For dei som har lyst å prøve treng du: Trekule 12-15 mm, Papirbit ca 9x18cm, litt tråd, til dømes type gull, limstift
1: Brett eit papir i folder , slik at brattane går langs med kortsida. Klypp eit hakk på midten av arket (ved pila) nesten halvvegs.
2: Hald "trekkspelet" tett saman og brett ned "vengene" på kvar side. Legg tråden rundt magen, slik at trådendane blir hengjande bak. Ta endane over kvar skulder og træ dei ned i løkka framme på magen. træ på kula. Knyt ein knute i enden av trådane, slik at engelen kan hengje.
3: Ta litt lim på undersida av kvar venge og lim dei fast til skjørtet. Hald saman skjørtet og klypp eit hakk midt i, og gjer det same ytst på vengjene. Dette har eg ikkje gjort på engelen på biletet. Sjå på originalen på biletet øvst oppe.
Lykke til!
Kan sikkert vere fint med anna papir og kanskje andre perler til hovud? Små englar, store englar?
Heilt på tampen tek eg med ein link til Frida sin blogg: Silkesauen som syner ei Nøstebarn-sparkebukse som vart til ein kalendar. Godt gjenbruk!
2 kommentarer:
flott engel. Takk at du deler framgangsmåten
Ja, hjarteleg takk for denne fine og enkle oppskrifta! No har eg laga min eigen, raude engel. Gjekk utruleg fort - og eg kosa meg!
Engelen vart også meir elegant enn julekalender-strømpa mi...
Legg inn en kommentar