fredag 8. juli 2011

Oppskrift på pøllepute -heilt på tampen

Eg har min siste dag før ferie i dag. Alltid hektisk dei siste vekene før ferie, men no er eg snart i mål med alt som sto på lista. Og så klabbar det seg til.. Innlegget var heilt ferdig og publisert og så forvant nesten heile innlegget på merkeleg vis.( HJÆLP! Har ein puls på 200..) Eg får berre gjere alt på nytt. (Og frå no av skal eg ta "back-up" på ALT..)

Eg lova oppskrift på Pølleputa eg hadde på verandaen min. Her er ho i sitt mikjø. Fr dei som vil ha fleire tips til uterommet kan dei sjå dette innlegget.
OPPSKRIFT PØLLEPUTE

Ca 170 gram 3-tråds Merinoull eller dobbelt 2-tråds Merinoull
Fyll: Til dømes ei avlagt babydyne, hovudpute eller ullkler?
Heklekrok 4mm
 
Start i enden: Erstatt 1.fm på kvar runde med 1 lm og avlutt kvar runde med å hekle 1 kjm i lm.

Hekle 5 lm saman til ein ring med 1 kjm.
1.runde: 8fm om ringen
2.runde: 2fm i kvar fm (= 16fm)
3.runde: *1 fm, 2fm i neste fm*. Gjenta frå * til* heile omg. (= 24 fm)
4.runde: *2 fm, 2fm i neste fm*. Gjenta frå * til* heile omg. (=32fm)
5.runde: *3 fm, 2fm i neste fm*. Gjenta frå * til* heile omg. (=40fm)

Hald fram med å hekle slik at det vert 1fm meir mellom aukingane for kvar runde (= 8 fm auka kvar runde) til enden har ein diameter på ca 17 cm. Dersom arbeidet ikkje vert ”flatt” heklar du ein runde utan auking innimellom.

Når enden har ønska storleik heklar du ein runde utan auking der du tar nedtak i bakarste maskeledd.

Side: Hald fram med å hekle vidare i stavar:
3lm (=1.st), 1 st i kvar fm/st. Avslutt med 1kjm i 3.lm.
Hekle til arbeidet målt frå siste runde på enden er ca 48 cm.
Hekle holrad på neste runde slik:
4lm (=1.st + 1lm), *hopp over 1 st, 1st i neste st, 1lm*. Gjenta *-* rundt. Avslutt med 1kjm i 3.lm.

Hekle videre 5 rundar med stavar.

Blondekant:
1.rad: Som holrad
2.rad: *3lm, 1fm i 1.lm, 1kjm i neste st*. Gjenta *-* til du er rundt.

Fest trådane og tvinn ei snor av td. 6 trådar. Træ denne i holrada.
Fyll puta med noko du har liggande, så er det berre å leggje seg ned og ta ein sommarkvil ;-)
Lykke til!
Eg har hekla mi pute i fargane 21 Bringebærrød, 75 Vårgrønn, 74 Gressgrønn, 42 Klar Lilla, 51 Lys blå og 31 Rosa.

Me har begynt å få inn bidrag i sommarutfordringa. Fristen går ikkje ut før 22. august. Sjå meir info her.


Og om nokon manglar garn har Nøstebarn framleis sal på utgåande garnfargar. Sjå her.


Eg har nøsta opp garn og har planlagt eit kjekt feriestrikketøy. Eg kan dessverre ikkje sei kva det er for det er ei gåve og må vere hemmeleg enn så lenge. Men det kjem bilete etter ferien. Eg skal på campingferie for første gong og er spent på om det vert tid til strikking? Kva har de mellom nevane i sommar?


Så ønsker eg dykk alle ein fortsatt fin sommar!
Håpar de har tid til å gjere mykje de har lyst til!

5 kommentarer:

Krisztina sa...

Fin pute!

Jeg strikker på 3 ting, kjekt å kunne veksle mellom dem. Teppe til Maia er enda ikke ferdig, men her er det ingen hastverk. Jeg strikker til sommerutfordringen, som ble litt mere arbeid, enn jeg hadde trodd. Men fin blir det i hvert fall! Ellers har jeg en nydelig kardigan, med hette på pinnene til meg selv i den nydelige gressgrønn fargen. Blir kjempefin, men krever både tålmodighet og konsentrasjon! Så jeg koser meg som bare det!

Må bare innrømme at hekling frister meg litt altså! Hehe!

Ha en fin ferie til deg!

Anonym sa...

Koselig pute ;)
Jeg holder på å strikke en kjole i restegarn med bommulsgarn i mange farger og håper at barnebarnet mitt blir glad for den ;)

God sommer til ale ;)
8.juni 2011

Elisabeth sa...

Jeg har siden pinse begnt på det som skulle være ferie-strikketøyet, men ble fort ferdig før jeg tenkte, så hittil har jeg strikket 2 rullegendere (som er med i sommerutfordringen), en tunika, et par madam møllers babysokker, 3/4 teppe med hullrad til NFI-prosjektet som jeg strikker på innimellom og en halv sparkebukse. Den regner jeg med å bli ferdig med i helgen, så i dag var jeg innom Nøstebarnbutikken (igjen) og kjøpte et hespe med bringebærrød 2 tråds garn som skal bli til selekjole eller kvardagskjole i løpet av ferien:) God sommer!

Ellen Marie sa...

Ja holder da på med konkurransegenseren da. I tillegg helårsjakken med en ny vri. Dobbel perlestrikk i silkealpakka. Ellers har jeg strikket en bleiebukse av en rest 2-tråds lanolingarn + 2 rosa nyanser i 3-tråds jeg fant på salg på butikken i Bergen (var så glad de hadde rosa igjen, og faktisk den gamle rosafargen også). Til snor; en rest 3-tråds lanolingarn flettet m litt rosa garn. Herlig å gå brukt opp restegarn! Strikket en hals også av det rosa 3-trådsgarnet ;-) går fort m 3-tråds!

Innestemmen sa...

Nydelige farger i den puta =)

Og takk for tips om den supre bloggen El hada de papel, en inspirasjonskilde!

Ha en fin dag
mvh Siv