fredag 17. juni 2011

Gjenbrukstips til verandaen- Oppskrift på lyslykter

Som vestlending sit det i meg at ein skal nytte (og nyte) kvar stund til å vere ute i sommarver. I huset vårt har me ein veranda med tak i 2. etg. Denne har eg innreda med litt me hadde liggande, litt frå bruktbutikkar og ein del sjølvlaga. Det er blitt ein fargerik oase og den er mykje brukt: Ungane spelar spel (eller ds..) og teiknar og det er fint å sitje her utover kveldane. (Favorittaktiviteten min er vel kanskje snike seg vekk og å ta ein liten lur på varme sommardagar..)



Ein sleten gamal 4-setar som vart som ny med eit teppe over seg. Bordplata har eg trukke med voksduk og på veggen heng ein del som ungane og eg har laga og ein del minner (mellom anna mi gamle "klogge"/tresko. )
"Pølleputa" som ligg i sofaen kjem det oppskrift på snart.


På bordet står eit sinkfat fyl med stein og Norgesglas med stearinlys i. Dekoren er enkel; fløyelsband knytta rundt kanten.
Langs kanten av verandaen heng lyslykter eg har laga av syltetøyglas. Dei er dekorert med knappar og stålstreng. Sjå Brukt på nytt.

I ei korg ligg det pledd og jakkar dersom det vert kaldt. Ullfleecejakken er favoritt på kalde sommarkveldar.
Oppskrift på lyslykter

Og så til slutt oppskrift på hekla lyslykter. Dei er superraske å lage og vert veldig stemningsfulle med lys i.
Du treng: Syltetøysglas: oppskrifta er til 2 str: barnematglas (Syltetøyglas frå Noras Hjemmelagde)
2-tråds Merinoull i favorittfargar
Heklekrok 3,5 mm

Slik ser lyslykta ut under.

















Start nede: Hekle 28 (40) lm og set saman til ein ring med 1kjm i 1.lm.
1.rad: 5 lm (= 1.st + 2lm), 1 st i 2.lm frå nåla, 2lm, *hopp over 1 lm, 1 st i neste lm, 2 lm*. Gjenta *-*. Avslutt med 1. kjm i 3.lm/1.st. (= 14 (20) "hol")
2.rad: 5 lm (= 1.st + 2lm),  * 1 st i neste st, 2 lm*. Gjenta *-*. Avslutt med 1. kjm i 3.lm/1.st.
Gjenta rad 2 til du har 12 (9) holrader.
Siste rad: *3lm, 1kjm i neste st*. Gjenta *-*.
Slit av tråden, slik at du har ein ende til å sy med:
Sy tråklesting i nest siste rad, træ det på glaset, stram litt til og fest tråden.

Lykke til og god helg!

5 kommentarer:

hege sa...

FOR en koselig uteplass! Forstår godt at dere liker å være der;-))

Tusen takk for oppskrift på lysglass! Det skal jeg definitivt prøve.

Ha en deilig helg!

MarteS sa...

For en fantastisk uteplass!!! Skulle ønske jeg hadde overbygg slik at jeg også kunne lage en slik!! Skjønner godt dere trives der ja! :)

Go helg!!

Elin sa...

Så utrolig herlig!
Tusen takk for gode tips! De kommer godt med nå når jeg holder på å lage og dekorere min egen uteplass :)

anne lise sa...

Koselig uteplass. Og fine lykter. Nå må jeg prøve å finne fram heklekroken og prøve meg på slike fine lykter :)

OliveBlush sa...

Åh, så fine lyslykter! Sånne skal jeg lage, - flotte å gi bort også :-)
Tusen takk for oppskrift!