torsdag 24. mars 2011

VINNARAR Ullvøl 2011

Det er ei glede for meg å presentere verdige vinnarar i Ullvølkonkurransen. Som eg skreiv litt om i går var dette inga lett oppgåve for det var så mykje bra! Me takkar for alle bidrag!
Kreativt!





Vinnaren er Cornelia. Ho har bloggen designed to live som de finn her.
Ho får eit gåvekort på kr 1000,- frå Nøstebarn
Me falt for den kreative forma på fuglen og det at trøya vart personleg tilpassa eigaren på ein kreativ måte.

Sjarmerande og enkelt!


Vinnaren er Tonje!
Ho får eit gåvekort på kr 1000,-
Tonje skreiv inn til oss på facebook og lurte på kva ho skulle gjere med nokre strømpebukser det var hol i. Ho fulgte tipset om å bruke stoff frå eit lett tova ullplagg og sy på. Dette har ho gjort på ein enkel måte og resultatet er sjarmerande synes me.

Godt handverk!

Vinnaren er Kristin!
Ho får eit gåvekort på 1000,-
Ho har brodert kjedesting på slitne sparkebukseføter. Me syntes det var eit framifrå døme på godt handverk. Dette er noko me er sikker på også våre formødre ville nikka anerkjennande til :-)

Redesign!
Her er det 2 vinnarar:
Vinnaren er Oddrun Helene Eggum som har bloggen ohelene som de finn her.
Ho får gåvekort på 1000,-
Oddrun har sydd ein body om til kjole. Me syntes dette var godt design og likte at eit praktisk plagg vart gjort om til eit nytt praktisk plagg som sikkert vert mykje brukt.


Vinnaren er Inger Lise som har bloggen Retrobaby som de finn her.
Ho får eit gåvekort på kr 1000,-
Ho har sydd om ein ullfleecejakke og trøye til ei bleiebukse (til sperrelag utanpå tøybleier). Me synes dette var ein lur måte å bruke ullkler på og synes det ser ut som ho har fått ein god fasong på ullbuksa som både er praktisk og fin.
Og for dei som ikkje kjenner at dette biletet frå bloggen, så er det ikkje rart. DET saman med fleire gode bidrag frå Inger Lise kjem til inspirasjon for oss i innlegget i morgon.

Forstørring av plagg!



Vinnaren er Aina!
Ho får hovudpremien som er eit gåvekort på kr 2000,-.
Ho har laga ei sparkebukse lenger ved å sy på nye kantar nede og lenger selar for at buksa skulle passe ut sesongen. Me synes det både var dekorativt og funksjonelt. (Vart også imponerte over at til og med trykknappane er gjenbruk!)

Grunnen til at Aina fekk hovudpremien var at ho også kom blant finalistane i klassen Kreativt og me synes det var to fine bidrag som viste god breidde:


Og så..
No er det jo slik at eg held på med mykje utanom bloggen også. Eg har arbeida med dekoren på skinntøflene som kjem til hausten. Då eg fekk sjå bidraget frå Laila visste eg det:

Tøflene må få ein "hodefoting", eller "klumpemonster" eller ein anna uttryksfullt vesen. Eg skal ikkje bruke teikninga, men berre som inspirasjon.
Som takk for at du sette meg på ideen får du eit gåvekort på kr 500,-og så får du eit par tøflar når dei kjem.

(Alle vinnarane blir kontakta av hovedkontoret i løpet av dei næraste dagane.)

Det har vore så kjekt med alle tilbakemeldingane om at mange er blitt inspirert til å vøle ullplagg og dermed få favorittplagg til å leve lenger. Dette temaet held jo fram og det vil jamnt bli tips om vøling.Me ser heller ikkje vekk frå at det vert ny ullvølkonkurranse ein gong. Takk, tusen takk til alle som har deltatt både med bidrag og kommentarar!


Minner om at det også er muleg å poste bilete av ullvøl, strikking eller anna på facebookveggen vår!

9 kommentarer:

Anonym sa...

Fine vinnere.. Gratulerer med flotte premier...

Trineda sa...

Hei

3 av bidragene tippet jeg riktig på!
Gratulerer alle sammen.

ohelene sa...

Oi! Er kjempeoverraska over å nå opp i denne konkurransen, men sjølvsagt veldig veldig glad. :D Tusen takk!

lise sa...

Gratulerer til alle vinnerne!

Husfruen sa...

Gratulerer så mye til dere alle, så masse fin inspirasjon

- fruNelia sa...

Hurra! Jeg vant! Det må vel nesten være første gang - ever! TAKK!

Anne Lise sa...

Gratulere alle sammen! Alle er VELDIG verdige vinnere det må jeg si. Kjempeflotte!

OliveBlush sa...

Gratulerer med flotte premier!! Vel fortjent :-D
Blir spennende å se tøflene som kommer til høsten!

Snupperella sa...

Her var det mye fint:)
Det er ingenting som er så moro som redesign.