Dagens andre blogginnlegg.. Det er mykje som skjer om dagen:
Vårvarene er på plass i nettbutikken og i Nøstebarnbutikkane i Bergen, Oslo, Trondheim og Sandvika. Alle vårfargane ser du her på biletet og dei som er heilt nye er (i parantes mine heilt subjektive meiningar..)
Jeansblå (God tøff blåfarge)
Vårgrønn (Roleg, men frisk grønfarge. Som blada på tulipan)
Klar lilla (herleg fin lilla som eg har venta lenge på)
Alle plagga er i 70% ull og 30% silke. Dei er mjuke og utruleg gode å ha på. Ull/Silke er glimrande no om dagen når det er så vekslande temperatur. Ull/Silke isolerer like godt mot kulde som mot varme. I fjor var eg i Hellas og fann ut at singlet i ull/silke fungerte heilt supert ved 40 grader.
Ingebjørg og Hansemann stilte som modellar. (Me kan vere gode vener på bilete me.. heilt til Hansemann trakkar Ingebjørg på tåa..) Hansemann i jeansblå trøye og Ingebjørg i Klar Lilla i heilt nye Nøstebarnvarer: Tunikaen er fin med litt rynker på ermet, raglan og brei kant nede (eg er allereie misunneleg..). Cardiganjakka ho har på seg kjem også til vaksne og vert garantert mykje brukt. Det er veldig praktisk med ei tynn jakke gjennom heile sommaren. Ingebjørg 10 år har på str 152 og Hansemann 5 år har på 104 (men her hadde eg valgt 116 eller 128)
Det er jo også mykje fint til baby og vaksne. De kan sjå heile kolleksjonen her.
I vinter spurde eg dykk her på bloggen om hjelp i eit vanskeleg garnspørsmål: Skulle me slutte med 3-tråds til å få plass til fleire fargar i 2-tråds og Silkeull? Kjemperespons! Veldig mange engasjerte svar! På bakgrunn av dette kom me fram til at me ikkje kunne fjerne 3-tråds heilt. det er mange som er glad i dette garnet og det vert ikkje heilt det same som å strikke med dobbelt av 2-tråds. Så me bestemte oss for å behalde 9 fargar i 3-tråds. Det betyr at me tar ut 18 fargar og den plassen me sparar på lageret kan me bruke til nye fargar i 2-tråds og silkeull.
Sidan dette vert ei veldig stor endring treng me å rydde lageret innan alle dei nye (fantastisk fine) fargane kjem inn til hausten. Me startar derfor no eit garnsal i anledning av nyopninga av Oslobutikken: No 70,- (før 98,-) per garnbunt i utgåande eller utgåtte fargar. På biletet er alle fargane som er på sal. Det er sjølvsagt mest 3-tråds, men også ein del 2-tråds. De kan sjå oversikten her.
Og så er det 10% avslag på bøkene Strikk til Nøstebarn og Brukt på nytt
Ombygginga i Oslo er ferdig og dei opnar "ny" butikk i morgon kl 10. Butikken er blitt 50% større og det er etterlengta både for kundar og ansatte. Eg skal inn på torsdag og gler meg til å sjå! :-)Velkommen til de andre i Osloområdet som vil ta turen!
6 kommentarer:
Så mye spennende! Finner vi garnsalg også i Trondheim?
Her var det masse fint, altså! Var innom nettbutikken og handlet garn på salg og ull/silkebody i går. Hos oss går det stort sett bare i ull på høst/vinter/tidlig vår, og så bomull sein vår/sommer, så jeg er kjempespent på hvordan det fungerer med ull/silke nå når det blir varmere. Har stor tro på dette :) Til slutt et lite ønske: kan dere ikke få den heldrakten med korte ermer og ben i større str? Sånne er jo helt supre til pysj og lekedrakt om sommeren, også for barn over 2 år. Jeg har akkurat oppdaget at mange steder er 86 (evt. 92) grensa for str på bodyer og slike dresser. Kjempekjipt, for det er jo supre plagg også for større barn. Veldig bra at dere selger bodyer i større str enn 86!
Har ventet en stund på vårvarer nå, så nå ble hvertfall jeg happy! :-D Nå blir det handling til både sommer og vinter :-)
Gleder meg til å se den nye butikken, og garnsalg er jo luksus:-) Vil benytte anledningen til å takke for en kjempefin og inspirerende blogg.
Å så mye fint!
Gratulerer med "ny" butikk :-) Gleder meg til å besøke den!
Så mange flotte vårvarer, - liker spesielt klar lilla! Ønsker dere hadde ullfleecejakke i den fargen ;-)
Flott med garnsalg, nettbutikken er allerede besøkt.
Legg inn en kommentar