fredag 25. februar 2011

vanskeleg vøling

Fleire har spurt korleis ein vøler hol ved sida av trykknappar. Eg har tygd litt på den: Det er jo ikkje hol i trykknappars, slik at ein kan sy fast knappen igjen dersom stoffet er rakna inntil knappen. Trykknappar er ikkje lurt å ha på plagg som er laga av strikka stoff (som til dømes ullfrotte og ullunderkler). Trykknappane kan lage hol i stoffet og når ein drar i plagget for å opne knappane er det stor belastning på plagget. Likevel har Nøstebarn valgt å ha trykknappar. Rett og slett fordi det er så praktisk.

Det er jo fristande å anbefale å finne fram superlimet og ta ein lite klatt på baksida av knappen og feste til stoffet. Men det er jo som å banne i kjerka: Me limer ikkje i tekstil! Me syr. (Eg er også usikker på kor haldbart det hadde vore med lim..)

Eg har derfor funne fram ein Body i Ull/Silke og ein ullfrottepysj der eg har laga meg nokre store hol ved knappen.

Eg syr med kontrastfarge på tråd og stoff, men det finaste blir vel å sy med mest mogeleg lik farge som plagget.







Pysj: På vranga fant eg ut at det gjekk ut å sy mellom laga på knappen. Sydde derfor gjennom knappen og litt forbi knappen på kvar side.















På retta sydde eg i stoffet som var inni knappen og sydde saman holet, slik at det vart festa inntil knappen. Blei kanskje ikkje så fint, men det held og holet er sydd att.









På bodyen valde eg ei anna løysing for her var holet større og nesten alt festet rundt knappen var vekke: Eg klypte vekk knappen og litt av kanten. Bretta ein bit av eit ullstoff rundt kanten og sydde den på med forsting. Så då var det berre å sy i ny knapp. (Ein kan gjerne bruke eit bendelban eller anna band og.)



På den andre delen av bodyen må ein og skifte knappen for at den skal passe til den nye knappedelen. Der klyppte eg berre vekk sjølve knappen, la ein liten bit med ullstoff på baksida og sydde fast med forsting.




Og slik ser det ut på andre sida: ullbiten ligg berre under som ei forterking og ein kan nesten ikkje sjå det.








Og slik ser bodyen ut når knappae er kneppa igjen. Eg sydde for han, men her hadde det fungert godt med symaskin og.

Oppdrag utført!


Andre som har gjort det på andre måtar?




Ynskjer alle ei god helg og minner om at måndag er siste frist for å sende inn bidrag til ullvølkonkurransen!

7 kommentarer:

Veronica A. sa...

På lekedress har jeg gjort det på omtrent samme måte, på body har jeg bare klipt bort knappen og sydd sammen hullet uten å sette på ny knapp. En body fungerer helt fint med 2 knapper også :-)
God helg!

Elisabeth sa...

Jeg må inrømme at jeg har klipt av bodyene og brukt de som trøyer når det har blitt hull ved knappene..... Blir litt lettere... ;) Men på kjoler og bukser var dette en god løsning!
Takk for tips!

Unknown sa...

Jeg har nok valgt enkleste løsning - nemlig å bare bruke to av knappene. Men nå får jeg kanskje prøve meg på dette..

trineda sa...

Det blir finest når man tar alle knappene.
(Men jobben er kjedelig!)

Anonym sa...

Har faktisk ikke fått hull ved knappen (ennå), men på pysjene har jeg sydd forsterkningen som knappene sitter på fast til resten av pysjen med en søm (sydde på maskin) langs hele knappestolpen. Da blir de litt mer motstandsdyktige mot drag.

Lillis verden sa...

Jeg er nok blandt de som har nøyd meg med å ha to knapper i bruk.. Jeg får vel prøve og bli litt bedre på repareringen... God helg :)

ohelene sa...

Slurvar med knappevøling her ja. Knepper så lenge det går og ser holet bli større og større. :/