like godt mot kulde som mot varme. I fjor var eg i Hellas og fann ut at singlet i ull/silke fungerte heilt supert ved 40 grader.






Ingebjørg og Hansemann stilte som modellar. (Me kan vere gode vener på bilete me.. heilt til Hansemann trakkar Ingebjørg på tåa..) Hansemann i jeansblå trøye og Ingebjørg i Klar Lilla i heilt nye Nøstebarnvarer: Tunikaen er fin med litt rynker på ermet, raglan og brei kant nede (eg er allereie misunneleg..).  Cardiganjakka ho har på seg kjem også til vaksne og vert garantert mykje brukt. Det er veldig praktisk med ei tynn jakke gjennom heile sommaren. Ingebjørg 10 år har på str 152 og Hansemann 5 år har på 104 (men her hadde eg valgt 116 eller 128)

Det er jo også mykje fint til baby og vaksne. De kan sjå heile kolleksjonen her.

I vinter spurde eg dykk her på bloggen om hjelp i eit vanskeleg garnspørsmål: Skulle me slutte med 3-tråds til å få plass til fleire fargar i 2-tråds og Silkeull? Kjemperespons! Veldig mange engasjerte svar! På bakgrunn av dette kom me fram til at me ikkje kunne fjerne 3-tråds heilt. det er mange som er glad i dette garnet og det vert ikkje heilt det same som å strikke med dobbelt av 2-tråds. Så me bestemte oss for å behalde 9 fargar i 3-tråds. Det betyr at me tar ut 18 fargar og den plassen me sparar på lageret kan me bruke til nye fargar i 2-tråds og silkeull.

Sidan dette vert ei veldig stor endring treng me å rydde lageret innan alle dei nye (fantastisk fine) fargane kjem inn til hausten. Me startar derfor no eit garnsal i anledning av nyopninga av Oslobutikken: No 70,- (før 98,-) per garnbunt i utgåande eller utgåtte fargar.  På biletet er alle fargane som er på sal. Det er sjølvsagt mest 3-tråds, men også ein del 2-tråds. De kan sjå oversikten her.

Og så er det 10% avslag på bøkene Strikk til Nøstebarn og Brukt på nytt

 Ombygginga i Oslo er ferdig og dei opnar "ny" butikk i morgon kl 10. Butikken er blitt 50% større og det er etterlengta både for kundar og ansatte. Eg skal inn på torsdag og gler meg til å sjå! :-)Velkommen til de andre i Osloområdet som vil ta turen!

Farging 5 - Naturleg fargestoff

Ja så er me kome til den store eksperimenteringa. Utgongspunktet var at eg tenkte at det måtte vere muleg å farge ull med fargestoff frå noko som alle har i sin nærbutikk og utan bruk av beis eller anna for å få fargen til å feste seg.  Eg har fått mange gode tips på kva eg bør velje og ikkje velje. (Kanskje spesielt det siste..) Når eg har sett meg ein tanke i  hovudet er det vanskeleg å snakke meg frå det. Så eg gjekk på med friskt mot og starta med..

mandag 2. mai 2011

Farging 4 -Livos

Allereie over i ny månad! Kor vart april av? Resten av ideane eg hadde på temaet gåver får kome etterkvart. Det er jo aktuelt året rundt. I dag er innlegget via til farging av ull med Weja Stoffarger frå Livos.