Eg skreiv om dei grøne vottane eg strikke til Hansemann i eit innlegg før jul. Då storesyster Ingebjørg fekk sjå dei, ville ho også så gjerne ha. Så då var det berre å gå i gong å strikke då? Ho fekk velje farge sjølv og då vart det (ikkje overraskande) farge 35 Petunia. Strikka etter oppskrift 1916 Tova votter (+ Strikk til nøstebarn) og det gjekk med 60 gram 3-tråds Merinoull. Eg strikka etter råd frå Kathrine som kommenterte til innlegget om Den grøne votten: Eg la opp til størrelsen over og følgde tala i oppskrifta på lengda til den størrelsen eg skulle ha. Tova på 40 grader "Lettstelt". Dei vart heilt perfekte :-)
Dekoren vart Snella og Petronella sine ordknappar som me sel i våre butikkar.
Eg ser på diverse bloggar at mange legg ut kva dei fekk eller gav til jul. Eg fekk mykje fint, men har likevel veldig lyst å leggje ut gåvene Hansemann og Ingebjørg fekk frå dei flittige niesene sine. Det er sparebøsser laga av syltetøy/fetaost-glas.
Loka er måla med hobbymaling og det er skore hol i loket til pengane. På glaset har dei limt på kattar og fjes som vert blidare og blidare jo fullare sparebøssa vert. Dei har måla på papir og limt på glaset. Så om du treng ein aktivitet til rolege romjulsdagar er det berre å setje i gong. Og så spare spare etter utskeiingane i desember.
Og takk til Amalie og Mathilde for flott ide og fine gåver :-)
onsdag 29. desember 2010
onsdag 22. desember 2010
Tjukt volangskjerf og langlue
Alle strikkar vel for harde livet for å bli ferdig med julegåvene. Eg har rett og slett strikka til meg sjølv i det siste. Fekk så lyst på ei ny lue og eit stort tjukt Volangskjerf. Tenkte det hadde vore fint i fargen 92 Naturgrå, men fant ut at min vinterbleike hud trengte litt meir farge.
Kan ellers slå eit slag for Baskerlua og skjerf (oppskrift 1954 + Strikk til nøstebarn, side 123). Eg brukte denne lua som utgongspunkt då eg laga den nye. Settet er fint både til jenter og dame. Oppskrifta er i tre størrelsar: 1-3 (5-8)år + Dame. Ein dekorere med hekleblomst eller rosett.
Vottar i same stil. Strikka fram og tilbake i rillestrikk. Oppskrift 1938 + Strikk til nøstebarn Størrelse baby til Dame. Vottane er strikka i dobbelt 2-tråds Merinoull. Fargen på biletet er 62 Turkis, men den er erstatt med ny nyanse sidan disse var tatt. No er 62-fargen lik kleda i Breblå som du kan sjå døme på her. Vottar er normalt ikkje det enklaste å strikke, men disse er veldig enkle og er gjort på eit par kveldar.
Eg reiser til Vestlandet i dag for julefeiring. Eg har pakka både strikketøy både til bilturen og jula. Altså eit "bilstrikketøy" og eit prosjekt eg har gleda meg til å gå i gong med lenge som skal "nytast" i jula. Nokon som vil dele kva dei skal ha som julestrikk?
Ønsker alle lesarar ei fin julefeiring!
Skjerfet er derfor strikka i 43 Lilla, 35 Petunia og 32 Lyng. Eg har brukt dobbelt 2-tråds Merinoull og pinne nr 6. Lua er strikka i 35 Petunia, også denne i dobbelt 2-tråds Merinoull, men på pinne 5. Oppskrift på lue og skjerf kan du laste ned gratis her.
Lua er lang og heng litt ned bak. Den var veldig enkel og rask å strikke. Volangskjerfet strikka eg melert, dvs to trådar av ulik farge. Medan eg felte av strikka eg "bobler" i kvar 20. maske. Skjerfet vart veldig tjukt og godt og gjorde seg godt på kåpa.
Ingebjørg (9) stakk av med lua med ein gong ho var ferdig, så då måtte eg strikke eit skjerf og ei lue til ho også. Slik at eg kunne ha mi eiga i fred. På biletet her har ho på seg mi lue, altså damestørrelsen. Oppskrifta laga eg oppskrift på 3 størrelsar i lue og 2 i skjerf. Oppskrift lastar du ned gratis frå Nøstebarn sine sider her.
