onsdag 6. juli 2011

Hekleri -og tips til regnfulle sommardagar

Ingebjørg ønska seg veldig "nytt" rom og no har me tatt ei "tokse" der. Utfordringa var å lage nytt av det ho hadde for møblar og veggar var ok. Oppslagstavla vart trekt med stoff, ny gardin og så flytta me rundt litt på møblane. Kontorstolen ho hadde var blitt litt lurvete og passa ikkje inn i det lilla og turkise paradiset me hadde laga. Men mor visste råd..

Stolen fekk nytt hekla trekk i 3-tråds Merinoull i fargane 32 Lyng, 43 Lilla, 62 Turkis og 42 Klar Lilla.


<><><> 
</>
</></></></><><><> </></></></>
Stolsetet hekla eg etter oppskrift på "Oldemorsruter". Så laga eg ei snor og tredde gjennom ytterste omg. Denne stramma eg godt til og knyta under setet. Det er derfor lett å ta av trekket og vaske det. Oppskrift på Oldemorsruter finn du her.

Ryggstøtta hekla eg rundt og rundt. Byrja med 28 luftmasker og hekla 1 stav i kvar luftaske på kvar side og så mange stavar eg fekk plass til i endane.


Her ser du korleis eg har tredd snora gjennom siste omgang og festa trekket.

Ingebjørg er veldig nøgd med rommet og me er nøgd med at me ikkje heiv ut noko som var fullt brukande.

Her i sør er det varmt, men sola vil ikkje fram. Eg har hatt besøk av niesene mine ei veke og det var slettes ikkje badever kvar dag. Då var det greit å finne på noko kjekt inne. Eg fann ein utruleg fin blogg med mange tips til kva ein kan lage med ungar. (Eg fann link på ein blogg eg følger. No finn eg ikkje innlegget igjen, så er det din, gi meg beskjed, så legg eg ut link!!) Materiala er enkle og ofte er det gjenbruk. Sjekk ut El hada de papel og bli inspirert!

Me laga to forskjellige motiv etter ide frå bloggen.

Eit bilete med fuglar: teikna opp stolpane med tusj først og så brukte me fingrane til å trykke på blomar. Etterpå brukte me ein tynn tusjpenn og fuglane fekk føter, auger og nebb.

Så laga med monsterbilete. La ein klatt med utvatna maling på arket og så blåste me det utover med eit sugerøyr. Etterpå måla me på kvite felt med kvit maling og tusjpenn til å teikne detaljar.

Det var utruleg kjekt å sjå at alle monstera fekk sin personlegdom. Fine?
Ha ein fin fin dag alle saman!

13 kommentarer:

Irene sa...

Så lurt...det der må me og prøva. Takk for godt tips :-))))

Lilleby sa...

Så kreativt og flott, blir veldi inspirert av bloggen her, og førr ei super sia du linka tell, tusen takk =)

Anonym sa...

De var kjempekule!!

Anonym sa...

Så fine bilder! Det fikk jeg lyst til å prøve selv... :) her går det i hekling av en kant rundt et fleecepledd, både for å reparere og for å sette et mer personlig preg.
Lene

Anonym sa...

Kjempe stilig =)

Siv Iren sa...

Utrolig søte!

Jordmor-Hanne sa...

Lurt å hekle nye trekk til stolen, det er jo overforbruk å kaste ting som egentlig kan brukes lenger. Veldig, veldig kule bilder :)

Sidsel Veierland sa...

stilige bilder - artig når ungene kan være med å lage kunsten selv....

Anonym sa...

Så flott :)

Monstermønster sa...

Jeg er vel forpliktet til å like monsterne (jmfr bloggnavnet) men det så utrolig moro ut!

therese sa...

Råkule monstre!

elhadadepapel.com sa...

They are incredible!! I like them more than ours!!!!!!!!!
Congratulations!

Linda sa...

Det fugle bildet var kjempe stilig :) Stolen ble tøff :)