#1955 Jakke strikka i eit stykke er strikka i Silkeull i fargen Tinn. Denne vart litt nostalgisk og veldig kjekt at Tinn er unisex. Både i tilfelle ein ikkje veit kva kjønn babyen som kjem blir og med tanke på arving.
#1923 Raglangenser i 3-tråds Merinoull. Kantane er strikka stripete i Vårgrønn og Breblå/Turkis og resten av genseren er i Jeansblå. Grei genser til kvardagsbruk under regnklede eller dress. Med litt dekor vert det etter min erfaring gjevare å ta på.
Her er nærbilete av bilen som er hekla frå Brukt på nytt, men i 3-tråds Merinoull. Vart ein mellomting mellom folkevogn og monstertruck?
#1943 Jakke med rundfelling i 3-tråds Merinoull og den nye fargen Bringebærrød. Den nye fargen er skikkeleg frisk og eg synes den passa godt til denne jakka. Her er strikka med krage, men det vel ein jo sjølve. Ein fin jakke å ha over julekjolen? Jakka vert strikka fram og tilbake i rillestrikk. Veldig enkel og rask å strikke.
6 kommentarer:
De nye fargene er kjempefine! Gleder meg til å se jakka utstilt i Trondheim.
Æ trur jaggu æ må sjekke ut den tinnfargen nærmare - jakka vart super i den fargen :)
Så nydelige strikkeklær :) Er igang med halsen i 3-tråds fra strikk til nøstebarn nå. :)
Kriszina: Takk for at du kan tenke deg å strikke modelar. akkurat no har me nok strikkerskar, men eg tar kontakt om me treng fleire!
Jeg holder på med et skjerf til min mann hvor jeg strikker med den nye 93Skifergrå merinoullen blandet med 90Tinn silkeull. Strikker altså med to tråder, i patentstrikk. Det blir veldig fint, og veldig maskulint ;)
Kathrine: Eg ventar spent på Skifer som er på vei i posten til meg. Har store planar for kva eg skal strikke. Det høyres fint ut å blande med tinn. Send gjerne link bilete når det er ferdig!
Legg inn en kommentar