mandag 7. mars 2011

Restegarnutstilling og 2 tips til strikkeprosjekt

Det kjem fleire innlegg med bidrag i ullvølkonkurransen, men i dag vert det eit anna tema. Eg var i Oslo i helga og var innom i Nøstebarn-butikken på Sagene/Bjølsen. Der holdt dei på med ny utstilling i vindauga. Dei har fått dei modellane eg strikka i januar då temaet var Restegarnstrikking her på bloggen. Utstillinga vart så fin og eg hadde lyst å ta eit bilete av ei trøye Hilde hadde strikka i restegarn:
Trøya er strikka etter oppskrift 1905 (s. 65 i Strikk til nøstebarn) i rester av 2-tråds Merinoull. God å bruke som vest/tunika utanpå ulltrøyene og fin no i på våren?
Det er vanskeleg å ta bilete inn gjennom glaset, men eg tek med bileta likevel. Så de som bur i nærleiken av Oslobutikken kan ta turen om de treng inspirasjon til restegarnstrikking. De andre kan jo sjå på blogginnlegga for januar.

Har fått fleire strikkemodellar frå Vennesla: Her er er Kvadagskjole (Oppskrift 1938, s.48 i Strikk til nøstebarn). Kjolen er strikka i 2-tråds Merinoull i farge 21 Bringebærrød. Har sydd på raude knappar i perlemor. Denne kjolen kan ein gjerne strikke litt stor; så startar den som kjole og vert vidare tunika og så vest etter kvart som barnet veks. Ein kan med andre ord ha den lenge :-)


Her er Tunika i 2-tråds Merinoull (Oppskrift 1962) strikka i farge 10 Natur, 75 Vårgrønn og kantar i 32 Lyng. Fin som kjole eller som tunika over andre kler.
Knappen er i poselen og frå Snella og petronella som me sel i butikkane.

11 kommentarer:

hjertemynthe sa...

Herlige strikkerier! Følger gjerne jeg :)

Camilla sa...

å så gøy - jeg begynner å strikke en lang vest med en eneste gang!

Dorthea sa...

Mye flott inspirasjon! :) Klør i strikkefingrene...

Haust sa...

Så mykje fint!!! *inspirert*

Ha ei god veke! :)

Anonym sa...

Flott inspirasjon!
Idag har jeg rydda i strikkegarnet. Prøvd å sortere retegarnet som har mistet lappene med info om garnkvalitet.... Noen som har tips om hvordan jeg kan vite hva som er ull og hva som er syntetisk?

Kathrine Gregersen sa...

For å finne ut kva som er ull og kva som er syntetisk kan du setje tråd på ein bit tråd: Ull er protein (som hår)og smuldrar berre vekk. Syntetisk brenn på ein annan måte; smeltar og det vert oske. Lykke til!

Kathrine Gregersen sa...

meinte å skrive "setje fyr på".. ;-)

hingva sa...

Jeg liker oppskriftenen til nøstebarn veldig godt, og det er så artig å se modellene i så flotte farger! Blir skikkelig inspirert ja:-)Jeg strikket tunika 1962 i vinter i diverse lillafarger, og vesla bruker den masse. Nå spørs det om ikke det blir en "hverdagskjole" også om litt..Takk for linken til nettbutikken med knapper litt utenom det vanlige!

trineda sa...

Gode ideer til oss som bruker heklenål ønskes også!

siripiri sa...

Kvar kan eg finne oppskrifta til vesten som guten på gyngehesten har på???

Kathrine Gregersen sa...

Siripiri: Vesten som er på guten på gyngehesten er Oppskrift 1962 Tunika og vest (altså vest + tunikaen som er avbilda i innlegget her.