![]() |
| (Fotograf Tove Breistein) |
![]() |
| (Fotograf Tove Breistein) |
Eg reiser til Vestlandet i dag for julefeiring. Eg har pakka både strikketøy både til bilturen og jula. Altså eit "bilstrikketøy" og eit prosjekt eg har gleda meg til å gå i gong med lenge som skal "nytast" i jula. Nokon som vil dele kva dei skal ha som julestrikk?
Ønsker alle lesarar ei fin julefeiring!
mandag 20. desember 2010
Jul av ingenting
Midt i alt ståket og kjøpemaset skal dette handle om julepynt ein kan lage av ingenting. Eller rettare sagt: av det ein har i hus allereie. Då eg kom i barnehagen til Hansemann i begynnelsen av desember hadde dei fått opp krans på døra. Det varma hjarta å sjå at den var laga av mest berre slike ting ein har. Innmaten er laga av avispapir som er rull/akrølla saman til ein ring og så er det surra med tynn ståltråd granbar, kongler og kvistar. Vil me ha meir pynt på har me vel det liggjande ein stad.
Tek med eit bilete av kransen frå baksida. Om du ikkje har krans på døra, slepp du ut på overfylte kjøpesenter for å få tak i det. Ta ein tur i hagen/skogen i staden!
Juleverkstad høyrer med til advent. Eg er jo Kunst og Handverk-lærar eigentleg, så dette har eg stor erfaring med. Eg hugsar eg gjekk med glitter "overalt" frå november til langt utpå nyåret. Det vert derfor ikkje mykje glitter her i huset, men juleverkstad har me.
I år har me laga lyslykter av syltetøyglas. Har limt på silkepapir og serviettar med decoupage-lim. Eg trur det skal gå greit med vanleg lim eller tapetklister også. Har pynta med blonder, perler og band langs kanten. Nokre har me laga hank på. Dei er fine å ha både inne og ute. Det er også fint å lage lyslykter med perler og ståltråd. Ta ein kikk i Marias strikkeblogg som har eit innlegg i julekalenderen sin om dette.
Tek med eit bilete av kransen frå baksida. Om du ikkje har krans på døra, slepp du ut på overfylte kjøpesenter for å få tak i det. Ta ein tur i hagen/skogen i staden!
Juleverkstad høyrer med til advent. Eg er jo Kunst og Handverk-lærar eigentleg, så dette har eg stor erfaring med. Eg hugsar eg gjekk med glitter "overalt" frå november til langt utpå nyåret. Det vert derfor ikkje mykje glitter her i huset, men juleverkstad har me.
lørdag 18. desember 2010
Den grøne votten
Eg har lest "Den grønne votten" av Alf Prøysen for Hansemann. Veldig koseleg bok. Merkar det er ei anna tid boka er skrive i, så nokre ting må forklarast. Rørande å lese om kor Ragnar gler seg til å få vottane og kor trist han er då den eine er vekke. Ser ikkje for meg at mine ungar kunne kjent det på same måte?Fekk likevel ide om å strikke eit par grøne vottar til Hansemann.
Brukte oppskrift 1916 tova vottar (+ i Strikk til nøstebarn). Ingenting er så godt og fint som tova vottar. Oppskrifta er eigentleg laga for lanolingarnet som er tjukkare enn 3-tråds merinoull. Har derfor erfaring med vottane kan bli litt små. Derfor strikka eg med 1 tråd 3-tråds og ein tråd 2-tråds Merinoull. Fargen er 74 Gressgrønn som me har ganske mykje av her i huset.
Dei vart ferdige i dag tidleg kom rett i vaskemaskinen. Har tidlegare erfaring med at vottar kan bli til sprettballar i vaskemaskinen, så eg starta roleg med "lettstelt" og 40 grader. Dei vart ikkje tova nok, så tova vidare for hand med varmt vatn og grønsåpe. Inn i maskinen igjen på skylleprogram og no vart dei passelege. Bokstavane vart broderte på med kjedesting med farge 10 natur. Satsar på at disse vottane ikkje skal gjennom like mykje som vottane i boka.
Eit lite tips: Når det bles eller for å spare vottane for skit, kan det vere greit med eit vindtrekk over vottane. Kanskje har ein vottepar liggjande der foret er slitt eller øydelagt? Klypp ut foret og brukt vindvotten over strikkevottar.

Abonner på:
Innlegg (Atom)