Midt i alt ståket og kjøpemaset skal dette handle om julepynt ein kan lage av ingenting. Eller rettare sagt: av det ein har i hus allereie. Då eg kom i barnehagen til Hansemann i begynnelsen av desember hadde dei fått opp krans på døra. Det varma hjarta å sjå at den var laga av mest berre slike ting ein har. Innmaten er laga av avispapir som er rull/akrølla saman til ein ring og så er det surra med tynn ståltråd granbar, kongler og kvistar. Vil me ha meir pynt på har me vel det liggjande ein stad.
Tek med eit bilete av kransen frå baksida. Om du ikkje har krans på døra, slepp du ut på overfylte kjøpesenter for å få tak i det. Ta ein tur i hagen/skogen i staden!
Juleverkstad høyrer med til advent. Eg er jo Kunst og Handverk-lærar eigentleg, så dette har eg stor erfaring med. Eg hugsar eg gjekk med glitter "overalt" frå november til langt utpå nyåret. Det vert derfor ikkje mykje glitter her i huset, men juleverkstad har me.
I år har me laga lyslykter av syltetøyglas. Har limt på silkepapir og serviettar med decoupage-lim. Eg trur det skal gå greit med vanleg lim eller tapetklister også. Har pynta med blonder, perler og band langs kanten. Nokre har me laga hank på. Dei er fine å ha både inne og ute. Det er også fint å lage lyslykter med perler og ståltråd. Ta ein kikk i
Marias strikkeblogg som har eit innlegg i julekalenderen sin om dette.
2 kommentarer:
Fine ting du har lagd. Det er virkelig koseligt med hjemmelagde ting.
Det var ein kjempefin krans, godt tips å bruke avispapir inni!
Legg inn en kommentar