mandag 17. januar 2011

Vinnar av konkurransen, rullegenser og ny konkurranse

Takk for alle bidrag i konkurransen. Det kom inn  105 forslag til nye garnfargar på kommentar og e-post. Nokre av forslaga har eg tenkt på, men mange var heilt nye. No er det altså slik at eg ikkje kan gå ut og sei kva fargar me kjem med til hausten for det er jo litt hemmeleg enn så lenge. Vinnaren som er trekt ut frå alle kommentarane er :

Solfrid Bjørkelid sa...
Jeg savner brun silkeull...


Gratulerer til deg, Solfrid! sender du meg di adresse på kathrine@nostebarn.no skal eg sende garnet til deg!

Det er slik at det er ein del ting me må ta hensyn til når me skal velje farge:
  • Silkeull er ofte gul i seg sjølv, så dersom me vel for lyse fargar kan dei sjå skitne ut.
  • Melert kan me ikkje få i 3-tråds fordi me ikkje sel stor nok mengde av 3-tråds i forhald til 2-tråds. Så anten må de legge 2-tråds dobbelt eller kjøpe meir av 3-tråds ;-)
  • Fargane skal harmonere med resten av kolleksjonen til Nøstebarn. Slik at ein til dømes kan strikke genser som passar ei kjøpt ribbukse.
  • Nokre fargar vil me ikkje ta inn fordi dei ikkje kan lage fargen uten bruk av tungmetall. (derfor har Nøstebarn "Breblå" og ikkje knall Turkis.)
  • Fleirfarga garn eller regnbogegarn har ikkje spinneriet maskinar til å lage.
  • Ser at mange ynskjer fleire fargar i Silkeull. Det skal me få, men me kan dessverre ikkje ha like mange som i Merinoull.
  • Og så til det punktet som kanskje verst: Skal nokre fargar inn, må andre ut. Dette på grunn av plass på lager og i butikkar. I det siste har me lurt oss litt unna dette fordi me har tatt fargar vekk frå 3-tråds, men latt den vere i 2-tråds. Det er forferdeleg vanskeleg å ta fargar ut. Me går ut frå salstatistikkane når me tar vekk fargar. Dei som sel dårleg kan me ikkje forsvare å ha.
Sidan det ikkje var nokon som sendte meg bilete denne veka tar eg med bilete av Rullegenser (oppskrift 1931 og Strikk til nøstebarn). Eg veit ikkje kor mange eg har strikka. Den er fin både som einsfarga og stripete, til gut og jente. Er veldig glad i tynne gensrar til ungane: Greie å ha inne, supre og ikkje klumpete under jakkar/dress og gode året rundt. Heilt enkel som eg liker det og akkurat nok dekor med knappeopninga i halsen.


Denne Rullegensaren er strikka av svigermor og er med striper i 6 omg i fargane 54 Jeansblå og 41 Syrin. Knappane er i perlemor og Mørk rosa. Takk til Ella som er modell.

Foto: Tove Breistein
Dette biletet er frå Strikk til nøstebarn og her er Rullegenseren strikka i striper med 2 omg eller 6 omg og nedst til venstre strikka i restegarn. Denne gensaren er strikka av niesa mi som fekk ein pose med restegarn tilsendt og beskjed om å strikke ein restegenser. Genseren er veldig fin i fargekombinasjonen og her ser ein klart kor fint det blir å ta inn den "sure fargen" som eg skreiv litt om i innlegget Om striper og fargar .
Så var det tid for NY KONKURRANSE:
Denne veka kan du vinne eit drøyt kilo med 3-tråds merinoull og her er bilete av garnpakken:

Spørsmålet eg gjerne vil ha svar på denne veka er:
Kva strikkar/syr/heklar du på no?
Post ein kommentar på dette innlegget og du er med i trekninga!

Så ynskjer eg alle ei fin veke!

216 kommentarer:

‹ Eldst   ‹Eldre   201 – 216 av 216
Magnhild sa...

Nå strikkar eg ein jakke til gutten min på 7 mnd, og leggvarmarar :)

Ninam sa...

Hekler en vest til mine nyfødte niese. :)

Retrobaby sa...

Altfor mye..;) En ribbegenser, et par babyvotter, en herregenser og en bleiebukse.

Thorunn sa...

Denne uken har jeg hatt ei pute på pinnene, og har begynt på et par sokker.

Frances sa...

Jeg strikker tovavotter og rullegenser etter nøstebarnoppskrift. Og så hekler jeg stropper til en kjole fra boka sikksakk.

. sa...

Her har jeg akkurat avsluttet en Odessalue i ull/alpakka, og leter nå etter et lite prosjekt som kanskje blir ferdig til terminen som er allerede neste uke :)

lilletrollunge sa...

Akkurat nå strikker jeg på nøstebarn dressen, marius genser, sokker, luer for å nevne noe. Trenger gode og varme klær til han små som er i barnehagen. Og nøstebarnboken er helt genial når man har bhg barn :)

Camilla:) sa...

Eg strikkar på ei omslagsjakke i kvitt og brunt, og ein rullegenser med blå og grønne stripar, begge deler sjølvsagt etter nøstebarnoppskrift:)

Tilla sa...

Jeg strikker babyundertrøye (1902). Stripete i mokka, lys oliven og mørk oliven! Har strikka to før, de er supre :)

Ull gleder sa...

Jeg strikker stripete rullegenser (som er nesten ferdig) så holder jeg også på med en ull bukse. itillegg så strikker jeg sitteunderlag som jeg skal tove. har veldig lyst å starte på hettgenser til voksen, men vet ikke helt om jeg tørr å starte på et så stort prosjekt...

Jannecke sa...

Jeg har ofte flere prosjekter på gang. Når jeg strikker på en ting, planlegger jeg neste. Nå strikker jeg et par selbuvotter, en lue og planlegger en fanakofte i grått til en liten svensk gutt. Moren hans ønsker seg en norsk strikkekofte til han. Jeg skal bruke oppskriften til nøstebarn og totrådet nøstebarngarn. Det blir sikkert mykt og godt til en liten karabat.

Siri Mette sa...

Hei!
Jeg strikker på en hvit pen genser til min lille frøken på 6 og raggsokk nr 2 til min sønn på 8 =)

Christina sa...

Hekler teppe i sekskanter.

Ragnhild sa...

Her er også UFO-begrepet dessverre også velkjent... På pinnene er blant annet raglangenser i orange med gule striper. Planlegger matchende votter. Ellers planlegges nytt nøstebarnteppe, trolig i silkeull.

Janicke Lekang sa...

Jeg holder på med en voksejakke. Min første av denne sorten ;-) Og har også ei ulltrøye i voksenstørrelse på pinnene et sted...

Anonym sa...

Strikker på ribbebukse i lilla og långis i tre farger =)

‹ Eldst ‹Eldre   201 – 216 av 216   Nyere› Nyest»